Žabljak i Montenegro - slett ikke så verst

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 07. mai 2017.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dersom du er norsk og glad i fjell, kan det jo unekteleg fortone seg litt bakvendt å dra utanlands, men sjølv om heime er best, er borte veldig bra :D

    20170507_123221.jpg

    Durmitor/Žabljak
    Nordvest i Montenegro, eller Ćerno Gore som det heiter lokalt (omsetjast til Svartfjell (som jo er lett å finne att i vårt namn på landet)), ligg Durmitor nasjonalpark og ved innfallsporten ligg staden Žabljak.

    20170507_104812.jpg

    Sidan eg er nerd måtte eg spørje om kva namnet på staden kjem av, altså Žabljak. Jo, det kjem av ordet žaba som betyr frosk. Om våren kvekker frosken livlig i området, fekk eg vite.

    Žabljak er truleg ein flott vintersportstad for her ligg snøen lenge all den tid staden ligg på over 1 400 m.o.h. I byrjinga av mai er våren kome eit godt stykke på veg, noko bileta nok viser.

    Tur til Čuravać
    Med berre to netter i Žabljak måtte ein vere litt selektiv på aktivitetane. Resepsjonisten tipsa om fleire ting og hennar råd vart følgd til punkt og prikke.

    Den første turen gjekk til eit lite utsiktspunkt oppe på vel 1 600 m.o.h. Parkeringa ligg ei lita mil fra bygda og turen opp er vel ikkje meir enn to-tre kilometer. Utsikten var upåklageleg! Turen var ganske lettgått :)

    20170507_101709.jpg

    Dette biletet er tatt nesten ved parkeringa, stien gjekk bort til den knausen som ligg rett ved tåkedottane.

    20170507_110841.jpg

    Dalbotna under regnbogen ligg på ca. 500 m.o.h., biletet er tatt frå ca. 1 600 m.o.h. Du bør ikkje vere for svimmel ute på kanten her!

    20170507_105153.jpg

    Paraplyen vart kjøpt i Žabljak, så dersom Hong Kong er utseld, kan dette vere eit alternativ.

    Etter å ha loffa rundt på utsiktspunktet, tenkte vi å køyre litt vidare, men det skulle vi ikkje ha gjort. Vegen var av det nerveprirrande slaget! Med andre ord: Ikkje køyr vidare etter at asfalten tar slutt. :eek:

    20170507_115446.jpg

    Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men på venstre side her var det ei omtrent 500 meter lang bratt skråning...:confused::eek:

    Ćerno jezero
    Like ved Žabljak ligg Svartsjøen, Ćerno jezero. Hit gjekk vår neste tur. Her kostar det 3€ for å komme inn i nasjonalparken og det koster 2€ for å parkere. Etter mitt syn er ikkje det nokon ublu pris, men litt uvant.

    20170507_123415.jpg

    For ein nordmann er kanskje ikkje Svartsjøen veldig spektakulær, men området rundt er fint og det er ein overkommeleg fottur. Du kjem langt på ein time.

    20170507_145426.jpg

    Litt motlys på biletet her, men slikt skjer når sola skin :D

    20170507_142545.jpg

    For meg som ikkje er så overvettes glad i folk var det litt nedtur å møte andre menneske på stien rundt vatnet, men eg overlevde. At ein av laushundane i området kom og ville bli klødd på magen fekk humøret mitt opp på topp :rolleyes::D

    20170507_145459.jpg

    Overnatting

    Soa hotell er eit glimrande val! Her har dei alt du treng: Triveleg vertskap, gode senger, greie rom, framifrå mat og alt til ein god pris. Eg betalte 400 kroner per natt (bestilt via Expedia). Det dyreste på menyen kosta 21€, då fekk du eitt kilo kjøt!

    20170507_165613.jpg

    Diverre rakk eg ikkje å ta bilete av hotellrommet før eg rota det til og middagen var så god at heller ikkje då jar det rom for fotografering. Desserten fekk eg så vidt foreviga før han vart borte som dogg for sola :rolleyes::p

    Vegen til Žabljak og på staden
    Enklaste måte er med bil. Då får du gjort og sett ting utan å ty til drosje og buss. Vegane og trafikkbiletet er stort sett greitt.

    20170507_145703.jpg

    Dei lokale meiner at det er lett å finne fram, men avkøyrsla til Čuravać var ikkje skilta. Frå hovudvegen var det ingen skilt, deretter skilting til diverse andre stader i området før det etter ei stund dukka opp 'handskrivne' skilt. GPS er ein fin ting.

    Konklusjon
    Žabljak er i høgste grad eit fint utgangspunkt for både korte og lange turar til fots i fin natur. Sesongen er frå mai til september, men lengst oppe ligg snøen til juni (type oppe på rundt 2 000 m.o.h.) sjølv om det kan vere mildt i lufta. Vi hadde vel rundt 15 grader.

    20170507_102041.jpg

    Her finst det turar som både får sveitten til å lage Amazonas-tvillingar rundt deg og turar som får deg til å bli litt smålunken på pannebrasken. Noko for alle. Slik sett kan du slå i hel både to og sju dagar her - alt ettersom :)

    Her har eg ikkje tatt med alt som vart gjort her i høgget, men det er mest for å få avslutta skrivinga av reisebrevet før det blir altfor seint for denne gamlingen :confused::)
     
    Last edited: 07. mai 2017
    mhsalv, Calling, Are and 17 others like this.
  2. Ursa

    Ursa Bonusnisse

    Innlegg:
    315
    Likes mottatt:
    1,416
    Bonuspoeng:
    93
    Wow see herlig ut. Montenegro blir vel det neste Kroatia på charterstigen? Hører om helsereiser til Montenegro, så det gleder jeg meg til å prøve ☺️
     
    Kristian liker dette
  3. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,357
    Likes mottatt:
    7,527
    Bonuspoeng:
    183
    Ser virkelig flott ut, skjønner at Montenegro er et reisemål som må settes opp på listen over fremtidige opplevelser :)
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Det er fint å kunne prøve begge deler, vil jeg tro :)

    Slike lister har en tendens til å bli lange, men er kjekke å ha på en regnværsdag :)
     
    Earl liker dette
  5. mariusbb

    mariusbb Senior Medlem

    Innlegg:
    561
    Likes mottatt:
    1,057
    Bonuspoeng:
    93
    Herlig! Skal til Montenegro siste 2 ukene av juli. Har såklart leiebil. Har du flere tips til hvor man bør dra?? :)
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Kotor og området rundt (Budva, Perast, Herzeg Novi) er veldig fint. Det kan vera folksomt der, spesielt i Kotor på dagar med tre-fire cruiseskip (i ein by med 5 000 innbyggjarar) (det var tre der på vår dag nummer to og det var no heilt i startgropa for turistsesongen). Utover det er Lovćen nasjonalpark og Ostrog-klosteret verdt å sveipa innom.

    Bil er brillefint! Ver merksam på at det er veeeeeldig mange politipatruljar ute langs vegane klare til å gi deg ei fartsbot. Elles er det stort sett greitt å finne parkeringsplassar (etter litt feilnavigering og slike ting som er standard på ukjende plassar).

    Det kjem kanskje eit reisebrev frå Kotor-området når eg får surra meg til, men det blir ikkje i dag :)
     
    Travellingalf liker dette
  7. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,680
    Likes mottatt:
    10,225
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for titten @Kristian - alltid kjekt med reisebrev og info fra ett for meg nytt og "eksotisk" reisemål!
     
    Kristian liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for hyggelige ord :) Ja, Balkan var nytt og eksotisk for meg òg før denne turen. Mykje fint her :)
     
    Travellingalf liker dette
  9. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,367
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for endå eit flott bidrag Kristian! Er litt på etterskudd endå, men skal nok fylle ut endå ei linje på ønskelista :)
     
    Travellingalf and Kristian like this.
  10. Are

    Are EBD - Eurobonusekspert? InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    13,335
    Likes mottatt:
    19,544
    Bonuspoeng:
    293
    Dette ser jo unektelig flott ut!
    Lista over nye land som må besøkes bare vokser..
    Man har ikke så mange sommerferier heller.. hrmf......
     
    Kristian liker dette

Del denne siden