Kirkenes ligger langt mot nord, men framleis godt sør av Tromsø. Til gjengjeld er du no like langt aust som St. Petersburg, Russland, og mykje lenger aust enn Istanbul, Tyrkia (begge stader er vel oppfatta som ein stad der aust møter vest). Det finst folk (ei svært marginal gruppe (mogleg berre éin (oppdikta?) person)) som har tatt til orde for å kalle området du er i for Austlandet, slik at Oppland, Telemark, Akershus og alt det der må finne seg eit anna landsdelsnamn.
Nyt dagen der på sørsida og kast ei stein på Russland!
***
God morgon frå Aust-Finnmark!
Som
@Berlioz påpeiker, finn du sjølvsagt indrefiléten av alt området har å by på her på nordsida av Varangerfjorden (kanskje veldig fritt sitert). Her er det ting som tyder på at sola gløtter fram
Elles vart eg vekt klokka sju av pandionkatten som kom for å bruke meg som liggeunderlag. Dyret sovna sporenstreks, eg fekk sjølvsagt ikkje blund på auga
Ja-ja, ha ein fin laurdag, folkens!
Vis alt...