På laurdag vert det Fly & Vodka i Kaliningrad. Med inspirasjon ifrå Matt 18:20 i Skrifta so kan ein vel seie at der to eller fleire Insideflyerar er samla so kan/bør det skipast til Fly&Øl (eller andre lokale variantar). Underteikna og @Bernd stiller i alle fall, dersom nokon andre skulle befinne seg i området so kan det freistast med bagtags og god stemning. På kvelden spelar Kroatia mot Nigeria på Arena Baltika. Det vil dukke opp bilete av festlegheitane i denne tråden.
Ikke noe problem å reise dit. Fun fact; Immanuel Kant og kona til Putin kommer fra Kaliningrad. (Kant fra Königsberg da..)
Du må vel ha visum på forhånd? Jeg kunne tenkt meg en mc tur fra Tallinn og ned til GDansk, så har jeg hørt at å kjøre gjennom den enklaven ikke er bare, bare.
Det er en eksklave, ikke en enklave, men annet enn det, så har jeg gjort samme vurdering som deg en gang jeg var på MC i området.
For delegasjonen frå Sogn sprakk tidsskjemaet litt i går, men litt etter kl 23 fekk vi omsider kryssa over grensa frå Polen. Kvelden vart nytta til å samle troppane og tilpasse seg lokale forhold. Ein liten pre-fly&vodka. No har vi sikra oss næring og eit godt grunnlag for dagen. Fly&vodka-arrangementet trekk snart mot Fan Zone for litt fotball på storskjerm. 100 kroner for mat til tre mann med tilhøyrande drikke er prisar ein kan leve godt med.
Hele Kaliningrad-eksklaven er jo egentlig det gamle Øst-Preussen (som det var helt til 1945...). Skjedde mye rart i den delen av Europa da sovjeterne tok hevn. Forøvrig: Takk for flott reiserapport!
Om det vert dårleg med oppdateringar so kan eg berolige alle med at det fins rikeleg med drikke, både i Fan Zone og på pub.