Det store kiwi-mysteriet – ein slags påskekrim (eller eit slags reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 21. mars 2016.

  1. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Det store kiwi-mysteriet – ein slags påskekrim

    Dette er forteljinga om ein triveleg kiwi, ein avgløymt kiwi og ein daud kiwi.
    – Ei historie i fjorten delar. Dette er fortalen.

    Handlinga er tilfeldigvis lagt til New Zealand.


    CIMG5140.JPG
    Rotorua, Nordøya (New Zealand)

    Lesardödaren I – ei slags åtvaring
    Denne forteljinga er eit reisebrev og har ingenting med flyreiser å gjere, men du kan lese om flyturen vår frå Noreg til New Zealand (heretter NZ) her:
    https://insideflyer.no/forums/threa...miklasse-til-new-zealand-via-singapore.4994//

    Håpar du på inngåande hotellanalyser, vil du bli skuffa.
    – Eg går i staden for minimalistisk stil på den fronten.

    Sjansen for at dette reisebrevet blir langt, er sterkt til stades.
    – Eit par bilete her og der er meint som hjelp til å skape ein pause i lesinga.

    Bruken av 'vi' er ikkje eit 'rojalt vi'. Så høg på pæra er eg ikkje, trass i oppvekst på beste vestkant i Stiftsstaden. 'Vi' er rett og slett to barndomskameratar som synst at å seie 'æ', 'mæ', dæ', 'sæ', 'læll', 'sjøh' er like sjølvsagt som å puste.

    Lesardödaren II – ein slags presentasjon av idéfasen
    Sjølv er eg busett i Finnmark og her, om du var i tvil, er vinteren lang. I fjor skifta eg til sommardekk rundt St. Hans!

    Mørketida er fin, men sol er òg fint. Difor fekk eg overtalt ein barndomskamerat om at 25 timar i fly er ein god idé, spesielt i slutten av januar. Den personlege motivasjonen for NZ-tur var at eg kunne stramme inn tranbudsjettet kraftig.

    Lesardödaren III – ein slags presentasjon av planleggingsfasen
    Med flybillettane i boks, starta arbeidet med å finne ut kva vi ville sjå. Vi hadde lyst til å sjå absolutt alt, men innsåg at to veker i NZ ikkje er nok til å få med seg rubbel og bit, i alle fall om søvn skulle inngå i opplegget.

    Til slutt landa vi på ein variant der vi skulle leige bil og køyre frå Auckland i nord til Dunedin i sør. Returen tok vi med nasen i sky, les med Air New Zealand. Vi la opp reiseruta og hadde all overnatting bestilt før avreise frå Noreg.

    I etterkant ser vi at vi kunne ha droppa å planleggje all overnattinga, spesielt i litt rurale strok, men det er kjekt med alt som er unnagjort. Direkte ille vart det no ikkje, det var vi skjønt einige om.

    CIMG5493.JPG
    Dette er trass alt eit forum for folk som flyg, så her eit flybilete frå Auckland lufthamn

    Første episode: Eit håp kreperer. Dette kan bli makabert!
     
    Last edited: 21. sept 2016
    AndersWE, geddi, mhsalv and 11 others like this.
  2. Kjakan

    Kjakan Let There Be Dragons!

    Innlegg:
    1,248
    Likes mottatt:
    965
    Bonuspoeng:
    113
    Dette kan bli spennende! Gleder meg til fortsettelsen @Kristian!
     
  3. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Episode 1 – "Håpet som døydde"
    – Ankomst Auckland

    Eit kvarter før midnatt krekte vi oss av flyet som hadde frakta oss til Auckland frå Singapore. Etter ti timar der var vi litt småstøle i skrottane og vi var mildt sagt overmodne for loppekassa.

    I Singapore hadde det vore rundt 30 varmegrader, i Auckland var det berre litt over 20 – ved midnatt... Vi håpte hardt på at hotellet hadde A/C, eller luftkondisjonering som eg likar å kalle det.

    Håpet om A/C vart ikkje mindre då vi oppdaga at heisen på hotellet var i ustand. Eg fekk sjølvsagt eit rom i fjerde etasje. Treng eg å nemne at kofferten min ikkje var fjørlett? Hallo, liksom!

    Då eg vakna neste morgon, var eg gjennomblaut. Nei, det var ikkje fordi ei snasen tøtte hadde kome på besøk i nattas mulm og mørke, men fordi fillehotellet ikkje hadde A/C. Vanlegvis har eg mellom 5 og 10 grader på soverommet. 25 grader er difor bittelitt utafor komfortsonen min.

    Heldigvis var det ikkje eg som hadde bestilt denne overnattinga, så eg klaga heftig til kompisen min – sjølvsagt.

    20160126_080018.jpg
    Ingen bilete frå innsida av hotellet, men her er 'bakgarden'

    Neste episode: Eit forsvinningsmysterium. Vil Sherlock Holmes løyse saka?
     
    Last edited: 21. sept 2016
    AndersWE, mhsalv, LineE and 11 others like this.
  4. MadsVaHa

    MadsVaHa Senior Medlem

    Innlegg:
    821
    Likes mottatt:
    899
    Bonuspoeng:
    93
    En veldig lovende start :) Ser fram i mot fortsettelsen.
     
    Kristian liker dette
  5. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Episode 2 – "Den mystiske forsvinningsnummeret"
    – Ein dag i Auckland
    Med tanke på at vi hadde ti timar i flysetet bak oss og at tidsforskjellen til Noreg var på frekke tolv timar, var energinivået litt smålabert. Likevel fann vi oss ting å gjere og sjå på. Tusling langs Queen street er obligatorisk. Nede ved sjøkanten er det det eit greitt tilbod av matplassar.

    Avstandane i Auckland er etter mi meining såpass korte at du kan gå til alt. Frå hotellet vårt brukte vi tjue minutt ned til sjøstripa. I motsett retning ligg Auckland museum, dit var det kanskje førti–femti minutt å gå frå sentrum.

    20160126_104218.jpg

    CIMG5096.JPG Utsikt frå Sky Tower over hamneområdet og bykjernen i Auckland

    Sky Tower gav eit fint overblikk over byen. Ikkje var det direkte overprisa der heller. I tillegg hadde dei is. For to heite (hihi) nordmenn var det heilt perfekt.

    Litt seinare på dagen traska vi opp til Auckland museum. Her kan ein lære om historia til landet, maoriane og tida etter at den kvite mann kom. Absolutt verd turen. Maoriane har litt same skjebne som dei fleste andre urfolk i verda, ein kamp prega av årelang undertrykking og ein langvarig kamp for å ta vare på sin eigen kultur og språk.

    CIMG5100.JPG

    CIMG5102.JPG Auckland museum sett frå utsida og innsida

    Frå Auckland museum tassa vi litt på måfå for å finne Mount Eden, ein utdøydd vulkan som gir grei utsikt utover byen. Måfånavigering førde til at vi ikkje valde kortaste veg, men pytt sann.

    CIMG5104.JPG
    Mount Eden, ein litt småslapp vulkan no for tida

    CIMG5097.JPG Ein av parkane i Auckland


    Samanlikna med Singapore eller London, er det vanskeleg å få storbykjensla i Auckland. Spør du meg, treng du ikkje å stikke innom NZs største by i det store og heile. Det er flust med andre plassar som er vel verdt å bruke meir tid på. Auckland framstår litt amerikansk i byggestilen, type som ein liten småby, trass i over ein million innbyggarar.

    Altså, det er heva over all tvil at eg skal tilbake til NZ, men neste gong kjem eg ikkje til å ta turen innom Auckland. Det som lokkar meir, er å reise ut til øyene nord av byen. Der skal det visstnok vere ganske så fint. Det er berre ein halvtime eller så med båt etter kva eg forstod.

    Neste episode: Ei blinklysarm yppar til strid. Dette kan bli stygt!
     
    Last edited: 21. sept 2016
  6. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Episode 3 – "Den frekke blinklysarma"
    – Frå Auckland til Rotorua via Hobsyssel (22 mil)
    Glinsande av sveitte og sånn passe døgnvill vakna eg kl. 0300 neste 'morgon'. Dette var dagen der vi skulle ta ut leigebilen vår, ein kvit liten japanar. Ikkje spør meg om bilmerke. Eg opererer med farge og 'min'/'ikkje min'. Meir presisering enn det, meiner eg er fullstendig bortkasta.

    Hos Avis fekk vi bil og var klare til å trille av garde med stil. Av ein eller annan grunn hamna eg bak rattet, så det vart så som så med elegansen. Grasiøst som ein vårkåt gnu hoppa vi ut av parkeringsgarasjen. Med ein utolmodig kar bak oss, girstong og ratt på feil side og ei passe trafikkert hovudgate i front skulle vi for alvor gjere vegane i NZ utrygge.

    Vi blinka oss ut på vegen med vindaugeviskarane og kom oss på eit vis heilberga til riktig veg – rett nok ikkje på første forsøk. Ja, blinklysarma er plassert der vi har den dingsen som vi vaskar frontruta med. Det var ganske forvirrande.

    Dagens etappe gjekk til ein liten by kjent for geotermisk aktivitet, Rotorua. Total avstand: 22 mil.

    På besøk hos småvokste folk
    16 mil sør for Auckland ligg ein plass som heiter Matamata. Området var kjent for mjølkeproduksjon. Eg skriv 'var', ikkje fordi eit jordskjelv har rasert det, men fordi no er området kjent for å ha vore éin av stadane der delar av filmane 'Hobbiten' og 'Ringenes herre' vart laga. Dei mest ivrige kan reise over heile NZ og sjå stader som vart brukt i filmane.

    20160127_142848.jpg

    20160127_142909.jpg
    Hobbiton, staden for alle som likar fortellingane om eit hårete folkeslag frå Hobsyssel

    I Matamata har dei bygd opp heile Hobsyssel slik vi kjenner det frå filmane til Peter Jackson. Hit til Hobbiton slepper du berre inn med ein guide, men du får mykje informasjon om filmane som folk vanlegvis ikkje har filla peiling på. Vi bestilte billettar på Internett og vi var einige om at dette var ein artig plass. Totalt tok omvisninga circa tre timar med busstur frå Matamata og ein stopp innom suvernirbua før retur. På alle måtar er detaljrikdomen på området imponerande.

    CIMG5112.JPG

    CIMG5118.JPG

    CIMG5129.JPG
    Mange hobbittheimar og ein del folk i eit fint område

    Etter å ha sett Hobbiton tok vi middag på ein middels grei italiensk restaurant i Matamata og freste i japanaren vår til dagens sluttdestinasjon, Rotorua.

    For den nyfikne: Vi budde på Astray Motel & Backpackers, Rotorua, ganske midt i byen. Trange rom, men ok pris, type 300 kr per natt, triveleg dansk eigar, no har ein triveleg lokal fyr tatt over drifta.

    Neste episode: Det rykande vatnet. Ei sak som stinkar!
     
    Last edited: 21. sept 2016
    AndersWE, geddi, Kjakan and 8 others like this.
  7. LineE

    LineE Medlem

    Innlegg:
    64
    Likes mottatt:
    87
    Bonuspoeng:
    18
    For et fantastisk konsept! Jeg gleder meg stort til å følge med på reisen! :D
     
    Kristian liker dette
  8. mhsalv

    mhsalv 242 and counting!

    Innlegg:
    124
    Likes mottatt:
    106
    Bonuspoeng:
    43
    Herlig påskelektyre! Keep 'em coming. Og alt blir bedre på nynorsk. Både reisebrev, plateanmeldelser og kommunale saksbehandlingspapirer. Vurderer seriøst å konvertere.

    Stå på! :D
     
    Kristian liker dette
  9. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Tusen takk :) Det kjem meir – mykje meir (unnskuld til alle som synst det blir for langt, for mange bilete og generelt for mykje). Takk til alle andre som overlever :)
     
    mhsalv liker dette
  10. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Episode 4 – "Stinkvatnet og eit uforgløymeleg møte"
    – Ein dag i Rotorua
    Neste morgon var det berre å åle seg ut av det vetle krypinnet eg hadde fått delt ut for natta. Det var så lite at du må ut derifrå for å skifte meining, men kva er ein ikkje villig til å godta berre fordi det er billig? Ganske mykje, tydelegvis. Nok ein gong tynte eg kameraten min for at han hadde funne ein sjaber overnattingsplass, men denne gongen var det kanskje min feil – noko eg sjølvsagt aldri vil innrømme offentleg.

    Eit møte med Fanden

    Å tasse rundt i Rotorua med omegn er litt som å vere på Island, bortsett frå at floraen er litt annleis. Det ryk overalt og svovellukta er allstadsnærverande. Sjølve Rotorua er ikkje så spennande, så vi kom opp med ein stinkande idé: Geotermisk aktivitet må studerast! Ikkje langt utafor Rotorua ligg Waimangu-dalen. Ryk og reis, tenkte vi.

    CIMG5149.JPG

    CIMG5151.JPG
    Waimangu valley, rykande festleg

    I nærleiken av Waimangu ligg eit anna geotermisk område, Waiotapu. Uttale av namn i NZ er ikkje sjeldan tungevrengjande. I Waiotapu fann vi heimplassen til ein gammal kjenning og eit lite intimproblem vart avdekt.

    CIMG5175.JPG
    Djevelheimen

    20160128_151521.jpg
    "Bad urin day"

    CIMG5177.JPG
    Fleire spor etter mannen med ljåen

    CIMG5184.JPG Dersom skalldyrmiddagen din luktar svovel, ta ein Grandiosa

    Kvelden då fordommane døydde

    Rotorua er ikkje berre eit område der jordas indre krefter kjem til syne. Dette er òg maoriland. Då vi var innom turistinformasjonen i byen vart vi overrumpla med eit tilbod om å få bli kjent med maorikulturen, presentert av ein lokal maoristamme. Det første eg tenkte var folklore-show av verste art, type superkleint og massivt souvernirsal. Litt tvilande takka vi ja og lurte på kva pokker vi kunne forvente. Dei stygge mistankane mine vart kraftig gjort til skamme.

    CIMG5198.JPG
    Ein kveld hos maoriar i utkanten av Rotorua

    Kvelden starta med at vi vart hente av ein tilårskomen maori-kar med bussertifikat. Dersom du likar småtørr britiskaktig humor, så er dette midt i blinken. Han spøkte og holdt gjøn med oss heile vegen opp til maorilandsbyen som er etablert i utkanten av Rotorua.

    Det var ikkje berre spøk og moro. Han fortalte òg om si eiga fortid og generelt om historia til maoriane – alt krydra med humor og småstikk til australarar. Her skal eg ikkje gå i detaljar, men det var ein fantastisk kveld der vi vart gjort kjent med tradisjonelt handtverk, fritidssyslar, sang og kultur – på interaktivt vis.

    Det heile vart avslutta med eit vanvittig godt måltid før det vart allsang på bussen tilbake til utgangspunktet inne i Rotorua sentrum. Sjåføren vår, Dennis the menace, var sprut gæren og tok ein tre–fire rundar i fleire av rundkøyringane, heile tida medan vi alle sang. La meg få leggje til: Stemninga var ikkje klein, heilt seriøst!

    Heile kvelden kosta vel rundt ein tusenlapp, men faderullan, det var verdt kvar krone!

    CIMG5142.JPG
    Rotorua, Nordøya

    Neste episode: Eit sjølvlysande mysterium. Tar kriminalinspektør Foyle saka?
     
    AndersWE, MadsVaHa, LineE and 9 others like this.
  11. Earl

    Earl Aktivt Medlem

    Innlegg:
    340
    Likes mottatt:
    227
    Bonuspoeng:
    43
    Virker som en flott tur så langt. Hobbiton ser like imponerende ut som i filmene, må ha vært kult å oppleve.
    Videre så er jo en bussjåfør med tørr britisk humor en opplevelse i seg selv :)
    Veldig kult å følge dere på tur så langt, ser fram til mer!
     
    watchaddicted and Kristian like this.
  12. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Takk, så bra at det fell i smak :)

    Takk, meir kjem plötzlich :)
     
  13. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Episode 5 – "Mystikk og mørke gjerningar"
    – Waitamo-grottene og Taumarunui (26 mil)
    Etter frukost neste morgon hadde vi eit stemnemøte med ein liten, kvit japanar. Dersom du no tenkjer koffert, ønskjer eg god betring.

    På veg ut av Rotorua blinka vi med vindaugeviskarane og vaska rutene med blinklysarma fleire gongar. Konge!

    Dagens etappe gjekk via grottene i Waitamo til ein gard ved Taumarunui, ein avstand på omtrent 26 mil.

    CIMG5222.JPG

    CIMG5135.JPG
    Vegane i NZ er stort sett oversiktlege og ikkje spesielt trafikkerte

    Under jorda

    Størsteparten av føremiddagen brukte vi til å farte under jordoverflata i Waitamo-grottene. Her kan ein vere med på ulike opplevingar under bakken der ein får sjå sjølvlysande insektslarvar i Waitamo glow worm caves under kyndig guiding. Det er fleire selskap som driv på med dette, men vi valde The Black Water Rafting Company.

    For ein tusenlapp fekk vi ei omvisning ned til 65 meter under bakken. Vår oppleving inkluderte at vi vart gjennomblaute, men i våtdrakt hadde det ikkje noko å seie. Vi fekk delt ut ein badering som vi skulle sitje i medan vi segla nedover den underjordiske elva. Det var ei ganske fin oppleving. Som vanleg er lokalfolket spøkefulle og det var god stemning heile vegen.

    Til slutt fekk vi ordre om å slå av lyktene og guidene våre sa: 'Well, I like to play games. We're now gonna play the game "Who can find the way out first?". Good luck, and keep those lights off!' Mørket senka seg, men i taket hang det på tusenvis av sjølvlysande larvar og det var herleg å leggje seg på rygg i baderingen og la seg bli leia av elvestraumen inne i grotta.

    Frå denne opplevinga har eg ingen bilete, då selskapet skulle ha ein ganske ublu sum for bileta som dei tok. Likevel var opplevinga fin og vil anbefale henne til alle som ikkje har überheftig klaustrofofi.

    CIMG5134.JPG Langs vegane ser du deg garantert mett på krøtter og sauar

    Saueparadis

    Vel ute av grottene myste vi kraftig mot den steikande sola. Vi følte oss som troll og lurte på om vi kom til å sprekke. Vel, det skulle skje, men først til kvelden då vi fekk ein heidundrande god middag.

    Natta skulle vi tilbringe på ein gard, såkalla 'farmstay'. I NZ er det flust av denne varianten og dei fleste tilbyr middag på kvelden og frukost i tillegg til ei seng i ein del av hovudhuset eller liknande. Vi skulle til Fernley-garden.

    CIMG5200.JPG

    20160129_173652.jpg
    Utsikten over Fernley gard og området rundt ved Taumarunui. Ganske fint

    Etter lønsj og is kom vi fram til staden der vi skulle bu for natta og vart teke i mot av vertskapet, eit ektepar på rundt 70 år. Carolyn var vertinne og ein varmare velkomst skal du leite lenge etter. For min del var det som å kome heim. Melvin var gardbrukaren og har ansvaret for 2 000 sauar og 200 krøtter. Dei fortalte oss villig om området og gardsdrifta, men dei gav oss fint med 'åleinetid' òg, slik at dei var aldri påtrengande.

    20160129_175208.jpg
    Sauebeitingslandskap i Taumarunui, Nordøya

    Kameraten min synst det var for varmt til å gjere så mykje, det var nesten 30 varmegrader denne dagen i skuggen. Eg, derimot, var så nyfiken at eg ikkje greidde å la vere å utforske gardsområdet litt. Beiteområdet til dyra låg i eit område med haugar og bakkar og eg tenkte at ein tur opp på toppen av desse graskledde åsane måtte vere perfekt for litt utsikt. Som tenkt, så gjort.

    CIMG5211.JPG
    Rett frå mørketid i Finnmark til dette er litt av ein overgang


    Til middag fekk vi servert herleg lam med potet og saus og dessert. Du store kineser, det var sjukt godt! Og her er må det føyast til at alternativet til middag på garden var å køyre ein halvtimes tid for å finne seg eit middels gatekjøken. No er ikkje eg vanskeleg i matvegen, alt går jo i grisen, men det var ikkje feil å få heimelaga gardsmat.

    Vi var ikkje dei einaste gjestane på garden denne dagen. Det var òg eit triveleg par frå England der. Dei var òg litt oppe i åra, men det vart aldri pinleg stille. På kvelden ville Melvin og Carolyn, vertskapet, vise oss dei lokale sjølvlysande ormane. Det var litt av ei oppleving. I motsetning til i grottene, kunne vi her komme så nært at vi kunne ta på dei små insekta. Med så mange inntrykk på éin dag, sov vi godt om natta.

    20160129_175717.jpg
    Det var slektningen til ein av desse vi gumla i oss til middag. Velsmakande!

    For den nyfikne: Vi budde på Fernley farm bed and breakfast i utkanten av Taumarunui. Ein herleg stad til ein fornuftig penge. Vi betalte vel ein tusenlapp for to personar, inkludert maten.

    Neste episode: Det går kaldt nedover ryggen. Ein ekte gysare!
     
    Last edited: 21. sept 2016
    AndersWE, LineE, mhsalv and 4 others like this.
  14. Henrik

    Henrik Hellas-sympatisør

    Innlegg:
    666
    Likes mottatt:
    1,477
    Bonuspoeng:
    93
    Dette er skikkelig, skikkelig bra! Gleder meg til resten!

    Kudos for å holde så godt tempo gjennom rapporten også, og poste så jevnlig -- dette er helt nydelig påskelektyre!
     
    Kristian liker dette
  15. helged

    helged Sølvrev

    Innlegg:
    169
    Likes mottatt:
    86
    Bonuspoeng:
    28
    Haha, kjenner meg igjen. Dette var uten tvil det mest utfordrende med å kjøre på NZ, tett etterfulgt av deres unike høyreregel (hvis de fortsatt har den).
     
    Kristian liker dette
  16. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for at du held ut med alle bileta og bokstavane i meir eller mindre tilfeldig rekkjefølgje :)

    Faktisk usikker kva du sikter til, så anten er regelen fjerna, elles er det berre flaks at vi ikkje vart taua av onkel politi :)
     
  17. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Episode 6 – "Å få passet sitt påskrive"
    – Via 'The forgotten world highway' til Wellington (48 mil)
    Carolyn stelte i stand frukost til oss og Melvin kom med råd om køyrerute vidare. Vi valde 'The forgotten world highway', ein turistveg som tek deg over mange 'fjellpass' og tvinger deg til å vri på rattet meir enn kva du gjer om du skal gjennom førti rundkøyringar på ti meter.

    Vi kasta oss over den kvite japanaren vår og la i veg. Turen gjekk frå Fernley gard via Whangamomona og Stratford til Wellington, hovudstaden i NZ, ein distanse på småfrekke 48 mil. Og nei, det er ikkje engelske eller amerikanske mil, ei heller nautiske mil. Vi kunne ha køyrd hovudvegen rett til Wellington som berre er på 34 mil, men denne gongen vart det ikkje slik.

    CIMG5212.JPG
    Eit eksempel på landskapet langs 'The forgotten world highway'

    Whangamomona

    Langs turistvegen 'The forgotten world highway' ligg ein såkalla utbrytarrepublikk med namn Whangamomona. Innbyggarane erklærer bygda for sjølvstendig stat ein gong i året og gjennomfører ordførarval. Vanlegvis er det ei geit som får det ærefulle heidersvervet der å skulle styre 'landet' fram til neste val.

    CIMG5225.JPG
    Whangamomona, eit litt rart bileteutsnitt, men slik såg det ut der

    20160321_155104.jpg
    Inne på hotellet (sjå biletet over) kan du få eit fint stempel i passet

    NZs hovudstad

    Fordi vi valde turistvegen, kom vi ikkje fram til Wellington før nærmare klokka sju på kvelden. Det var ikkje heilt etter planen, men slik vart det no. Etter å ha køyrd ferdig 'The forgotten world highway', stoppa vi på svært få plassar slik at vi kom fram til Wellington medan det framleis var lyst.

    Då vi kom fram til hovudstaden opplevde vi noko vi ikkje hadde kjent på veldig lenge: Vi fraus! Det var rett og slett iskaldt. Temperaturen var på friske 15 grader. Stilongsen fekk kvile, men jakka vart plukka fram frå botna av kofferten.

    Heldigvis kunne vi varme oss på god mat frå ein gatemarknad i byen og elles nyte livet.

    20160131_071429.jpg
    Utsikt over Wellington frå overnattingsplassen vår

    For den nyfikne: Vi overnatta på Te Puni Village, ein del av universitetsområdet. Rommet var strøkent og frukost var inkludert. Heile stasen kosta rundt 500 kroner per snute, men låg litt oppi åssida.

    Neste episode: Krig og eit møte med kong Neptun. Er det duka for eit sjøslag?
     
    Last edited: 24. mars 2016
    AndersWE, LineE, Kjakan and 2 others like this.
  18. Earl

    Earl Aktivt Medlem

    Innlegg:
    340
    Likes mottatt:
    227
    Bonuspoeng:
    43
    Keep up the good work :) Fortsatt veldig gøy å følge dere på tur!
    Bør vel være litt forsiktig med det stempelet i passet, etter å ha vært i denne utbryterrepublikken kanskje du får problemer ved neste innreise til New Zealand;).... ser på tv at grensevakten i Australia er ganske så strenge i hvert fall så kanskje Kiwiene også er strenge på slikt ;)
     
    Kristian liker dette
  19. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Takk-takk :) Faktisk er eg mest uroleg for kva amerikansk grensekontroll kjem til å seie om det stempelet når eg skal over dammen neste gong. :confused:
     
  20. Kristian

    Kristian Bonus-jypling

    Innlegg:
    277
    Likes mottatt:
    566
    Bonuspoeng:
    93
    Episode 7 – "Krigersk stemning"
    – Frå Wellington til Blenheim (4 mil)
    Neste dag var det godt og varmt i vêret igjen. Føremiddagen skulle vi bruke i Wellington før vi hadde plassbillett på ferja over Cook-sundet som ligg mellom Nordøya og Sørøya, ein ferjetur på omtrent fire timar. Før den tid fekk vi med oss ein annan gatemarknad nede i hamneområdet og ein tur på Te Papa Tongarewa, eit museum som viser historia til NZ.

    CIMG5237.JPG
    CIMG5241.JPG
    Wellington sett frå sjøkanten ein sommardag i slutten av januar

    Krig og fred

    Fleire museum i NZ fokuserer på 1. verdskrigen. Det er slett ikkje slik at 2. verdskrigen er gløymt, men det kan sjå ut til at krigen i perioden 1914–1918 er viktigare i NZs historie enn krigen i perioden 1939–1945. På Te Papa Tongarewa i Wellington hadde dei ei utstilling som tok føre seg NZs innsats i slaget ved Gallipoli.

    Målet med militæroperasjonen i Gallipoli for vestmaktene var å erobre Istanbul (då Konstantinopel) og slik tvinge Tyrkia (då Det osmanske riket) i kne og slik sett ha eit betre utgangspunkt for å stagge Tyskland (overforenkla forklart).

    I starten av utstillinga vart vi gjennom tekst, bilete og store figurar kjent med fleire soldatar og offiserar. Såpass godt kjent vart vi med dei, at tårane tvinga seg fram i augekroken etter kvart som vi fann ut at dei døydde i slaget, nokre av sjukdom, andre av skot eller granatar. NZ mista nesten 2 800 soldatar i slaget, 4 900 vart såra. Totalt omkom rundt 130 000 personar frå begge sider i slaget ved Gallipoli.

    CIMG5246.JPG
    Te Papa Tongarewa, frå utstillinga "Gallipoli: The scale of our war"


    Utstillinga står til april 2018 og er etter mi meining vel verdt å få med seg om du er i NZ, spesielt om historieinteressa er der. I tillegg er no eg av den lettrørte typen.

    Ferjetur

    Vi burde nok ha hatt meir tid i Wellington. Vi burde nok ha hatt meir tid i NZ. Etter ein lett lønsj, vart det båttur. No skulle vi leggje Nordøya bak oss og segle Sørøya i møte.

    Det er to ferjeselskap som trafikkerer strekninga Wellington–Picton (dette er den einaste ferjestrekninga mellom Nordøya og Sørøya), det eine selskapet heiter Bluebridge, det andre Interislander. Du får 50 kroner i bot dersom du ikkje finn ut kva for selskap vi valde!

    20160131_141206.jpg
    20160131_180342.jpg
    Ferjetur over Cook-sundet frå Wellington til Picton, mesteparten innaskjers

    Som den observante lesar har oppdaga gav vi oss i kast med kong Neptuns heimland godt ivaretatt av Interislander. Prismessig var det ikkje store forskjellen då vi bestilte, så valet vart bestemt av avgangstida. Sidan eg hadde ansvaret for å hoste opp bestillinga, fyrte eg av 45 NZD for ein premiumbillett. Dette inkluderte varmmat og drikke i ein eigen lounge om bord. Den største nedturen med loungen var den labre utsikten, men maten og drikken var veldig god. Ute på dekk var det ikkje vondt å bruke gluggene, akkurat. Landskapet på veg inn til Picton var nokså fotogent.

    CIMG5254.JPG
    CIMG5255.JPG
    Utsikten frå dekk. Vi klaga ikkje på vêret, ei heller på utsikten

    Etter landkjenning var det ein knapp halvtime å køyre frå Picton til motellet vårt i Blenheim. Sidan eg hadde ete meg halvt forderva på ferja, var eg ikkje middagssvolten. Det var jo "Et så mykje du vil"-buffét inkludert i ferjeprisen! Likevel måtte vi jo ein tur ut 'på sta'n'.

    Blenheim er ikkje store plassen og for vår del var det ein praktisk plass å overnatte slik at turen sørover til Christchurch skulle ta så innmari lang tid. 31 mil bak rattet pluss fire timar på ferje på éin og same dag hadde nok vorte litt i overkant mykje. Blenheim, derimot, ligg omtrent tre mil unna ferjeleiet i Picton.

    CIMG5260.JPG
    CIMG5257.JPG
    Blenheim, Sørøya

    For den nyfikne: Vi overnatta på 171 On High Motel til ein knapp tusenlapp for to personar. Vel verdt ein stopp.

    Neste episode: Eit meierikomplott. Står løysinga på mjølkekartongen?


     

Del denne siden