Førstereisgut til Rom

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. april 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre dagar i Roma
    Dette reisebrevet tar føre seg ein hausttur til Roma i november 2022.

    Fokuset blir på det eg hugsar av observasjonar og tankar frå turen.

    Mitt inntrykk er at 'alle' har vore i Roma, men eg kan ikkje hugsa å ha sett noko reisebrev her på forumet derifrå.

    Dersom eg greier å finna tilbake til informasjonen vil det mot slutten av reisebrevet bli lista opp namn og adresse på stader der god mat vart inntatt, noko som den svoltne lesaren kan finna frå og med denne posten.

    20221113_092637.jpg
    Piazza Navona, Roma
     
    Last edited: 30. april 2023
    kjeeli, drsyk, Calling and 20 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa starta ein mørk novembermorgon med MS Richard With over Varangerfjorden, SAS pluss sørover til hovudstaden før Lufthansa business via München til Roma der det òg var mørkt.

    20221111_064613.jpg
    MS Richard With klappar til kai i kvenbyen

    20221112_205803.jpg
    Turens første bilete frå Roma

    I dette reisebrevet hoppar eg lett bukk over heile flyturen og vandrar rett ut i det urbane. Altså handlar dette reisebrevet om destinasjonen, ikkje sjampanjegalloppen som ein måtte gjennom for å koma fram...!
     
    Last edited: 23. april 2023
    kjeeli, drsyk, Calling and 17 others like this.
  3. Kvalvaag

    Kvalvaag Senior Medlem

    Innlegg:
    696
    Likes mottatt:
    5,459
    Bonuspoeng:
    163
    Eg kan meddele at eg aldri har vore i Roma :rolleyes:
    Men det står høgt på reisemålslisten :p
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Første dag i Roma: Moderne tider
    Overnatting i den italienske hovudstaden vart vald med tanke på plassering. Målet var å kunna gå til alt av attraksjonar og interessante plassar. Eit ålreit krypinn like ved Piazza Navona vart resultatet.

    For min del byrja første dag med ein nydeleg tur i morgonsola langsmed elva Tiber. Som ein relativt nyslått joggeentusiast fann eg ut at eg måtte testa det å få strekt ut labbetussane òg medan eg var på ferie. Denne dagen gjekk turen eit godt stykke nedover elva Tiber og det fungerte fint som ein plass å jogga.

    20221113_074016.jpg
    Ved Tiber i Roma

    Etter ein rask dusj og frukost på hotellet starta sjølve byoppdaginga. Første stopp var Piazza Navona. Sidan senga låg bokstavleg talt eit steinkast unna (ikkje slike steinkast som eigedomsmeklarar opererer med), så var det ein naturleg start på å sjå Roma.

    20221113_093426.jpg
    Piazza Navona, Roma

    20221113_092544.jpg
    Piazza Navona, Roma

    Det er ingen tvil om barokken har sett sitt preg på Piazza Navona og bygninga rundt. Som ein simpel nordbuar blir ein lett gåande litt rundt og berre glana. Samstundes er det kanskje det som er ferie? Det å sjå og oppleva noko nytt er alltid kjekt, synst eg. Dessutan var det sol, så eg var ganske nøgd!
     
    Last edited: 23. april 2023
    drsyk, Calling, Liza and 16 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Piazza Navona var det ikkje lange rusleturen bort til Spansketrappa, som stod ferdig i 1725. Her var det tydeleg at eit lite arrangement kalla 'Roma maraton' vart arrangert, så å kryssa gata var litt problematisk, men til slutt gjekk det.

    20221113_095614.jpg
    Spansketrappa, Roma

    20221113_101919.jpg
    Utsikt frå toppen av Spansketrappa

    Som den observante lesar kan sjå var det ein ganske så fin dag i Roma med blå himmel og solskin. Temperaturen denne novembermorgonen var vel på rundt +15 grader, så altså veldig mykje betre enn det Aust-Finnmark hadde stilt opp med.

    På toppen av Spansketrappa var det ein nydeleg utsikt utover Rom og kjente landemerke var å sjå i alle retningar. Ikkje at eg visste av alle landemerka, fordi eg var jo ein dum turist, men Peterskyrkja i Vatikanstaten greidde eg til slutt å finna.

    20221113_104549.jpg
    Utsikt over Roma (Peterskyrkja er ikkje på dette biletet)
     
    kjeeli, drsyk, Calling and 17 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Like i nærleiken av Spansketrappa ligg Villa Borghese og ein park med same namn. Her er det mange som luftar hundane sine og det er kanskje ein fin plass å slappa av dersom ein treng ein liten pause frå storbymaset.

    Denne gongen gjekk turen i ei sløyfe gjennom parken før Piazza del Popolo 'plutseleg' kom til syne. Folkeplassen vart brukt til avrettingar av folk på 1800-talet, men no er det langt fredelegare der. Sola tok godt tak og det var godt å berre å gå i t-skjorta.

    På Piazza del Popolo står to systerkyrkjer og mogleg ein av dei eldste obeliskane i byen som er minst frå 1 200 år før Kristi fødsel. Eg synst dette var ein ganske så fin plass i nyklassisistisk stil!

    20221113_115939.jpg
    Piazza del Popolo, Roma

    20221113_121046.jpg
    Systerkyrkjene ved Piazza del Popolo
     
    kjeeli, drsyk, Calling and 17 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Ved Piazza del Popolo ligg eit museum via Leonardo da Vinci. I utgangspunktet var eg litt lunken til å gå inn på dette museet, men eg må seia at det var særs fascinerande å sjå kva slags tankar ein mann som levde på 1600-talet gjorde seg om korleis ting kunne lagast osb. Museet er med andre ord vel verdt ein visitt!

    20221113_122730.jpg
    Dykkardrakt teikna av da Vinci

    20221113_124500_kopi.jpg
    Mona Lisa i moderne variant
     
    drsyk, Calling, EndreD and 13 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein nydeleg lønsj vart kursen mot Kapitolhøgda staka ut. Frå Piazza Venezia er det eitt bygg som stikk seg kraftig ut. Ein skulle tru at det var Kapitol, men i staden fell blikket på eit monument via den første kongen av eit samla Italia, Viktor Emanuel II. Monumentet som stod ferdig i 1935 blir òg kalla Fedrelandsalteret. Eit fantastisk blikkfang!

    20221113_144732.jpg
    Viktor Emanuel II-monumentet, Roma

    Som dum turist trudde eg at eg såg på Kapitol, men etter kvart fann eg ut at eg var på villspor. Nokre få skritt seinare var eg oppe på Kapitolhøgda og vart kjent med grunnleggjarane av Roma, Romulus og Remus – søner av guden Mars, dersom legenden er sann.

    20221113_151726.jpg
    Romulus og Remus, Roma

    Frå Kapitolhøgda er det fin utsikt utover Forum Romanum, det gamle Roma.

    20221113_160747.jpg
    Utsikt frå Kapitolhøgda

    20221113_151009.jpg
    Utsikt frå Kapitolhøgda
     
    kjeeli, drsyk, Calling and 20 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Roma er ein stor by, men eg noterte meg i løpet av den første dagen at han verkar å vera kompakt og eg følte meg trygg. Ingen stader merka eg pågåande folk eller følte på trengsel eller liknande. Det var rett og slett kjekt å tusla rundt og vera turist. Sånn sett vart turen innom Trevifontenen, Fontana di Trevi frå 1762, eit lite sjokk for her krydde det av menneske! Her er det visstnok trengsel året rundt, og det berre for å sjå at litt vatn sprutar ut av nokre steinar...

    20221113_164701.jpg
    Folkehav ved Fontana di Trevi

    Den første dagen i Roma medførte rolege 35 000 skritt!
     
    drsyk, KRS, Calling and 14 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Andre dag i Roma: Tilbake til oldtida
    Etter å ha sove godt gjennom natta vart òg dag nummer to starta med ein joggetur langsmed elva Tiber. Dagen før gjekk turen nedover elva. Då var det logisk at turen i dag gjekk oppover elva. Motstraums, der altså! Det var ein fin måte å byrja dagen på, synst eg.

    20221114_065721.jpg
    Morgonstemning ved Tiber
     
    kjeeli, drsyk, Calling and 14 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Denne dagen var via Romas oldtidsminner. Etter å ha gjort nokre undersøkingar vart det bestemt at det mest fornuftige var å førehandsbestilla billettar til dei store attraksjonane, slik som til dømes Colosseum.

    Etter ein dusj og frukost vart det ein roleg rusletur bort til amfiteateret Colosseum. Arenaen stod ferdig i år 80 etter Kristi fødsel og er vel eit nokså kjent landemerke òg eit stykke utanfor Roms grenser. Med førehandsbestilte billettar med eit konkret inngangstidspunkt var vi kjapt inne og kunne sjå oss om.

    Medan eg var inne på Colosseum var det umogleg å ikkje gjera seg tankar om korleis det kan ha vore her i si tid. Sjølv i dag framstår amfiteateret som storslått, trass i at tidas tann har tæra på byggverket.

    20221114_102518.jpg
    Colosseum sett frå utstida

    20221114_100313.jpg
    Colosseum sett frå innsida

    Det som kanskje overraska meg mest var den store kontrasten mellom Colosseums ytre og indre. Frå utsida framstår steinane som lyse og fagre, medan på innsida var steinmassane mørke, utan at det hadde mykje å seia for kor imponert eg vart av byggverket.
     
    drsyk, Calling, Liza and 16 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    På same billett som Colosseum hadde vi inkludert inngang til Forum Romanum. Her er det spor av Romas historie heilt tilbake frå 600-talet før Kristi fødsel. Området er ganske stort og det er svært mange oldtidsminner.

    Det ville ha vore utruleg fascinerande å sjå Forum Romanum i sine glansdagar! Eg følte at eg gjekk rundt og såg på restar frå ei svunnen tid. Riktig ord er nok ikkje skuffande, men heller eit slags vemod over kva som har vore av stordom i verda.

    20221114_103312.jpg
    Forum Romanum med Kapitolhøgda i bakgrunnen

    20221114_110008.jpg
    Forum Romanum med Palantinarhøgda i bakgrunnen

    Det var heldigvis ikkje så mange andre turistar i Forum Romanum, i alle fall ikkje så mange som eg hadde frykta skulle trampa rundt der. Slik sett var det tid og rom for å ta innover seg det eg såg og la seg imponera samt fantasera litt om korleis området kunne ha sett ut i hine hårde dagar.
     
    kjeeli, drsyk, Calling and 15 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    I inngangsbilletten til Colosseum var òg inngang til Palantinen inkludert. Dette er éi av Romas sju høgder (alle byar med respekt for seg sjølv har vel sju høgdedrag rundt seg, eller kva, @Eddie47?).

    Frå toppen av Palantinen er det god utsikt utover Forum Romanum. Eit mektig syn! Etter å ha gått rundt i Forum Romanum var det veldig fint å få eit fugleperspektiv på området.

    20221114_114436.jpg
    Forum Romanum sett mot Kapitol

    20221114_114508.jpg
    Forum Romanum sett mot Colosseum

    Oppe på Palantinen er det ikkje berre god utsikt, men òg mykje anna å sjå på. Ein fin liten hageflekk og ikkje minst keisarpalasset. Palantinen er staden der Roma ifølgje legenden vart grunnlagt av Romulus i år 753 før Kristi fødsel.

    20221114_114144.jpg
    Ein fin liten hage på Palantinen

    20221114_122907.jpg
    Keisarens private spaserturhage

    Keisarpalasset og Palantinarhøgda er stort. Det siste biletet over viser keisarens private hage for spaserturar. For meg verka det meir som ein luftegard i eit fengsel, men kanskje fordi eg samanliknar med vidsynet som naturen i Finnmark kan by på.
     
    kjeeli, drsyk, Calling and 14 others like this.
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,077
    Likes mottatt:
    68,749
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig @Kristian nå var det jaggu på tide å høre fra deg! Tydeligvis ikke live-skildringer ..

    Sist jeg var i Roma (har vært der 1gang) var det også Roma Marathon .., det var nesten så vi ikke kom oss frem til Colosseum ..
     
    Kristian liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein god lønsj fekk eg erfara at det ikkje er langt frå Kapitol til Den tarpeiiske klippe. Rett nok berre i bokstavleg forstand. Den tarpeiske klippe er staden der dødsdømte statsforbrytarar vart kasta ned frå i antikkens Roma. I dag er det ein fin rusletur...

    20221114_142701.jpg
    Sjølvaste Cæsar!

    Frå Kapitol og Den tarpeiiske klippe gjekk turen til Piazza dei Cavalieri di Malta som var ein fin ettermiddagstur med rom for utsikt utover Roma. Vel framme var hovudmålet å sjå Peterskyrkja gjennom eit nykkelhol! Det var litt stilig, men fotografiet vart ikkje så bra, så difor tilbyr eg nokre alternative bilete frå denne avstikkaren:

    20221114_152622.jpg
    Kø for å sjå inn i eit nøkkelhol

    20221114_152026.jpg
    Peterskyrkja i det fjerne
     
    jonss, drsyk, Calling and 13 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det! Det skal seiast at eg knapt har vore utanfor kommunegrensene sidan denne turen som her blir skildra, men kanskje neste tur blir direkterapportert!
     
    Eddie47 liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Når ein først er ute på vandring, så går ein ikkje av vegen for å ta ein omveg... Plutseleg dukka det opp ein liten pyramide før turen vidare gjekk til bydelen Trastevere på andre sida av Tiber. Her var det utrulege mengder småfugl (eller 'tittingar' på finnarksdialekt) i lufta, så mykje at eg frykta å bli innsmurt med fugleskit. Heldigvis gjekk det bra. Og då passa det fint med ein tur innom éi av Romas svært mange kyrkjer før kvelden vart avslutta med ein nydeleg middag.

    20221114_161358.jpg
    Ein liten pyramide i Roma

    20221114_173740.jpg
    St. Maria-kyrkja i Trastevere, Roma

    Dag nummer to medførte 33 000 skritt...
     
    Last edited: 23. april 2023
    kjeeli, drsyk, Calling and 16 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Av og til kan det nesten vera enklare å delta i slik løpegalskap for å koma seg fram i ein by enn å prøva å vera turist og unngå løpsområda....!
     
    drsyk and Eddie47 like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,201
    Bonuspoeng:
    293
    Det var veldig ålreit å ta turen til Roma seint på hausten. Tidleg på våren er sikkert òg fint. Sommaren verkar å vera varm med langt over 30 grader til tider, noko som er litt utanfor det eg har som komfortsone... Okke som, ein fin tur, så forhåpentlegvis kjem du deg av garde! :)
     
    paron and Finnks like this.
  20. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,645
    Likes mottatt:
    21,690
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig skildring! Takk!
     
    Kristian liker dette

Del denne siden