3 mars 2020 kom me att etter 2 fantastiske veker i California og Nevada, der me hadde sett det beste og verste USA kan by på. Reiselysta etter å sjå meir av dette fasinerande landet var stor, og det var planlagt turar hit sjølv etter 12 mars. Men det som såg ut til å vera eit mellombels opphald i reising, drog seg langt ut, og sjølv om ein får sett mykje av det som er flott i Noreg, så har lysta vore stor, men ak så lenge det har vart.
Men no, no ser alt bra ut.
I går fekk heile familien tatt to tester i kvart sitt nasebor, og testene vart sendt til kvart sitt labratorie, for å sikre svar. Testene frå venstre side vart sendt til Fürst, mens testene frå høgre sida vart sendt til eit meir kreativt labratorie på Lillehammer, så det blir spanande om ein får lov å sende begge delene over dammen, eller at dette blir kun eit praktisk oppsett av eit reisebrev, eller om det blir litt meir kreativt.
Uansett, så er det i morgon det skjer, men me legg inn ei natt på OSL, då fruen ikkje har fått plass på same fly som oss ned til Køben, men me får sjå om me får lurt det til om me sjekker inn i kveld.
Dagens plan er å sjå om Tyskland slår Lillehammer i test resultat, og eventuelt reise inn til Oslo for hurtigtester, avlevere hunden til hundepassere, og så sjekke inn på OSL, om det går, og finne seg eit lite krypinn på OSL for natta.
Elles ser ruta slik ut:
Pizza på Jessheim
@Tore kvar er det best pizza?
OSL-CPH-IAD, to i biz to i plus, det blir vel samme mat, og medbrake tittebrett. Kanskje ein må ta med eigen sjampis og eigen dessert?
To netter i DC med museum, kanskje ein tur til Arlington/Virgina, Black Friday må vera bra på National Mall
Så er det ein liten togtur til NYC, og tre netter på Manhattan før det er ein i biz, to i plus og ein pers i Eco faktisk på retur med bolaget via ARN til OSL
Og litt musikk til dagen:
Vis alt...