Ein kamerat og eg reiste i to veker med tog frå Sapporo i nord via mange stader, inkl. Tokyo, Kyoto og Hiroshima til Nagasaki i april-2015 med togpass frå Japan Rails.
Vi var mildt sagt 'spoiled for choices'. Om eg ikkje hugsar feil, hadde vi på strekninga Tokyo–Kyoto valet mellom fire til seks Shinkansen-tog i timen – alle moglege å velgje med Japan Rails togpass.
Du har sikkert gjort søk på nettsida HyperDia (
http://www.hyperdia.com/en/). Her kan du under 'avanserte innstillingar' leggje inn eit søk som gjer at du berre får treff på tog som er moglege å ta ved bruk av togpasset til Japan Rails.
Sidan eg sjølv ikkje har reist strekninga Tokyo–Hiroshima i eitt, så gjorde eg eit søk på ein tilfeldig dag på nyåret og fann direktetog tilgjengeleg med togpass, reisetid 4 timar. Hurtigare trur eg nesten ikkje at det er mogleg å koma seg til Hiroshima frå Tokyo
I løpet av dei to vekene vi reiste med tog (nesten dagleg) opplevde vi aldri at det var eit problem å finna togavgangar som var dekte av Japan Rails, personalet i skranken (for å få tak i plassbillett som stort sett er nødvendig, i alle fall på enkelte strekningar) er utruleg hjelpsame og alle toga er punktlege.
Enkeltbillettar er, etter kva vi forstod, veldig høgt prisa (samanlikna med kva prisen er for togpasset), så eg ville ha gått for togpass.
De kjem langt med fingerspråk, bukking (det kjem du fort inn), smiling og basisengelsk (dei fleste kan litt engelsk) i lag med eit par høflighetsfrasar på japansk, det var i alle fall vårt inntrykk
Eg er glad i fly, men i Japan vart eg togfrelst
Vis alt...