OSL-CPH-AMS-LIS-PDL med SK/KL/S4

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 06. jan 2016.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Sidan Azorene ligg ein time bak Portugal i tid, og mobilen min ikkje klarte å oppfatte det, so har eg no litt tid før frukost til å byrje på ein tripreport.

    Bakgrunn:

    Rundt midten av desember hadde KLM eit ”sal” frå CPH til PDL i business for 1500kr. Dette gjorde at eg hoppa på og booka ein tur heilt på starten av nyåret. Det passa bra mellom innlevering av masteroppgåve og forsvar av masteroppgåve.
    Eg er veldig dårleg på å ta bilete, frå mine siste ti utanlandsturar har eg maks ti stykk. Dette har eg derimot prøvd å gjere noko med, og eg har difor fått med meg ein god del bilete.

    Reiserute:

    04.01 – SK1471 – OSL-CPH – 5A, SAS Plus
    04.01 – KL1134 – CPH-AMS – 1F, KLM Biz
    04.01 – KL1697 – AMS-LIS – 2A, KLM Biz
    05.01 – S4221 – LIS-PDL – 1J, SATA Biz


    07.01 – S4320 – PDL-LIS – SATA Biz
    07.01 – KL1694 – LIS-AMS – KLM Biz
    07.01 – KL1139 – AMS-CPH – KLM Biz
    08.01 – SK454 – CPH-OSL – SAS Go

    circle map.gif

    Turen frå OSL til PDL er 2767 miles og hadde ei planlagd flytid på 7 timar og 50 minutt.

    Fortsettelsen kjem forhåpentlegvis i løpet av dagen.
    Returen går i morgon, dersom det er noko spesielt de vil ha bilete av, eller informasjon om so kan eg gjere mitt beste for å ordne det.
     
  2. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Turen starta frå Ås med 13.50 toget, var difor på plass på Gardermoen litt før kl 14. Der gjekk eg rett til KLM-skranken, eg fekk ikkje sjekka inn på nett eller i appen på grunn av det siste segmentet som gjekk med SATA International. Eg sa at eg skulle fly frå København til Porta Delgada. Etter at dama i businesskranken hadde prøvd å forklare meg at KLM ikkje flaug OSL-CPH i sikkert eit minutt klarte eg å skyte inn at eg skulle fly SAS til CPH på ei anna booking. Dama i skranken hevda so at det var umogleg å skrive ut boarding pass på OSL når reisa mi med KLM starta på CPH. Jaja, ikkje det største problemet i verda, då fekk eg fikse på det CPH.

    SK1471
    OSL-CPH
    15.10-16.20
    Sete 5A

    Deretter gjekk eg igjennom ein nesten tom fast-track og tok ein kjapp tur innom SAS-loungen. Sidan eg manglar gullfarge på kortet, må eg halde meg til den andre delen av loungen. Av mat var her stort sett grønnsaker pluss den der grønne pastaretten med spor av skinke/bacon og ei suppe. Eg tok litt av den pastaretten og den smakte som den brukar. Kunne nok ha trengt litt meir skinke.

    2016-01-04 14.14.46.jpg

    Etter kvart vart det tid for boarding, eg gjekk ned 20 min før avgang og rakk prioritert ombordstiging. Eg hadde eigentleg eit tidlegare fly med SAS, sia eg framleis er ung nok til å kjøpe ungdomsbillettar gjekk eg for ein avgang der denne var tilgjengeleg. Eg heiv deretter inn eit lodd i optiontown-lotteriet for 39 euro. Denne gjekk heldigvis igjennom og eg fekk utsett avreisa mi i fem timar. Kalkulert risiko som heldigvis gjekk bra den gongen her. Flyet til CPH var heilt fullt, både i plus og go. Eg valde den maten eg vanlegvis gjere på plus i norden, rødvin og sjokolademuffins. Rødvinen var ein merlot, same type som eg har fått fleire gongar før. Eg kan seie allereie no at det ikkje vil kome nokon analyser av dei forskjellege vinane som blir tilbydd på flygingane, eg kjenner forskjell på rødvin og kvitvin men det er omtrent der min kjennskap stoppar.

    KL1134
    CPH-AMS
    18.55-20.20
    Sete 1F


    Vi landa på Kastrup omtrent på tida og eg fekk difor litt tid å slå i hel her. Eg kunne ha gått til transfer centre, men eg gjekk ut til ankomstområdet og vidare til KLM sin innsjekkskranke. Her var det berre ein skranke som var operativ og det var to køer. I økonomikøa var det kanskje 5-6 personar og det sto ein person framfor meg i prioritetskøa. Kanskje kunne dama som sjekka om vi hadde rett til å gå på Sky Priority heller bemanna ein skranke, men det får gå. Heller ikkje her kunne dei sjekke meg inn på SATA segmentet, kanskje fordi den flyginga var dagen etter. Eg fekk i alle fall boarding pass for CPH-AMS-LIS og gjekk igjennom sikkerheitskontrollen via fast track, det gjekk raskt og smertefritt.

    2016-01-04 16.51.51.jpg

    Loungen som var til disposisjon for KLM var CPH Apartments. Denne ligg i midt mellom A- og B-piren. Her burde eg nok ha teke bilete av buffeten, men eg var framleis nybegynnar på biletetakinga og det var nokon andre i kø kvar gong eg gjekk dit. Utvalget i buffeten var ikkje spesielt imponerande, men der var nokon fiskekaker og ei suppe. Av drikke var der øl, vin og 5-6 typar brennevin. I tillegg var der juice, brus og kaffi. I loungen var det god plass, dei fleste sat i stolar i området ut mot vindauget. Her var ikkje utsikt over rullebaner, berre nokon gatar. Eg tok noko som likna på italiensk salat, nokon fiskekaker og ein slags krydderbolle.

    2016-01-04 17.15.01.jpg

    Etter kvart vart det tid for boarding, og denne fungerte smertefritt. Eg fann meg til rette i sete 1F. Vi var to personar i business. Etter avgong kom purser og ynskte meg velkomen om bord, ein føler seg litt ekstra verdsett når dei brukar namnet mitt. Fekk først nokon nøtter og ein Cava. Dagens middagsrett var ein salat, den besto av falafel, geitost, rødbetar og salatblad. Sia eg kjem frå ein geitegard er eg noko partisk, men likte geitosten godt, resten var ikkje noko å skrive heim om. Forretten var ein couscous-salat med yoghurt og laks. Laksen var god, resten var ikkje noko særleg. Sjokolademousse til dessert var veldig godt. Fekk ein kopp kaffi etter måltidet og vi landa sånn ca på tida.
    2016-01-04 18.36.23.jpg 2016-01-04 19.15.55.jpg

    2016-01-04 19.19.50.jpg 2016-01-04 19.30.10.jpg


    God beinplass var det i alle fall for ein kar på 188cm.
    2016-01-04 20.04.17.jpg
     
    Are, Travellingalf, RescueMe and 8 others like this.
  3. Darkcho

    Darkcho Veteran

    Innlegg:
    2,393
    Likes mottatt:
    3,328
    Bonuspoeng:
    113
    Hyggelig rapport så langt, bra med bilder :)
     
    afirm liker dette
  4. Baldrick

    Baldrick Cunning Planner

    Innlegg:
    1,793
    Likes mottatt:
    4,523
    Bonuspoeng:
    113
    Moro å se. Ekstra spent på bilder fra SATA biz. :)
    Ser på bookingen min at leg'et LIS - PDL er satt opp med en A319 "operated by TAP". På returen står det ingen kommentar.. Ble det noe slikt på din booking?
     
    afirm liker dette
  5. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Flott - ikke så ofte vi ser TR med KLM Biz.... Fine bilder :)
     
    afirm liker dette
  6. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Finfin rapport så lang :)
     
    afirm liker dette
  7. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Mine flights er operert av SATA. På veg over hadde eg ein flight som fortsatte vidare til Boston. På veg tilbake står det også oppført med A310.

    checkmyflight.jpg
     
    Baldrick liker dette
  8. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    KL1697
    AMS-LIS
    21.10-23.10 (3 timar)
    Sete 2A


    Eg fekk berre ein halvtime på Schipol, det vart difor ikkje tid til å stikke innom loungen og eg gjekk rett til gate. Her fungerte prioritert boarding bra, einaste problemet var at vi vart ståande på andre sida av skranken medan vi venta på ein buss. Her sto vi i 10-15 minutt, ikkje so smidig som eg skulle ynskt, men bussgate er sjeldan noko særleg uansett. Vi kom oss etter kvart om bord på flyet. Flyginga frå AMS til LIS var berekna til å ta rett over tre timar. KLM reklamerar med betre servering på flygingar innan Europa på over tre timar.

    Eg hadde no forflytta meg til sete 2A, på denne flyginga var vi 9 personar i business. Eg, eit norsk par og tre asiatiske par (kanskje koreanarar). Vinkartet var det same på begge KLM flygningane. Eg valde å starte med den same cavaen her og ba også om eit glas vatn.

    2016-01-04 21.48.24.jpg

    Her fekk eg val mellom to hovudrettar, ein kyllingrett og ein vegetarrett av pasta, eg valde kyllingen. Eg sat som nemnd i sete 2A, resten sat på rad 3, 4 og 5. Purser byrja å ta matbestillinga på rad fem og jobba seg framover mot meg. Slik gjekk også all servering. Når vi skulle få måltidet beklaga han seg og sa at ein av bretta dessverre hadde vore feilmerka og at eg difor måtte få pastaretten i staden. Eg var ikkje vidare imponert, men sa at det ikkje var noko stort problem og let det stå til. Pastaretten var heilt grei. Eg ba purser velje vin, og eg veit ikkje kva av dei to sortane eg fekk, den var i alle fall raud. Til forrett var det blini med litt sildekaviar på toppen og gravelaks, det var veldig godt. Til dessert var det ost og ein lakris- og sitronmousse. Eg har aldri vore nokon stor fan av sitron, men den gjekk i små mengder. Ostane var gode. Etter måltidet ba eg om kaffi og spurde om dei hadde Baileys, som venta hadde dei berre Amarula, og eg takka ja til det. Purser var flink til å fylle på vatn heile turen, veldig bra.

    2016-01-04 22.16.15.jpg

    2016-01-04 22.35.42.jpg

    Vi landa i Lisboa litt før tida. Eg hadde booka TURIM Europe Hotel, etter å ha vore den første av flyet og den første ut i ankomsthallen gjekk eg til turistinformasjonen. Der fekk eg eit kart der ho sirkla ut hotellet. Eg hadde eigentleg planar om å laste ned kart til telefonen, men det vart aldri gjort. Billettmaskinene ved metroen nekta å ta korta mine, men eg hadde heldigvis eit par euromyntar med meg. Metrobilletten kosta 1.40 pluss 0.50 i avgift for eingongskort.

    Eg tok metroen til Sao Sebastian og bestemt meg for å gå herifrå i staden for å skifte til ny linje. Temperaturen var fin og det var godt å gå litt før ein skulle ta kvelden. Etter eit kvarters spasertur ankom eg hotellet litt over halv 1. Eg sjekka inn og kom meg på rommet. Hotellet var heilt kurant og eg har ingenting å utsette på det.

    2016-01-05 00.18.06.jpg
    Vart eit kvarters spasertur i slike gater.

    2016-01-05 00.25.14.jpg 2016-01-05 00.25.40.jpg

    Hotellet var reint og fint, kosta rundt 500kr natta.

    Legg ved menyen i thumbnails:
    2016-01-06 14.31.20.jpg 2016-01-06 14.31.33.jpg 2016-01-06 14.31.59.jpg

    Reisa frå LIS til PDL med SATA følgjer ikveld.
     
    Are, LineE, Darkcho and 5 others like this.
  9. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Fine bilder og godt skrevet så langt. Ser fram til å lese om din opplevelse av SATA business, det er et selskap jeg ikke har noen erfaring med eller har hørt noe særlig om før så det blir spennende å se :)
     
  10. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Tysdag 5. januar – SATA International

    S4221
    LIS-PDL
    12.30-13.45 (2t15m)
    Sete 1J

    So var dagen komen for at eg skulle prøve SATA sitt businessprodukt. Etter ein god frukost på hotellet hadde eg eigentleg store ambisjonar om å reise til Belem, sørvest i Lisboa, for å sjå på det kjende Belem Tower og Jerónimos Monastery. Etter å ha studert undergrunnslinjene bestemte eg meg for å skrote den idéen. I staden valde eg å gå litt på måfå i området rundt hotellet mitt. Etter å ha gått i ein halvtimes tid fann eg eit undergrunnsstopp og bestemte meg for å berre reise til flyplassen, sjølv om eg hadde litt vel god tid. Undergrunnen går heilt fram til flyplassen og det er overbygg mellom metroen og flyplassbygget.
    2016-01-05 09.50.51.jpg

    Klarte etter kvart å finne SATA sin skranke, dei hadde 5 skrankar derav ein prioritetsskranke til venstre. Innsjekken gjekk smertefritt og eg fekk boarding pass både for utreise 5. januar og retur 7. januar. Her fekk eg også beskjed om at flyet vanlegvis gjekk frå gate 41-47, men at eg måtte følgje med på skjermane. Deretter gjekk eg mot sikkerheitskontrollen. Til høgre var det noko som heitte greenway, eg antok at dette var fast-track og det viste seg å stemme. Vektaren scanna boarding passet mitt og eg slepte igjennom. Det var lite kø, både i fast-track og i den vanlege sikkerheitskontrollen.
    2016-01-05 09.54.53.jpg

    Under innsjekk spurde eg kva lounge eg hadde tilgong til. Fekk beskjed om at den var veldig lett å finne, rett fram og opp rulletrappa. Det viste seg forsovidt å stemme at den var lett å finne, men SATA sine businesskundar hadde ikkje tilgong til den. Eg vart i staden henvist til Blue Lounge som skulle liggje ved gate 8. For å seie det slik, det var langt å gå til gate 8. Men eg hadde god tid og la iveg.

    2016-01-05 10.09.50.jpg

    Det var ein lang spasertur til Blue Lounge
    2016-01-05 10.13.07.jpg

    På vegen fann eg eit fly frå Angola Airlines og eg tok eit bilete av dette gjennom eit vindauge som ikkje var heilt berekne på bildetaking.
    2016-01-05 10.14.29.jpg

    Omsider kom eg fram til Blue Lounge, den var for so vidt heilt kurant. Lite folk og 8-9 sitjegrupper. Det kom etter kvart litt fleire passasjerar, men det vart aldri veldig fullt. Eg tok fram dataen og prøvde å få gjort noko fornuftig medan eg åt eit kakestykke og drakk ein Pepsi.
    2016-01-05 10.16.20.jpg
    2016-01-05 10.20.45.jpg 2016-01-05 10.20.49.jpg

    Når det var eit kvarter til boarding bestemte eg meg for å setje i marsj, eg hadde eigentleg tenkt å ta tida på kor lang tid eg brukte til lounge til gate. Det gløymde eg, men eg trur nok at eg brukte 10 minutt med relativt rask gange. Ville nok ha berekna eit kvarter. Eg måtte gjennom ein passkontroll, denne gjekk heilt smertefritt med elektronisk pass, men det var ikkje veldig lang kø i dei manuelle skrankane heller.

    Når eg kom til gate hadde dei akkurat starta boarding. Det var ikkje annonsert nokon prioritert boarding, verken ved tale eller skilt, men eg tolka det som om den venstre delen av skranken var til for dette. Eg slepte i alle fall igjennom med ein gong. Også her var det bussgate, litt venting og ein lang busstur so nådde vi flyet. Flyet som var satt opp var ein Airbus A310 med registreringsnummer CSTGV. Dersom du får dette flyet vil eg anbefale at du styrar unna sete 1K, døra til baggasjehylla datt ned kvar gong mannskapet skulle ha ut noko frå denne hylla. Her var alt av utstyr til sikkerheitsdemonstrasjonen lagra, so det vart nokon gongar i starten av turen.

    Sidan flyet ikkje var heilt klart skjedde all boarding frå bakdelen av flyet. Eg fekk difor gå igjennom heile flyet og tok eit bilete av økonomiseta. Her var 2-4-2 konfigurasjon, med unntak av heilt bak der det var 2-3-2.
    2016-01-05 12.07.21.jpg

    Eg fann setet mitt, 1J. Det var tre rader med business og 2-2-2 konfigurasjon. Vi var 7 personar i businesskabinen. Seta var behagelege og breie, eg prøvde aldri å leggje det ned, so eg veit ikkje kor langt bak det gjekk. Det var tre rader med business.
    2016-01-05 12.10.24.jpg 2016-01-05 14.56.41.jpg
    2016-01-05 12.34.13.jpg

    Først delte besetninga ut lesestoff til businesspassasjerar. Ho forsto at eg berre kunne engelsk og eg fekk difor eit blad som heitte Share. Det hjelpte ikkje so mykje, einaste orda eg forsto i heile bladet var "Simply clever" frå ei Skoda-reklame.
    2016-01-05 13.08.39.jpg

    Etter take-off fekk eg tilbod om noko drikke, eg ba om Champagne og fekk Cava, den var heilt fin. Fekk også med ei nøtteblanding.
    2016-01-05 13.27.16.jpg

    Matservering kom etter kvart og flyvertinna insisterte på at eg skulle prøve begge rødvinane. Som nemnd tidlegare er eg ikkje særleg god på vin, eg tykte begge smakte ganske likt men sa at den siste var best og at eg gjerne ville ha den. Hovudretten var ein svinesnitzel med noko svart pasta og ein ostesaus. Det var veldig godt! Til forrett var det ein salat med noko røykt kvit fisk. Det var også veldig godt. Desserten var ein slags limepudding, det holdt med ei skei av den, men hadde nok falle i smak for nokon som var glade i lime. Etter maten fekk eg kaffi og det var det.
    2016-01-05 13.54.14.jpg
    Etterkvart dukka det opp land utanfor flyvindauget og vi gjorde oss klare for landing.
    2016-01-05 14.45.36.jpg

    Eg gjekk av flyet som nr 2 og kom meg raskt igjennom passkontrollen. Gjekk rett til Aerobusskranken og betalte 5 euro for ein tur/retur-billett til hotellet mitt. Eg hadde booka meg inn på Sao Miguel Park Hotel. Flybussen gjekk etter 5 minutt og det var berre ein kort kjøyretur.
    2016-01-05 15.31.16.jpg

    Utsikt frå balkongen på Sao Miguel Park Hotel.
    2016-01-05 15.31.59.jpg

    Nokon bilete frå Ponta Delgada

    2016-01-05 16.54.12.jpg
    2016-01-05 17.01.43.jpg

    Det har generelt vore behagelege temperaturar her i Ponta Delgada, mellom 15 og 20 grader. Til tider litt bris, men ikkje veldig mykje. Ein del regn idag gjorde at eg droppa den planlagde utflukta til Sete Cidades, eg kan difor ikkje seie noko om øya Sao Miguel utanfor Ponta Delgada. Det eg kan gjere er å anbefale biffen på ein restaurant som heitte O Aviao, den var meget god!
     
    Are, Edin, peterfox and 10 others like this.
  11. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Spennende.....men bilder av flyet da mann....:):)
     
  12. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Skal prøve å få til det på returen i morgon. ;)
     
  13. chrisbu

    chrisbu Senior Medlem

    Innlegg:
    877
    Likes mottatt:
    755
    Bonuspoeng:
    93
    Frexinetten er overhodet ikke fin ;) kunne like godt servert oppvaskevann :p
     
    sexten and afirm like this.
  14. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Hehe, som sagt, eg er håplaus på slikt. Syns det meste smakar greit.
    Hadde sikkert drukke oppvaskvatn og, dersom det vart servert på ei fin flakse :D
     
    Are, sexten, LineE and 6 others like this.
  15. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Flott rapport! Spennende å lese om noe anerledes :)
     
  16. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Det er idag 5 flygingar mellom PDL og LIS. Utanom dei to som RyanAir står bak so er alle tre codeshares mellom TAP og SATA.
    S4320/TP6522 kl 08.25 og S44012/TP6602 kl 19.10 er operated by SATA.
    TP1868/S48868 kl 20.10 er operated by TAP.
    Om dette varierar frå dag til dag veit eg ikkje.
     
    Baldrick liker dette
  17. Baldrick

    Baldrick Cunning Planner

    Innlegg:
    1,793
    Likes mottatt:
    4,523
    Bonuspoeng:
    113
    Et spørsmål som dukker opp her også, er hvilket program man bør kreditere poengene til.
    Jeg fikk jo, som mange andre her, matchet til Alitalia gull. Det er det eneste jeg har i Skyteam foreløpig, så det virker mest fornuftig, uten at jeg har satt meg inn i alternativene..
    Og når det er avklart; får man noe i det hele tatt på strekket mellom LIS og PDL? Har du erfart/sett noe på dette?
     
  18. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Eg krediterte KLM-legsa til Flying Blue, sia eg var medlem der frå før. SATA kan krediterast til SATA Imagine eller TAP. Eg laga meg ein konto på SATA Imagine, tenkte det ikkje skada å ha poenga der i tilfelle eg skal til Azorene igjen. Veit dog ikkje kor mykje poeng egfår.
    Har allereie konto hjå både SAS og Turkish. Såg ikkje noko nytte av endå eit star alliance-program.
     
    Baldrick liker dette
  19. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,230
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Spørmål: Flyr KLM fra Terminal 3 i CPH? Altså der Oslo-flyet til SAS går fra? Fant akkurat ut at jeg kanskje får litt dårlig tid mellom flightene på vei hjem.. :eek:

    EDIT: Fant ut at de flyr fra Terminal 2.. Dette kan holde hardt! :p
     
    Last edited: 10. jan 2016
  20. chrisbu

    chrisbu Senior Medlem

    Innlegg:
    877
    Likes mottatt:
    755
    Bonuspoeng:
    93
    Så lenge du ikke skal sjekke inn bagasje spiller det vel ingen trille.
    CPH er da inderlig en terminal etter security, OSL flyet går vel ofte fra B-gatene, KL går fra A-gatene men jeg har tatt Oslo flyet fra A-gatene flere ganger også,
     

Del denne siden