Bali gjennom 8 flyreiser, 8 netter, åtteogtjue grader, med det Ottomanske flyselskapet

Tråd i 'Reisebrev' startet av ValdresBjarne, 07. okt 2022.

  1. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Endeleg, etter nesten 4 år med ei aktiv booking, som begynte med Taiwan, så Tokyo og no endeleg til Bali.
    Turen gjerast på trass, då Turkish, har endra i alle retninger og gjort ar Turkish ikkje vil ta oss frå og til IST.
    Men søk her og der har gjeve meg vinger!
    20221007_161118.jpg
    Og me er no på Gullstova, og venter på fyrste leg til BRU også skal Lufthansa ta oss videre til FRA, Der 15 åringen veit at ein kan få øl med foreldre når ein er 14 år og eldre.
    I morgon skal me gå i Alte Sachenhausen, sjå Main også er det 330 til IST, også venter 787 til Bali!
    Sa eg att det var i Biz? 4 stk reiser i Biz og EU biz!
    Bli med oss på tur!

    PS: Endeleg god kniv på Gullstova!
    20221007_160900.jpg

    Og dekorasjonen er som alltid fantastisk!
    20221007_160741.jpg
     
    AirMags, jtmath, ordnetseg and 34 others like this.
  2. Jeanette

    Jeanette Veteran

    Innlegg:
    2,380
    Likes mottatt:
    5,339
    Bonuspoeng:
    183
    Det gledes over reisebrev! Riktig god tur - og så håper jeg Bali faller i smak :D
     
    ValdresBjarne liker dette
  3. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    20221007_165014.jpg Siste oppdatering frå OSL!
    Forsinkelse til Brussel med Bolaget, så eg måtte gå på raudvinen

    Det var korkje Taco eller blandevatn til Americano her, som er faste familietradisjonar på fredag.

    Kan også meldast om at blautservietter ikkje fantes. Har eg stjole min siste?
     
  4. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,310
    Likes mottatt:
    33,885
    Bonuspoeng:
    293
    De har sluttet med våtservietter, forbedret bort. Riktig god tur! :)
     
  5. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,867
    Likes mottatt:
    64,765
    Bonuspoeng:
    293
    God tur! Jeg kom meg aldri til Bali i 2020, som jeg skulle. Så da får jeg følge dere her på IF som en trøst. :cool:

    Det var en langtlevende booking! Ny rekord? :p
     
    ValdresBjarne, Henrik and kjeeli like this.
  6. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Litt kaos i går, med manglande mannskap, ingen pushmelding/manglende nett og springe mot fly frå lounge på gate closing, samt veldig seint til BRU og springe til LH gate og komme seg på bussen til FRA!

    SAS hadde brukbar laks og IPA i Plus!
    20221007_181723.jpg 20221007_181411.jpg 20221007_181421.jpg

    Fint crew og avslappa tur til BRU. Men kva for fordømt tosk sett seg på 1E når det er 2 rekker ledig bak. Lot amatøren sitte der og gjekk på rad 3 med frøkna, som hadde for oss sjølve.

    Kjem sist på LH til FRA, og spør fint om å få vatn. Får beskjed att det finnes bak i flyet. Men barnefamilien fikk vatn før avgang når me satte oss på rad 2 og 3

    Sitt no på Senator på non-Schengen på FRA etter at maple stengte.
    Veldig behagelig og stille, men måtte krangle litt for å komme inn.

    Boardingkortet scanne OSL-BRU og ho klarte ikkje å lese, og ho vart litt streng når ho forklarte at det var kun ein gjest på senator, og me var to voksne og to born.
    Då vart dølen også litt streng og stram, og påpeikte at me alle var Star Alliance gold. Ho ga seg og vart litt meir hjelpsom.

    No venter 3 timer fremst I ein 330, 3 timer på IST og nesten 13 på høgre side av ein 787!
     
  7. tobeornot999

    tobeornot999 Flying high

    Innlegg:
    4,561
    Likes mottatt:
    9,143
    Bonuspoeng:
    183
    Bare i SAS. British Airways blokkerer fysisk 1E ;)
     
    Staralliance, Earl and ValdresBjarne like this.
  8. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Også med ein EBD og ein EBG då. Ungene satt bak med Block, er begge EBD etter tur til USA med SAS plus i betalte billetter og 4x kampanje
     
    EndreD liker dette
  9. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Då er me trygt ombord på A330 til IST
    20221008_180103.jpg

    Arvingen og eg har ein dobbeltseter og den feminine delen sitter foran
    20221008_182753.jpg
    Og me venter med Champis,
    20221008_182742.jpg

    Menyen på den kjappe turen er også grei
    20221008_183516.jpg
     
  10. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    8,014
    Likes mottatt:
    22,976
    Bonuspoeng:
    293
    Nydelig start, gleder meg til fortsettelsen. God tur!
     
    ValdresBjarne liker dette
  11. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Då prater me! Frå snaue 40000 feet, og 1 GB inkludert så er eg nøgd.
    Eg er stort sett nøgd hos SAS i biz, men på snaue tre timer så leverer TK!
    20221008_193841.jpg

    Junior fekk fyrst, og dei velta sukkerdrikka ved levering, så han fekk ny Turkish mezze.
    Eg måtte då få ei erstatning, men med tyrkisk vin og champis var eg nøgd.
    20221008_193838.jpg 20221008_193845.jpg
    Setet fungerer fint, men veldig lite plass til ting og tang, veldig mørkt der me kobler til. Elendig øretelefoner, og når eg kobla til mine Sonyx000 eit eller anna,så er det drapslyd i 125 desibel om det kjem ein beskjed, umogleg å få ned til akseptabelt nivå.
    Men duverda, fin start på TK biz!
     
    AirMags, Flyvende_mare, Liza and 27 others like this.
  12. paramberg

    paramberg Veteran

    Innlegg:
    3,053
    Likes mottatt:
    9,430
    Bonuspoeng:
    183
    God tur! Nyt :)
     
    ValdresBjarne liker dette
  13. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,828
    Likes mottatt:
    21,955
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
     
    ValdresBjarne liker dette
  14. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Oppsummering på flyving:
    Sas leverer sitt normale produkt, med ein stram pursher og god, nordisk produkt.

    LH leverer som normalt strålende på 40 min mellom BRU og FRA, og får trøkka i oss mat, drikke, frukt og sjokolade. Prøvde også kaffi, men var litt seint.

    Så til Turkish
    A330
    Supert på 3 timer, og generelt gode, gammeldagse godstoler, som er litt åpne.
    20221008_182753.jpg


    Flott crew, og leverer strålande på 3 timer. Sakner vassflaske!

    IST imponerte meg aldri når eg var der pre corona. Enorme avstander, bussgate og ekstra sikkerhetskontroll var gammaldags med ein så enorm flyplass.
    Loungen var og er flott, og me var strålende nøgde her små som store. Hadde ingen bilder, kjem på retur.
    Og avstandene var korta litt inn med mange rullebånd. Men effektiviteten og køkulturen var ikkje imponerende.


    Så 787.
    Var litt usikker på om stolen var stor nok til ein på 193 og 100 kg, og om det føltes trangt.
    20221009_013717.jpg

    Oppsummert så kan eg seie at det var på den trange sida, og at eg stanger litt i veggen ved 180 grader, men det er ok. Eg kan ligge på sida, og har litt rom for å manøvrere. Men det overrasker meg at dei ikkje har valgt ei bedre løysing. Sov godt i 6 timer, og er nøgd.
    20221009_013712.jpg
    Flyet var stappa fullt, inkludert biz, og det var tydelig at alle var ikkje IF-drevne på booking av sitt setet, og eg forbarma meg over ei overstressa mor som ikkje fekk sitte ved siden av sin 7-8 år gamle son, og bytta mitt vindausete(mot mittgang) og tok setet i midten ved siden av fruen. Då vart det ro i kabinen.
    IFE er fantastisk, og eg kobla til mine Sonyxx1000xxx og satte igang. Sørvis var litt treig og sovna før maten, men klarte å våkne
    20221009_120757.jpg
    20221009_120803.jpg
    20221009_040925.jpg

    Eg var mett etter loungen og 330, og trøtt, og tok ei veldig god suppe til forrett og grilla fisk til hovedrett, med Tattinger til. Generelt imponert over leveringa, veldig god kvalitet. Hoppa over desserten, for å sove.
    Ikkje imponert over vanntilgangen eller frukt. Frukta var ikkje spesielt moden.

    Våkner ca 3 timer før landing, og tid for frukost
    20221009_121115.jpg

    Fantastisk appelsinjuice, honeycomb og lokale meieriprodukter. Brukbar bakst, og mjuk og god eggerøre. Modne oster, og generelt imponerende etter 10 timer ombord.
    Alt i alt ein bra tur med god mat, litt trangt, men akseptabelt sete, og eg crew med gjennomført pluss.
    Heimatt er det 777 i 2-3-2, men no;

    Dette:
    20221010_082844.jpg
     

    Attached Files:

    Last edited: 10. okt 2022
    AirMags, jtmath, NorFlight and 29 others like this.
  15. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Siden det vart full stopp når eg kom til Bali, og ingen har hørt frå meg siden, så må eg vel avslutte mitt tidligere reisebrev før ein starter på nytt...

    Me ankom Bali sein ein oktoberkveld i 2022, og det var skikkeleg vær også for ein nordmann, og heldigvis venta vår eminente sexy-taxi, og me kunne ta turen fatt!

    https://photos.app.goo.gl/d9SNDyRn27aawApX8

    Turen gjekk gjennom regn, tordenvær og folk, dyr, sykler, våte turister og, og sa eg voldsomt md ly? Me fekk også stoppa for å få tak i simkort og litt anna, men turen tok 3 timer frå DPS til vår oase i Ubud

    https://photos.app.goo.gl/5ouxaDd3woLiJ6J89
     
    AirMags, Flymunda, Calling and 8 others like this.
  16. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Tejaprana og Ubud

    Me hadde booka Tejaprana, https://www.tejaprana.com/ under covid, og fekk ein pris på ca 2000 kr pr natt for leiligheit med to soverom og eiget basseng og frukost.

    Dette er litt over kva ein kan forvente å betale for tilsvarande hardware på andre plasser, men det er nok før ein tek med det som er rundt. Ein finn mykje rundt for ca 1000 kr pr natt og under, med eiget basseng, men du er ikkje tå på Tejaprana!
    Utsikt tejaprana.jpg

    Det var ikkje noko å sette fingeren på, og det var alltid bra bemanna og velholdt. Leiligheita var stor, flott og godt vedlikeholdt.
    seng.jpg
    Fellesområdene var alltid bra, og leverte jevn over utmerket. Middagsserveringa var vel litt overprisa, men det var enkelt og veldig bra for oss som kom direkte frå norske priser.
    basseng.jpg Frukt.jpg kakao.jpg

    Men eg kan jo no seie at me skal attende til Bali, men då koster plassen 6000 kr pr natt, og ikkje 6000 for 3 netter, og då finn me oss ein anna plass. Men absolutt verd det om ein har tenkt til å bruke mykje tid på plassen.
    Dei kjørte også halv pris på Spa, og då var det absolutt verd prisen!
    rismark.jpg sacret rice.jpg
     

    Attached Files:

    Kristian, AirMags, jtmath and 18 others like this.
  17. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Ut på tur:
    Etter å tatt fyrste dagen rolig på resorten, der bading, sein frukost, titte på frosker, gekkoer og elles dyrelivet, så vart det ein Grab til Ubud. Livlig by med herlig kaos, aktive selgere, mykje plastik og uhorveleg mykje lyshuda folk i shorts og fargede skjorter, men også fantastisk kultur og om ein titter litt bak dei travlaste gatene.
    Ein ser også ein stor hig etter å tekkes dei internasjonale turistene med å gjera ting meir vestleg, og stort sett alle plasser har "vestlege" retter og ting som er vestleg.
    kafe.jpg

    Når me backpacka asia, så var det iblant eg hadde lyst på litt vestleg mat, og eg skal innrømme at det vart ein hamburger også, men det var når magen var slått heilt ut og trengte litt øydelagt mat.
    Med unger så er det ganske greit å få, og ein får også stort sett lokale varianter. Men litt meir variasjon og spesialisering er alltid satt pris på.
     
    Last edited: 20. febr 2023
    Kristian, AirMags, NorFlight and 12 others like this.
  18. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Privat sjåfør til turistfellene:
    Sjølv om vår private sjåfør, Yoga, gjorde ein god jobb i sin "sexy" taxi, ein pimpa suzuki, så kjem ein ikkje utanom at dei er godt opplært til å køyre turistene rundt til standard-stadene. Det er hyggeleg å vitje sølvsmier, kaffeplantasjer og treskjærere, men det føles ufatteleg iscenesatt og tilpassa eit vestleg publikum.
    Men det er kjekt å reise rundt og sjå på kulturen, og etter å ha blitt kjent med sjåføren og kulturen, så får ein sjå det ekte bakom.
    Scooter.jpg temple.jpg
    Ein går i ein turistscene, men når ein helst vil sjå det ekte, så vil ein ikkje heilt akseptere det dei synes dei skal vise. Me er lommebøker på bein, og i og for seg er det greit, då Bali er særs godt prisa for ein nordmann.
    Neste gong skal me klare å finne verkeleg fram til det unike og ekte, og me klarte også det på denne turen. Men når ein bur på ein 5* resort med eiget basseng og alt ein kan draume på, så slapper me av og nyter det slik me får det servert.
    monkey.jpg rismark.jpg
     
    Kristian, AirMags, NorFlight and 14 others like this.
  19. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Vårt lille paradis

    Etter nokre dager i Ubud med godt med liv og intro til Bali, så hadde me booka oss to netter i Amed. Me tok turen fatt med kameraten til Yoda, vår "sexy"taxidriver, og fekk oss no ein litt anna Suzuxi. Denne var styla på samme måte, men var senka på ein måte som iallefall ikkje var den beste. Sjølv på småe humper ut frå Ubud slo det heilt til botn, og var ikkje veldig behageleg. Dette fortsette heile vegen mot Amed, og det bør seiast at dei siste 5 km gjekk i under 20 km, då det var ein elendig bil for vegen.

    Men turen opp til Amed gjekk gjennom Bali-terreng, med rismarker, raviner, juv, folk i alle varianter, litt Hinuistiske feiringer, tempel, mobile scooterkjøkken, dyr, og ikkje minst flott natur 20221012_151213.jpg

    Og er du som meg, og vil ha det litt meir avslappa, litt mindre folk, og fantastisk klart hav, så velg Amed!
    20221013_071134.jpg
    Me hadde booka på Aquamarine Beach villas til ca 1200 kr pr natt, som var med eiget basseng, og kun ein liten gåtur ned på stranda. På stranda var det særs flott og snorkle, og alt var supert.

    Rundt oss var det litt ulike restauranter i gang avstand, alt frå Italiensk(Altså, eg er tre-fire veker i Italia i året, så det kan eg klare med utan) og litt ulike Balinesiske Warung
    20221013_205634.jpg
    Frokosten på stedet var også ok!

    20221013_073055.jpg

    Vart også vitne til at ein sendte ut sine døde ut på havet
    20221013_135951.jpg
     
    Kristian, AirMags, Liza and 17 others like this.
  20. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,250
    Likes mottatt:
    9,366
    Bonuspoeng:
    183
    Etter eit fantastisk opphold i Amed, med gode priser, god mat, flott snorkling og gode dykk, einaste som var litt kjipt var att me hadde valgt altfor kort tid her, noko som også gjennspeglar seg i at me hadde valgt å være på Bali for kort tid...

    Men i higen etter å få med seg alt, så vart programmet tett, og me vart plukka opp av vår faste sjåfør, Yoga, og endeleg hadde med ein bil som takla litt dårleg veg, og suzukien var på veg gjennom øya.
    Utsikt.jpg
    Landskapet og været var flott, og det vart stopp på vegen for litt vanntempel og litt lokalt snacks, dvs lokale peanøtter.

    Og jammen vart det ikkje ein stopp på ein restaurant som hadde satt eit fly på stylter. Ein litt avdanka 737-400, som er satt som fokus på restauranten. Heilt grei mat, ok opplegg, men ikkje heilt overbevist. Men artig for unga!

    [​IMG]
    Også var me kommet fram, fram til havet?
    Junior møter havet.jpg
     
    Kristian, AirMags, Earl and 11 others like this.

Del denne siden