Endringer i Eurobonus-inntjeningen når man flyr Star alliance

Tråd i 'SAS EuroBonus' startet av Kristian, 13. jan 2017.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det har skjedd nokre (kanskje marginale) endringar i Eurobonus-programmet dei siste par månadene. To flyselskap er skvisa ut og nokre bookingklassar har endra opptjeningsprosent per luftige mil.

    Atlantic airways ut av EB-familien
    Frå 26/3-2017 vil det ikkje lenger bli mogleg å få Eurobonus-poeng på flygingar som gjennomførast av Atlantic airways. Eg vil tru at det har samanheng med at SAS startar eigne flygingar til Færøyene.

    RC.jpg
    https://www.sas.no/Templates/FlexiblePage.aspx?id=216864

    Air Baltic ut av EB-familien
    Det har vel vore i emninga ei stund at Air Baltic ikkje skulle forbli ein del av selskapa som det er mogleg å få Eurobonus-poeng på, i alle fall har det ei stund vore mogleg å berre få ekstraboeng med dette selskapet, ikkje grunnpoeng. Frå og med 26/3-2017 er det heilt slutt.

    RX.jpg
    https://www.sas.no/Templates/FlexiblePage.aspx?id=216855

    Bookingklasseendringar hos diverse flyselskap
    Det ser ut til at i oktober 2016 fekk ein del bookingklassar ny opptjeningsprosent i Eurobonus. Eg har ikkje full oversikt over dei gamle satsane, men under ser herskapet dei nye.

    All Nippon Airways (ANA)
    – Klasse G får frå 5/10-16 100 % opptjening.

    ANA.jpg
    https://www.sas.no/Templates/FlexiblePage.aspx?id=216801

    EVA air
    – Klasse P får 100 % opptjening frå 1/16-16.

    EVA.jpg
    https://www.sas.no/Templates/FlexiblePage.aspx?id=232607

    Thai airways
    – Frå 1/12-16 gir reiser i klassane K og S ei opptjening på 50 % mot tidlegare 25 %.

    THA.jpg
    https://www.sas.no/Templates/FlexiblePage.aspx?id=216851

    Dette er ikkje det hottaste frå Eurobonus-sida, men for oss som samlar poeng er det greitt å halda oversikten :)
     
    Last edited: 13. jan 2017
    NoLimit, Darkcho, Petter B-C and 11 others like this.
  2. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    8,014
    Likes mottatt:
    22,970
    Bonuspoeng:
    293
    Veldig bra! For meg virker det som inntjeningen er økt hos alle tre selskapene, regner ikke med at økonomibilletter hadde mer enn 100% før.
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, det var det eg tenkte, òg. Alternativet er at P hos EVA og G hos ANA har gitt null, niks og nada før ein no plutseleg får 100 %.
     
    Upsaker liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det dukkar stadig opp småendringar i Eurobonus-programmet. Etter ein liten gjennomgang no her om dagen er det hos Copa airlines og United airlines at "jordskjelvet" kjennast.

    Copa airlines: A- og O-klasse gir no 100 % opptjening
    Frå og med 15/3-17 får du 100 % opptjening dersom du flyg i bookingklasse A eller O med Copa airlines. Kva A og O har gitt tidlegare er eg faktisk ikkje bombesikker på, men min gjetning er 150 %.

    copa-a.jpg


    United airlines: N-klasse gir no 0 % opptjening
    Frå og med 1/5-17 gir bookingklasse N hos United airlines 0 % Eurobonus-opptjening. Dette er ei typisk "forbetring", då N tidlegare har gitt 50 % opptjening.

    ua.jpg
     
    Last edited: 12. sept 2017
    NoLimit, LN-FHU, Fredrik81 and 3 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Så har eg sett meg nøydd til å oppdatere denne tråden igjen. Denne gongen er det diverre ikkje berre godt nytt for oss som samlar bonuspoeng som andre samlar frimerke.

    Avianca Brazil: Differensiering i opptjeninga
    Frå og med 1/7-17 er det ein ny oppteningstabell som gjeld for Avianca Brazil (kanskje ikkje det flyselskapet vi nordmenn kjenner best). Her kan du samanlikna gamal og ny tabell:

    ab.jpg


    Widerøe: Forringing av opptjeninga i eco-klassane
    Frå og med 1/9-17 gjeld ny opptjening av EB-poeng hos Widerøe. Eco low vil no gi 100 grunnpoeng mot 250 før. Eco high vil heretter gi 250 poeng mot 500 før. Med andre ord er vi vitne til ei klassisk 'forbetring'. Enn så lenge er det berre Widerøe sjølv som har publisert endringane:

    wf-wf.jpg


    På SAS sine sider kan vi lese om korleis det var i 'gode gamle dagar':

    wf-sk.jpg

    Widerøes kundeservice har stadfesta per e-post til meg at det er deira eigen tabell som gjeld frå 1/9-17 og det er rapportert at forumistar har fått opptjening etter Widerøes (nye) tabell, så her er 'forbetringa' allereie godt etablert.
     
    Last edited: 01. aug 2018
  6. Silferlood

    Silferlood Nytt Medlem

    Innlegg:
    20
    Likes mottatt:
    15
    Bonuspoeng:
    3
    SK har uppdaterat sidan nu, de må ha läst ditt inlägg ;).
     
    Jomario1 and Kristian like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Små endringar i poenginntjeninga hos LOT
    Nytt år, nye forbetringar. LOT ser ut til å flytta ein og annan bookingklasse nedover i poenginntjeningskjeden.

    Klasse A går frå 105 % inntjening til 100 %, V frå 50 % til 25 %, E/H/K går frå 100 % til 70 %. Her er alle endringane:

    LOT.jpg
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Endringar i EB-inntjeninga hos tre flyselskap:

    Austrian airlines har fått publisert nye tabellar, utan at eg ser direkte kva som er endringa, men kan det vere at minimumsinntjeninga på langdistanseruter er annleis enn kortdistanse, tru?

    austrian.jpg


    Avianca har òg fått ny opptjeningstabell. Her inngår no fleire bookingklasser i 50%-gruppa, men fleire bokstavar har hamna i 150%-gruppa, som jo er triveleg:

    avianca.jpg

    Hos Egyptair ser det ut til å vere omvendt: Færre klassar gir opptjening, ser det ut til, så her må ein vere ekstra påpasseleg for å i det heile tatt få poeng for flyturen:

    egypt.jpg
     
    Upsaker, Darkcho, Mg15 and 2 others like this.
  9. Scandipendler

    Scandipendler Veteran

    Innlegg:
    1,824
    Likes mottatt:
    2,240
    Bonuspoeng:
    113
    Austrians opptjening på innenriks- og europeiske ruter er i alle fall redusert nokså betydelig. V-klasse ga for eksempel 150 poeng før - nå gir det 75. De kunne like så godt ha spart seg - det er nesten en fornærmelse.
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Nei-nei-nei, ikke fornærmelse, forbedring! Lett å forveksle :rolleyes:
     
    OyvindN, EndreD, funkenstein and 2 others like this.
  11. Kaffen

    Kaffen Globetrotter

    Innlegg:
    2,391
    Likes mottatt:
    5,959
    Bonuspoeng:
    183
    Folk her inne snakker om å øke kravet for EBG til en høyere sum enn 45.000 EBB slik at gullstua ikke skal bli overfyllt, men det å senke inntjeningen på billetter som de gjør ser jo ut til å gjøre dette.
     
    RoadKing and OyvindN like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det viser seg at det har skjedd en del endringar i Eurobonus-inntjeninga for flyturar med Star Alliance og Eurobonus-partnarar. Det er snakk om Widerøe, Air Canada, Avianca, Copa Airlines, South African Airways, Shenzhen Airlines og Singapore Airlines.

    Widerøe: No: Flat inntejening over heile rutenettet:
    Tidlegare har Widerøe hatt ei litt betre poengopptjening på sine avgangar til Europa (les: Storbritannia), men det er det no ein slutt på. No er det 100/250 poeng som gjeld over heile rutenettet (750/1000 for flex-billettar):

    001WF01.jpg
    https://www.sas.no/eurobonus/partners/flyselskaper/wideroe/

    Tabellen presentert hos SAS er kanskje litt uryddig. WFs eigen tabell er slik:
    001WF02.jpg
    https://www.wideroe.no/Flybilletter/EuroBonus/Opptjen-EuroBonus-poeng
     
    Are, Upsaker, paron and 1 other person like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Air Canada: No: Meir differensiering og delvis kutt:
    No har det kome ein eigen tabell for flygingar innanriks i Kanada og ein eigen for internasjonale flygingar.

    Innanriks er det no færre klassar som gir opptjening (M, U, H og Q går ut) og ein bråta klasser forsvinn frå inntjeningskartet innanriks (T, L, K, A, G, S, W).

    For det internasjonale rutenettet er det ikkje like dystert, men K-klasse ser ut til å gå frå 50 % inntjening til 25 %. Elles ingen endringar internasjonalt, ser det ut til.

    002AC.jpg
    https://www.sas.no/eurobonus/partners/flyselskaper/air-canada/
     
    Are and paron like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Are and paron like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Are, paron and Xflipper like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    South African Airway: No: Forståeleg tabell og mogleg reduksjon:
    Det er vanskeleg å lese frå tabellen kva dei ulike bookingklassane har gitt hos South African Airways før. Den nye tabellen er i alle fall meir oversiktleg. Kanskje er det meir differensiering innan kvar gruppe som gjer at somme klassar har gått ned i poenginntjening.

    005SA.jpg
    https://www.sas.no/eurobonus/partners/flyselskaper/south-african-airways/
     
    Are, paron and Xflipper like this.
  17. Xflipper

    Xflipper Veteran

    Innlegg:
    4,234
    Likes mottatt:
    3,161
    Bonuspoeng:
    113
    Dette er jo likt som vi ser hos SAS og de fleste andre desverre. Og resultatet av enormt pris press.
    Poeng samles ikke fra og fly lenger om det er turist billetter. De samles på flex/biz og ved kjøp av bananer og strøm ;)
    Det er jo helt greit det, men gjør det for noen vanskeligere og skaffe seg gullkort på privat reiser i eco.
     
    Kristian and paron like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Are and paron like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Are and paron like this.
  20. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,329
    Likes mottatt:
    17,984
    Bonuspoeng:
    293
    Mistenker at R-klasse er en ny klasse jeg.
     
    Kristian liker dette

Del denne siden