HJELP! Endre/avbestille *A-reise rett før avreise

Tråd i 'SAS EuroBonus' startet av Sunnfjordingen, 05. des 2019.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,640
    Bonuspoeng:
    183
    Hei kjære medforumistar,

    Er det nokon som veit kor nært opp i avreise SAS stenger for å endre ein *A-billett? Vi skulle etter planen reist laurdag, men har dessverre fått sjukdom i nær familie slik at vi lyt vere heime i alle fall over helga. i T&C står det at ein kan endre og kansellere "up to one business day before the outward departure time".

    Eg har snakka med SAS etter middag i dag og fekk booka om madammen og sonen vår, men når det var min tur måtte avgiftene bereknast manuelt og ho eg snakka med ville ringe tilbake i morgon før lunch (eller "frokost" som danskane seier). Problemet er at avreisen er laurdag, og dermed er vi i morgon på siste "business day" før avreise. Er det håp om at billetten vert endra om ho ikkje ringer før 1900? Det er mogleg å avbestille billetten online og prøve å booke på nytt i morgon. Har nokon her tips eller erfaringar?
     
  2. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Den nye regelen er 24timar før avreise.
    Men regelen er ganske ny, eller vertfall ganske nytt at den har vore hardt håndheva. Så med andre ord, kan det hende at du kan få endra den mindre enn 24t før avreise.

    Sist eg endra, så var eg på den regelen.
    Men eg fekk beskjed at eg kunne endre igjen fram til klokka 17:00 den dagen. Sjølv om det då ville vere mindre enn 24t før avreise.

    Så med andre ord, det kjem nok litt ann på velvilje.
    Fortel du om sjukdom i nær familie, vil eg tru du nettopp møter velvilje?
     
    Sunnfjordingen liker dette
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,640
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen takk for info. Då er det håp. Vi har i utgangspunktet avreise 18:15 laurdag, so då skulle vi ha liti margin til 24t-kravet.

    Er du heilt sikker på dette? T&C 2.13 seier nemmeleg ein "business day". Er litt smådesperat no ser du. Eg har for so vidt ikkje noko å tene på å ta risken utover at eg må ta ein omveg heim via Singapore til Taipei der legget SIN-TPE er i økonomi.
     
  4. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    8,014
    Likes mottatt:
    22,977
    Bonuspoeng:
    293
    Med avreise lørdag 18:15 har du hele åpningstiden til Tallinn fredag. Jo før, jo bedre vil jeg nå si.
     
    Sunnfjordingen liker dette
  5. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,640
    Bonuspoeng:
    183
    Takkar. SAS ringte meg faktisk opp igjen. Fikk litt hjertet i halsen då den ellers so kjekke danske dama sa at CT berre kan brukast i juli månad og deretter prøvde seg med at det måtte vere to personar med. Eg lyt heim før madammen, so då vert det dessverre berre min billett som vert rabatert.
     
  6. Rscott

    Rscott Veteran

    Innlegg:
    1,726
    Likes mottatt:
    4,204
    Bonuspoeng:
    113
    Er ikke dette turen du har hatt nedtelling til i T-x i lang tid? Må i så fall være utrolig kjipt!
     
  7. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,640
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, det er det. Har hatt eksisterande booking inne sidan i sommar. Får håpe det ordnar seg både med tur og pasient.
     
    EndreD liker dette
  8. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    866
    Likes mottatt:
    3,841
    Bonuspoeng:
    93
    Huh? Dette er jo berre svada!

    Forøvrig kjedelig å høyre at reisa må endrast på så nær avreise. Håpar det går bra både med det og med familien.
     
    Last edited: 05. des 2019
    Sunnfjordingen liker dette
  9. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,640
    Bonuspoeng:
    183
    Takkar. Ho bøgde av fort då eg siterte frå AmEx si nettside. Dei skal ringe meg i morgon tidleg. Det gjekk visst ikkje å gjere i kveld.

    «Vi får tru de blir likar i mårra».
     
    oleredv liker dette
  10. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,310
    Likes mottatt:
    33,887
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg kan ikke skjønne annet enn at du oppfyller kravet til endring med god margin når du har endret i dag (torsdag), at SAS ikke har fått hue ut av ræva (unnskyld fransken) og automatisert beregning av avgifter er jo ikke din skyld!
     
    Sunnfjordingen liker dette
  11. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,640
    Bonuspoeng:
    183
    Vi får håpe det ordnar seg :)
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Då eg snakka med Tallinn dagen før avreise til Cape Town, var dei tydelege på at eg kunne endre billetten inntil 24 timar før avreise. Elles veldig kjipt med sjukdom i familien, så krysser fingrane for snarleg betring!
     
    Sunnfjordingen liker dette

Del denne siden