Ei pandemisk sommarreise VDS--TOS--BGO--TRD

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 26. juni 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    St. Hansaften er nyss lagt bak oss. Sommaren har kome til Aust-Finnmark. Likevel går turen sørover for å oppsøkja stabile tosifra temperaturar og ikkje minst sleppa unna smittebølgja i bygda (sju aktive flaggermuspestarar).

    20210623_124731.jpg
     
    RoadKing, ArthurDent, EndreD and 9 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Pakking
    Vanlegvis brukar eg dei siste to timane før flyavgang til stresspakking. I dag var eg kjempeflink og var i gang med panisk pakkeplanlegging allereie fire timar før avreise. Pandionkatten ønskte å bli handbagasje:
    20210626_092512.jpg
     
    RoadKing, ArthurDent, EndreD and 10 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Innsjekking VDS
    Etter ein køyretur på knappe ti minutt var eg på flyplassen. Denne gongen måtte eg avlevera etternamn for å få ombordstigningskort. Skammeleg! Pandemien har vart for lenge og eg har flyge for lite! Skammeleg, sa eg! Innsjekkinga tok tjuetre sekund, inkludert skifte av papirrull i bagasjemerkemaskina. Det er til å leva med!
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Security VDS
    Det tok vel drygt fem minutt å koma seg gjennom sikkerheitskontrollen. Nei, det var ikkje på grunn av at det var kø. Eg var jo einaste person der, så eg fekk jabba litt skit med kontrolløren. Då går jo minutta fort.
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Lounge VDS
    Kiby internasjonale lufthamn er utstyrt med eit leikerom. Det er nok det nærmaste denne lufthamna kjem ein lounge. Her er det rom for litt fysisk aktivitet:
    20210626_121633.jpg
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ombordstigning VDS
    Med atten passasjerar vart ombordstigninga effektiv. Ute på stripa var det det nesten rom for å gå til feil fly:
    20210626_121946.jpg
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    WF973: VDS--TOS
    Rutetida frå Kiby internasjonale lufthamn til Langnes lufthamn er på 1 time og 10 minutt. Vel ombord kunngjorde kapteinen at flytida (som jo vanlegvis er kortare enn rutetida) i dag er på 1 time og 15 minutt.

    Med førti minutt transitttid på TOS var eg ikkje spesielt uroleg. Kapteinen lova å gassa på det han kunne for å landa nærmast mogleg planlagt landingstid. Tru kva han var stressa for?

    Etter sikkerheitsdemonstrasjonen lente eg meg godt til rette og byrja å fantasera om andesteik, sjokoladefoundant og edle bobledroper.

    Det skulle visa seg at den einaste serveringa Widerøes flyveselskap baud på i dag var det sikkelet som matfantasiane mine framkalte. Munnbindet vart fuktig... Ikkje ein gong våtserviettar er noko WF byr på, i motsetnad til DY og SK.

    Avstiging frå WF973 skjedde på ryddig vis, rad for rad, frå framst i flyet og bakover. Inga servering av Widerøes vetle sjokoladebit denne gongen heller. Eg slurpa i meg sikkelet frå matfantaseringa og tok farvel med flyvertinna.

    Screenshot_20210626-135315.png
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    TOS: Transitt
    Om kaffi- og snopautomaten på VDS var koronastengt eller ikkje, sjå det fekk eg ikkje ned meg. Ergo rumla det litt i magen då eg landa på Langnes.

    Vel inne i terminalbygget på TOS kasta eg nokre feriesløve blikk rundt meg og kunne slå fast at her var det andre bollar -- på så mange vis.

    SAS-loungen (les: bollebua) var sjølvsagt stengt. Er det nokon som anar når (eller om) SK vurderer å opna for servering ute i distrikta igjen? Ergo måtte eg menga meg med bermen før eg gjekk ombord i neste fly.

    På TOS var det relativt roleg og berre Upper Crust og Riatazza samt Point var opne. Rett nok er det svært få avgangar på laurdagar, så O'learys har vel ikkje eit stort nok kundegrunnlag for å halda ope.

    20210626_135627.jpg
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    TOS: Ombordstigning
    Bakre halvdel, altså frå rad 13 og bakover, av flyet vart sendt ombord først. Eg skulle til 1D. Ombordstigning starta 20 minutt før rutemessig avgangstid!

    20210626_134930.jpg
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    WF625: TOS--BGO
    Ei nesten smekkfull balje med E190-E2. Der eg med Dash8-100 hadde ein tosetar for meg sjølv må eg no dela med eit anna menneske.

    Kapteinen lovar flytid til Flesland på 1 time og 25 minutt. Dette blir vel andre gong eg flyg WFs E190-fly. Det er framleis ei kjensle av å sitja i noko nytt.

    Screenshot_20210626-140611.png
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    I nevane på kabinsjefen er det ingen tekniske duppedingsar i dag, men ei laste- og passasjerliste i godt gamaldags papirformat. Det blir mumla om 96 passasjerar. Den andre flyvertinna har eit nettbrett i nevane -- i tillegg til papirarbeid. Er WF i skjeringspunktet mellom papirtida og den digitale tidsalder?

    20210626_140732.jpg
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Sørvisen ombord blir vel så som så. Heldigvis har eg ei gripande bok i nevane, så flyturen skal vel gå sin skeive gang. Eg gler meg til matserveringa kjem tilbake. Er det nokon som veit når det skjer?

    20210626_141930.jpg
     
    OttoL, RoadKing, Sonictravel and 8 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit historisk sidesprang
    Boka som du ser bilete av i førre post er interessant lesestoff. Her er nokre utdrag frå boka som seier litt om særleg Pasvikdalen i Sør-Varanger kommune, i Aust-Finnmark:

    1814:
    Det finst ingen avtale mellom Norgeg og Det russiske imperiet om kven som har overherredømme over det enorme landområdet mellom Varanger og Kvitsjøen.

    1826:
    Pasvikdalen blir norsk etter ein grenseovereinskomst mellom Sverige-Norge og Det russiske imperiet.
    Finnmarks skoledirektør, 1923:
    Bureisingsleiaren i Pasvikdalen, 1930:
    Det vart retta ein åtvarande peikefinger mot 'norsk unnfallenhet' ved koloniseringa av Pasvikdalen:
    I grenseland:
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Flyturen gjekk føre seg utan dramatikk bortsett frå at kabinsjefen bad meg halda på mobiltelefonen då vi gjekk inn for landing. Det viste seg at det var enden på setebeltereima ho trudde var ein telefon. Eg vart jo ganske forvirra all den tid eg var brennsikker på at mobilen låg i bukselomma mi...
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    BGO: Transitt:
    Det er stile på Flesland. Det er nesten sånn at ein kunne ha høyrd ei knappenål falla i bakken. Nesten unaturleg. På flyplassar brukar det jo å vera litt støy, men ikkje her, ikkje i dag.

    Widerøe takka for flyturen frå Langnes som var i samarbeid ned KLM. Og sanneleg skal KLM fly til Schippol om ikkje lenge. Du verda!

    20210626_161834.jpg
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Bergen har sendt meg ei tekstmelding. Eg reagerer på formuleringa. Det burde stå 'dersom', ikkje 'når':
    Screenshot_20210626-162000.png
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Heller ikkje på BGO er SAS' bollebu open:
    20210626_162028.jpg
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Så når bollebua er stengt og reisebrevforfattaren er ein gnien jævel, så ser matbordet slik ut når ein er på ei pandemisk sommarreise:
    20210626_164904.jpg
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    BGO: Ombordstigning
    Frå utgang B15 går turen straks ombord i WF678. Det siste flyet ut av Flesland tar av kl. 1745 denne laurdagen. Mitt fly er tredje sist. Henting på Værnes er avtalt og ryktet seier heimelaga fiskekaker til middag i kveld.

    Flygarane og kabinpersonellet har loffa ombord i WF678, ein liten haug med ungar likeså. Vi er ein god gjeng med wannabe-kirurgar som ventar på å få fly til Trøndelag. Gud, kor eg gler meg til at munnbindet går av moten!
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ombordstigning skjer i alt anna enn ordna former. Det har ikkje vore noko opprop, men folk pip seg gjennom og går til Dash8 Q400-maskina.

    No skal eg til 1B. 1D eksisterer ikkje på dette flyet... Galskap!

    20210626_173220.jpg
     

Del denne siden