God morgon frå Aust-Finnmark!
Her er frukosten servert i eit maritimt miljø ombord i M/F 'Vesterålen'. Ei staseleg lita skute. Munnbindpåbod berre i resepsjonen. 60--70 passasjerar duvar i lag med meg over Varangerfjorden.
For å stilla eit eksistensielt spørsmål: Kva skulle vi ha gjort utan havet?
Og svaret: Då måtte vi ha bore båtane.
Dagens fakta: Varangerfjorden er Noregs største fjord med sine 2 260 kvadratkilometer.
Ha ein fin fredag, folkens!
Last edited: 15. okt 2021