God vekestartsmorgon frå Aust-Finnmark!
Her har pandionkatten endevendt sofaen i ei heftig jaktinstinkttreningsøkt der katteleiken vart grundig myrda ørten gongar.
Gjerningskatten
Opphavet er venta på besøk til helga og påfølgjande helg går turen over Dammen for å sjå korleis det står til der borte i Trumpistan.
Vel, før den tid står det ein god del sjefsnarring på programmet slik at sjefen trur at eg fortener løn ikkje berre i himmelen, men òg her på moder jord.
Vel, måtte folket få ein best mogleg måndag!
Last edited: 07. okt 2019