Statusrapport frå kantina på CPH:
Den eldre karen på venstre sida av bordet snakkar med frua eller dotter si på høgtalar. Ivan som er ca 35 og frå Sverige (Västmanland kanskje?) har verdas høgaste ringetone på telefonen sin, han har ikkje motparten på høgtalar, men snakkar veldig høgt for å overdøyve herren til venstre.
Heldigvis overdøyver begge snorkinga til karen som ligg i sofaen (bak stolen til Ivan) med t-skjorta opp under armane og søv. Han kunne om ikkje anna spylt navleloet ut før han la seg på lit-de-parade.
Stuttfeiten sender stygge blikk i øst og vest, mens blodtrykket stig og han et kjeks og småkaker som eit ekorn på speed. Kva er det som feilar folk? Dette er som eit ambassadørtreff etter 6 timar ukritisk drikking av musserande. Sukk, 50 min til boarding, på tide å go to gate...
Last edited: 19. aug 2018