Finnair utvider i nord (BOO++)

Tråd i 'Nyheter' startet av Kristian, 22. jan 2020.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    5,082
    Likes mottatt:
    23,864
    Bonuspoeng:
    293
    Finnair med sommarrute til Bodø
    I perioden mai–september 2020 skal Finnair fly to gongar i veka mellom HEL og BOO. Det melder Finnair i ei pressemelding publisert på eigne nettsider.

    Denne ruta vil bli operert av NORRA (Nordic Regional Airlines), som flyg mange ruter for Finnair med ATR-72 og E190.

    Andre Finnair-ruter til Noreg (utanom OSL)
    Frå før av har Finnair rute mellom HEL og TOS som blir operert av Widerøe. Tromsø-ruta opna i mai 2018. Denne ruta blir diskutert i denne forumtråden.

    Widerøe opererer òg Finnairs rute mellom HEL og TRD. Trondheim-ruta starta opp i juni 2019 og blir diskutert i denne forumtråden.

    I tillegg har Finnair flygingar mellom HEL og BGO. Bergens-ruta vart starta opp i mai 2018 med Widerøe som operatør.

    Tilbake i 2016 prøvde Finnair seg på å etablere ei rute mellom HEL og LYR. Longyarbyen-ruta vart vel kansellert omtrent før ho kom i gang. Finnair vart nekta å fly denne ruta fordi ho var i strid med gjeldande luftfartsreglar, skal vi tru NRK. Ruta blir diskutert i denne forumtråden.

    Sommarrute til Murmansk
    Finnair ser nordover – utover eigne grenser – og ikkje berre til Noreg.

    Frå og med mai 2020 vil selskapet tilby ei sommarrute mellom HEL og MMK. Murmansk-ruta skal gå fire gongar i veka, melder Barentsobserver.

    Finnair har hatt charter-flygingar til MMK. Som ein kuriositet kan det nemnast at i 2017 valde selskapet å kansellere dei tidlegaste flygingane sine det året, 13/5 og 20/5. Kvifor? Våren var svært sein dette året og is på elever og djup snø mange stader gjorde at sportsfiskarane fekk 'kalde føtter', skreiv Barentsobserver.


    ***

    Dersom moderator meiner det er riktig, kan han sikkert slå saman trådane som handlar om Finnairs satsing til meir eller mindre 'perifere' delar av Noreg :)
     
    Last edited: 22. jan 2020
    SAJblue, jgroneng, Earl and 6 others like this.

Del denne siden