Med Air Canada til Seattle

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 23. des 2016.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    No er det nesten eit år sia forrige trip report som er signert av meg. Det var ein tur til Ponta Delgada med KLM og SATA. Denne gongen vert det Air Canada til Seattle via Toronto.

    map.jpg

    Bakgrunn for turen:

    Tidleg ein morgon i april tikka det inn ein e-post, det var ei varsel frå testforumet her på Insideflyer. Etter å ha tenkt meg om i ti sekund konkluderte eg med at det var litt tidleg på morgonen, og at eg trengde litt meir søvn. Då eg vakna att ein time eller to seinare var denne dealen framleis god. Eg hadde litt hast då eg skulle avstad til Ålesund for å kjøpe ein bil, men det vart til at eg ringde ein kamerat, fem sekund seinare hadde han konkludert med at han ville vere med og at nyttår passa bra. Valget sto mellom Atlanta og Seattle, eg mistenkjer at eg la føringa som gjorde at valet fall på Seattle. Om dette var eit godt val er eg usikker på, eg ser føre meg at det kan vere litt grått, trist og kaldt.

    Ein god idé ved desse sala er å handle direkte frå selskapet. Eg kom til å tenkje på at eg hadde lest ein artikkel om at Air Canada hadde sett inn Dreamliner frå København. Meiner også å hugse at eg sjekka wheretocredit og fann ut at Air Canada hadde betre opptening enn Lufthansa. Det haurdes ut som ein god plan og eg gjekk til Air Canada sine sider og booka turen. Fordi eg hadde det travelt med å kome meg avstad til Ålesund er det eit par mindre praktiske sider ved denne turen.

    - Air Canada flyg ikkje Dreamliner frå København på vinteren, dei flyg A330 med gammal configurasjon.
    - Returen frå Seattle er 1. januar, kl 08.10 (Kva i alle dagar var det eg tenkte på?!). Utreisa er heller ikkje noko betre med utreise kl 06.05 frå OSL.

    Hadde eg skulle gjort dette oppatt hadde eg nok mest truleg hamna på Swiss, men det blir tur og eg får testa eit nytt flyselskap!

    Sia turen vart booka har Air Canada lagt om ruta mi tilbake. Denne går no SEA-YVZ-FRA-OSL, med Lufthansa på siste strekket. Dette betyr også Dreamliner på returen. I anledning endring av ruta heim tok eg ein telefon til Air Canada, der fekk eg lagt inn eit ekstra døgn i Toronto, då får vi i alle fall berre strekket SEA-YVZ på nyttårsdag.

    Mål for turen:

    - Finne ut korleis det er best å sitje dersom ein reiser to i lag på Air Canada sin gamle config.
    - Teste verdas lengste kommersielle rute med E190 (YVZ-SEA).
    - Auke andelen nynorske reisebrev her på forumet, sjølv om eg føler det forpliktar litt med tanke på den kvaliteten @Stuttfeiten har levert tidlegare.
    - Finne eit skitrekk for litt rekreasjon.

    Det er framleis litt usikkerheit knytt til korleis dette reisebrevet vert utforma. Eg har endå ikkje konkludert med korvidt eg drassar med meg ei datamaskin. Mest truleg kjem eg til å leggje ut litt små bidrag undervegs, og heller kome tilbake til noko meir utfyllande i etterkant.

    Eg set også stor pris på alt som fins av tips for nokon dagar i Seattle no rundt nyttår.

    Avreise er 28. desember. Forhåpentlegvis vil det bli produsert eit interessant reisebrev frå eit flyselskap eg tykkjer det har vore lite snakk om, trass i at dei flyg frå Skandinavia. Forhåpentlegvis vert mitt inntrykk hakket betre enn @Ida sitt!
     
    Last edited: 24. des 2016
    LineE, tommy777, Aussie74 and 17 others like this.
  2. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Flaks at eg kjøpte ekstra saltstenger i dag så ein har noko å tygge på mens ein ventar på avreise og rapporteringstart, dette gledar vi oss til :)

    (Reknar med det er 28.des som er avreise?)

    Seattle er vel kjend for to ting; Boeing og Sig Hansen? :) Då må det vel bli Boeing-besøk og nyttårsfeiring med Sigurd?

    God jul & tur!
     
    tommy777 and afirm like this.
  3. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Der skulle sjølvsagt stå desember, godt nokon er litt meir observante enn meg!
    Boeing-besøk står på tavla. Eg må ærleg vedgå at eg ikkje visste kven Sig Hansen var, men etter å ha nytta meg av Google tykkjer eg han høyres ut som ein triveleg kar å feire nyttår med. Wikipedia hevdar dog at han driv med restitusjon etter eit hjarteåtak, det kan vel tyde på at nyttårsfeiringa hass vert av det rolege slaget?

    God jul!
     
  4. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    God tur når den tid kommer, ser fram til fine bilder og beskrivelser.....( ikke for å bygge opp forventningene altså..;) )
     
    afirm liker dette
  5. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Eit par usikkerheitsmoment

    Sist eg skulle feire nyttår vest for Atlanteren var i 2011, den gongen kom Dagmar og spolerte festen. Alle fjellovergangar austover vart stengde, og eg vart sitjande i ein Vestlandsdal utan straum og mobildekning i fem dagar. Likheiten denne gong er treffande, under Dagmar var det meldt sterk storm, men enda opp som orkan. No er det også meldt sterk storm, med tanke på at eg skal ut på tur må vi berre rekne med at det vert orkan. Yr.no pratar også om ein giftig hale, eg har ein sterk mistanke om kvar denne vil treffa, med mindre mine sambygdningar kastar meg på havet (ref Jona i Bibelen). Nokon tiltak har blitt gjort, eg har flytta til ein ny dal på Vestlandet, og frå denne dalen har eg særs god kommunikasjon austover.

    Dersom eg forsvinn frå Insideflyer mellom 2. juledag og nyttårsafta kan de rekne med at eg er treft av ein orkan, at eg er utan mobildekning og at eg ikkje står øvst på prioriteringslista til Telenor.


    So over til eit spørsmål eg har grubla mykje meir på enn kva eg skal finna på i Seattle.

    På veg over til Toronto frå København skal vi fly a330, denne flytypen går med ein sokalla ”classic pod”. Spørsmålet mitt vert då når ein reiser to ilag, korleis bør ein sitja. Min første tanke var naturleg nok at vi skulle sitje slik som på bilete B, men so kom eg over ein bloggpost på boardingarea der det vart hevda at ein burde sitje ved sia av kvarandre, slik som på A og C. Det var vel også påpeika at "classic pod" ikkje var ein ideell konfigurasjon for personar som reiser ilag. Uansett, A og C fører jo til endå eit spørsmål, bør ein velje enkeltrada til venstre, eler skal ein satse på hovudrada til høgre. Dette vil nok framleis sørgje for ein del hovudkløe fram mot avreise, det er vel ikkje akkurat det den stadig minkande hårmanken min treng. Her tek eg imot alle innspel, pt. sit vi slik som i A.

    ABC.png
     
    RoadKing and Upsaker like this.
  6. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,754
    Likes mottatt:
    21,956
    Bonuspoeng:
    293
    Gleder meg til turen! Jeg hadde satt meg som på bilde C for å unngå mest mulig trafikk i midtgangen. Det blir såpass lang avstand mellom dere på bilde B at det blir minimalt med kommunikasjon.
     
    afirm liker dette
  7. Sykkelthor

    Sykkelthor Aktivt Medlem

    Innlegg:
    316
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Jeg reiste (alene) i den configen og jeg tror at dere uansett hvilke seter dere velger vil gå ombord i København og si "snakkes i Toronto", for ingen av setene innbyr eller muliggjør samtale med sidemann. Jeg prøve begge side av kabinen og merket ikke så mye til om trafikken var større eller mindre på høyre eller venstre side, men jeg tror som @Upsaker at jeg ville valgt A fordi det er enda litt mer privat. I tillegg er serveringen fra front, og på returen fra Toronto var jeg sjeleglad for at satt på rad 3 eller deromkring servicen var treeeeeeig. Beskrivelse av min tur til Seattle her: https://forum.flyprat.no/showthread.php?p=927086
     
    afirm and Eddie47 like this.
  8. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Dette blir perfekt lektyre i romjulen :)
    God jul!
     
    afirm liker dette
  9. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Har tenkt litt på det, er berre litt usikker på kvar det er størst sjans for å få service undervegs i flighten. Fins det ein fare for at denne rada vert meir "gløymd"? Det er uansett dagflight, so det er ikkje veldig farleg om det vert ein del trasking i midtgangen, då søvn ikkje er veldig viktig.

    Då har eg fått lest igjennom skildringa di, tek med mange gode tips derifrå, takk skal du ha!
     
    Sykkelthor liker dette
  10. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Dette ser ut til å bli en spennende tur. Får håpe været ikke ødelegger slik at dere kommer dere vel avgårde. God tur :)
     
    afirm liker dette
  11. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,297
    Likes mottatt:
    3,262
    Bonuspoeng:
    113
    Seattle, Bergens vennskapsby, noe som er passende siden det regner nesten like mye. Også hjembyen til Boeing, som påpekt, og Starbucks. Mange gode minner herfra.

    Få med deg gatene under bakken. Om du var Twin Peaks fan, så er Snoqualmie kun en kort kjøretur unna.

    God tur, dette gleder jeg meg til.
     
    afirm and Eddie47 like this.
  12. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,178
    Likes mottatt:
    869,701
    Bonuspoeng:
    293
    ... og min datter fikk servert lutefisk der
     
    afirm and geddi like this.
  13. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,319
    Likes mottatt:
    12,286
    Bonuspoeng:
    183
    Gleder meg til fortsettelsen :) Seattle er en fantastisk fin by, men har vel noe å gjøre med at jeg er fra Bergen..
     
    afirm liker dette
  14. FFlyer

    FFlyer Senior Medlem

    Innlegg:
    620
    Likes mottatt:
    2,081
    Bonuspoeng:
    93
    Gleder meg til fortsettelsen her! Har også booka tur SEA med LH i Februar, forøvrig den samme morgenen april:)

    God jul og god tur!
     
    afirm liker dette
  15. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Det har vore ei stund utan oppdateringar men frykt ikkje, Urd var ingen match for ein reiseglad Vestlending.
    Etter ein tur på kontoret igår har eg no forflytta meg austover og har innteke SAS-kantina på OSL.Turen går no med SAS til København før vi startar på turen med AC. Ingen har valgt 2E, og forhåpentlegvis er det ingen som i siste liten finn ut at dei vil ha dette setet.

    Dataen er parkert heime og alle oppdateringar vil skje via telefon. Dette betyr at eg satsar på kortare oppdateringar, @anders82 -style. Vil heller kome tilbake med fyldigare innlegg i etterkant.

    Avreise OSL kl 06.05, stay tuned.
     
    LineE, geddi, Petter B-C and 7 others like this.
  16. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    SAS stilte med Mikkeller til frukost, og no har vi funne oss til rette i loungen på CPH for ein Carlsberg til dessert. I utgangspunktet skulle vi vente alt for lenge her på flyplassen, med neste fly kl 12.15. No viser det seg at flyet er forsinka og etd er 14.00.

    Mogleg at vi bør satse på ein tur inn til byen, fryktar at seks timar i loungen her kan føre til depresjonar.
    aviary-image-1482908243138.jpeg aviary-image-1482905984549.jpeg
     
    LineE and anders82 like this.
  17. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Eg ynskjer å moderere min forrige uttalelse, det er trass alt mykje betre på innsida enn på utsida.

    Ser ut til at vi ventar ut tida i loungen, kanskje prøve å snike til seg litt søvn i ein stol her. 4,5t til avgang.
     
    RoadKing liker dette
  18. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å se at dere er i gang og at været ikke satt noen stopper for turen :)
    Nå får vi håpe forsinkelsen ikke blir altfor lang, hvis det fortsatt er planlagt avgang kl. 14 begynner det vel å nærme seg...
     
  19. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Då har vi omsider fått boarde og førsteinntrykket er bra! I alle fall sett vekk ifrå forsinkelsen.

    Dei serverar Prosecco før take off, men reknar med at Champagnen dukkar opp etterkvart. Syns seta er bra og det går heilt fint å kommunisere med sidemann. Vi gjekk for 3K og 4K.

    Fleire og forhåpentlegvis betre bilete kjem etterkvart. No er biffen bestilt som hovudrett og vi ser fram til ein behageleg tur over dammen.

    Av ein eller annan grunn vil berre eit bilete laste inn. Resten kjem når eg har fått orden på det tekniske.

    20161228_135642.jpg
     
    FFlyer, LineE, geddi and 7 others like this.
  20. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Vi har framleis ikkje kome oss avstad, over 2,5t på overtid no. Treng kanskje den fire timers connectionen i Toronto.

    Der kom push back, då snakkast vi på hi sida.

    20161228_144914.jpg
     
    LineE, Aussie74, geddi and 12 others like this.

Del denne siden