God torsdag, folkens! Her i Aust-Finnmark er sommartrusa det gjeldande plagget for tredje dag på rad! Og metrolygen har lova oss temperaturar over +20 i dag! Eg trur det blir strandtur i dag – med tørrdrakt Innhaldet i reiseappen framkallar berre tårer, men heldigvis har eg ei reiseskildring som det verkeleg svinger av: 'Ringdrotten' i original språkdrakt. På Tolkien-utstillinga i Oxford (som framleis står der) fekk eg fatt i ei praktutgåve og med ærefrykt og varsemd lar eg blikket gli over bokstavane og lenger og lenger inn i historia. Det staggar bonusfeberen litt – bittelitt Ha ein fin torsdag, alle saman!
God formiddag fra Trondheim Lettskyet men varmt idag - +22 kl. 0810 lar seg høre. Teller ned til ferie nå, og lar jobb være jobb... Ha en fortreffelig torsdag
Formiddag på forhenværende solkysten. I natt regnet det, faktisk.. Men det blir ikke grønt her av den grunn. Men, jeg slipper å klippe plenen! Litt trang hjelm etter lang middag med tilhørende rødvin i går. Men jeg skal jo ingenting før 3. August, så det går nok bra. 22 dager til neste flytur.
Ved (den nye) solkysten er det mange flygingar som aldri kjem opp på Flightradar24, spesielt gjeld det dei vel 30 000 krykkjene (måseart) som bur rett borti høgget. Rett sør av meg ligg Kirkenes og Den karelske fjellkjeden og Miklagard (eller Konstantinopel (eventuelt Istanbul)). Rett aust ligg Fiskerhalvøya og starten på det russarane kallar Den nordlege sjørute (òg kjent som Nordaustpassasjen). Rett nordover finn vi Vardø og øygruppa Franz Josefs land. Og skulle alt gå rett vest kjem ein til Tana, Alta og Tromsø. På ein nordaust-/sørvestdiagonal ligg øygruppa Novaja Zemlja (der nok det meste er sjølvlysande etter nokre prøvesprengingar av kjernefysiske våpen nokre år tilbake i tid) og Oslo. Langs nordvest-/søraustdiagonalen finn vi Svalbard, Bjørnøya og mykje av Russland. Likevel er det her, midt mellom alle desse stadane, ein sit. Og det er vel strengt tatt ikkje så ille akkurat i dag: Ha ein geografisk fin dag, kor du no enn er
God ettermiddag fra den egentlige solkysten. Hefter ved dokumentasjon. Det er utsikten fra lunchrommet på arbeidsplassen akkurat nå ( Heldigvis ikke kontoret mitt, da hadde jeg ikke fått gjort en d...t)
Takk @Kristian for glimrende hjelp til å stille inn gps'en på vår ferd nordover senere i år. Det er flight XC60, gjennom Ruotsi og Suomi, som skal bringe oss til denne øverste kartbretten. Ta vare på godværet til vi kommer. Ha en fortsatt fin dag, enten du vet hvor du er eller hvor du skulle ha vært, alle!