Reisebrev: Langs landevegen (bestemt form eintal) i Aust-Finnmark (Varangerhalvøya)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 11. aug 2020.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    E75 frå Varangerbotn til Hamningberg
    2020 skulle bli det året då vi alle måtte ta ein kortreist ferie. Dette reisebrevet skal ta deg langsmed europaveg nummer syttifem, E75, frå Varangerbotn i vest til Hamningberg i aust. Undervegs stoppar vi både her og der, m.a. i Nesseby, Vadsø, på Ekkerøy, Komagvær, i Kiberg og Vardø.

    0000.jpg
    Reisebrevforfattaren ser utover mot Barentshavet på Ekkerøy ved Vadsø

    0001.jpg
    E75 følgjer sørsida av Varangerhalvøya heilt aust i Finnmark
     
    Last edited: 11. aug 2020
    Lnbre, Stuttfeiten, OttoL and 16 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Litt om reisebrevet
    Dette vetle skriftet du no har framfor gluggene eller sjåglasa er tufta på ein køyretur eg og ein god ven gjennomførte no i juli 2020.

    Sidan Varangerhalvøya har vore mitt heimeområde no i over seks år vil dette reisebrevet ta nokre avstikkarar i tid for å kanskje gi eit breiare bilete av eit område eg har vorte glad i.

    Til åtvaring: Eg er glad i historie og natur. Det vil mest truleg gjennomsyre dette reisebrevet. I tillegg er eg ganske nerdete, så på førehand ber eg om orsaking. Kanskje...

    0002.jpg
    Drakkar, Vardø
     
    Lnbre, Stuttfeiten, Upsaker and 15 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Praktiske tips for reisa til Varangerhalvøya
    Det å skulle gi råd til andre av praktisk art er sjølvsagt veldig vanskeleg og sidan ulike menneske har ulike behov vil aldri denne bolken bli uttømmande, men nokre generelle tips har eg likevel på lur.

    Fly til Varangerhalvøya:
    Det er flyplass både i Vardø (VAW) og Vadsø (VDS). Desse to høyrer til kortbanenettet og er trafikkert av Widerøe (WF).

    Vadsø (VDS) har kommersiell rute til Tromsø (TOS) og er dermed kan du kome deg hit ved å svi av nokre eurobonusbpoeng (eller få klingande poeng i bingen dersom du heller går for å kjøpe billettar).

    Du kan òg fly til Kirkenes (KKN) med Norwegian (DY) eller SAS (SK), derifrå er det ca. 120 km til Varangerbotn som er startpunktet for dette reisebrevet.

    0003.gif

    Litt om avstandar
    Merk at frå Alta (ALF) er det rolege 400 km til Varangerbotn, frå Tromsø (TOS) er det solide 740 km. Frå Oslo (OSL) er det småfrekke 1 850 km til Varangerbotn (dersom du kan køyre gjennom Sverige og Finland (gjennom Noreg er det 2 250 km)).
     
    Last edited: 12. aug 2020
    Stuttfeiten, OttoL, Upsaker and 12 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Vêr og klede
    Heile Varangerhalvøya ligg svært ope til for alt av vind og vêr som kjem nordfrå, sørfrå, austfrå og vestfrå – samt det innimellom. Difor vil alt av vindtett tøy vere nærmast uunnverleg – sjølv midtsommars!

    Ordet 'tosifra' er faktisk ei greie her. Det er eit utelukkande positivt omgrep og brukast når temperaturen er 10 varmegrader eller høgare. Det er ikkje uvanleg med temperaturar under +10. Ta med ull(under)tøy, jakke, lue, skjerf og vottar – sjølv midtsommars.

    Vinteren varar, som du forstår, lenger her enn mange andre stadar. Det er ikkje uvanleg med snø på bakken frå november til godt uti mai, kanskje til juni. Vil du gå på ski er mars og april best. Vil du gå til fots er august og september best.

    0004.jpg
    Ein fin aprildag vinteren 2020

    Tidsbruk på Varangerhalvøyas sørlege del:
    For den reiseruta som er vist i første post er mykje (neppe alt) overkommeleg i løpet av rundt to eller tre heile dagar – frå tidleg morgon til sein kveld. Dersom du vil gå mykje på tur er det sjølvsagt nødvendig med meir tid.

    ***

    Vi set eit førebels punktum for denne generelle tipsbolken, men spør gjerne om du lurer på noko!
     
    Last edited: 13. aug 2020
    Stuttfeiten, OttoL, Upsaker and 10 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Sørsida versus nordsida av Varangerfjorden
    Vi tek oss tid til ein aldri så liten brannfakkel når det kjem til kva side av Varangerfjorden som er 'best'. Sørsida av nemnde fjord omfattar m.a. Kirkenes og Pasvikdalen. Nordsida er det området som dette reisebrevet skal handle om – snart.

    Ja, vi veit jo alle at smaken er som baken og at somme synst dattera er fin, andre går for sonen osv. Under følgjer to bilete, det eine frå Sortbrysttjern i Pasvikdalen (altså sørsida av Varangerfjorden), det andre frå Andersbyvannet ved Vadsø (altså nordsida av Varangerfjorden).

    0005.jpg
    Sortbrysttjern, sørsida av Varangerfjorden

    0006.jpg
    Andersbyvannet, nordsida av Varangerfjorden

    Sørsida er delvis lik Østerdalen med tett skog (lauv- og barskog) som veks kloss inntil dei mange vatna og tjørnene. Det er få eller ingen punkt som er høge nok til å gi utsikt, rett nok med eit unnatak av dei delane av sørsida som ligg heilt inntil Varangerfjorden.

    Nordsida er meir lik ei fjellvidde som Rondane, men utan dei høge toppane. Likevel er det ingen skog som stengjer for utsynet og du ser langt, kilometervis. For meg som liker 'öppna landskap' er det ingen tvil om at nordsida er best.

    Bli med, då vel, til nordsida av Varangerfjorden!

    0008.jpg
     
    Last edited: 11. aug 2020
    Stuttfeiten, OttoL, Bolle and 14 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Eit lite nerdehjørne: Språk på Varangerhalvøya
    Dette reisebrevet skal ta oss gjennom fire kommunar: Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord. I dette området er det like mange språk som blir brukt i det daglege, altså fire.

    Nesseby er tradisjonelt ein samiskspråkleg kommune. Vadsø er tradisjonelt ein finsk-/kvenskspråkleg kommune. Vardø og Båtsfjord har begge samisksprålege tradisjonar. Fornorskinga har gått sin gang over heile fjøla, så om du berre kan norsk så går det bra.

    Dersom du har vore litt årvaken no har du merka at eg berre har omtalt tre språk. Kva med det fjerde språket? Jo, det er russisk. Kor nært dette området ligg Russland kjem til syne på fleire måtar. Dersom du stiller inn FM-radioen din på 103,6 mHz finn du Bol'sjoe radio som sender frå Murmansk og speler alt frå storslagne korsongar med 2. verdskrig som tema til røff hardrock. Både russisk, fransk, finsk, norsk og engelsk er av reisebrevforfattaren registrert som språk på denne radiostasjonen.

    Når du først er på FM-nettet så kan du sjølvsagt stille inn finsk radio. YLE har eit rikhaldig programtilbod. Min favoritt er 'Throwback party' som dei sender på fredagskveldane på YLEs ungdomskanal. Eit anna snasent program går på YLEs samiskspråklege kanal og er eit nyheitsmagasin der sakane blir introdusert på finsk, medan innslaga kan vere på svensk, finsk, samisk eller norsk.

    0007.jpg
    Kråkeboller med Varangerfjorden i bakgrunnen

    ***

    Kanskje skal vi no få starta dette reisebrevet? Vi prøver!
     
    Last edited: 12. aug 2020
  7. dahlmath

    dahlmath Aktivt Medlem

    Innlegg:
    320
    Likes mottatt:
    420
    Bonuspoeng:
    63

    Bra start på reisebrevet !!


    //M
     
    Kristian liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Første stopp: Varangerbotn
    Varangerbotn (sam.: Vuonnabahta) er utgangspunktet for dette reisebrevet og ligg der E6 og E75 skil lag – eller møtast. Varangerbotn er kommunesenteret i Nesseby (sam.: Unjárga). Sjølve plassen er ikkje så veldig spennande, men det er to grunnar til å gjere eit aldri så lite stopp her.

    Dei sjøsamiske utstillingane
    Varanger samiske museum (sam.: Várjjat Sámi Musea) har ei ganske interessant sjøsamisk utstilling og er verdt ein time av livet ditt – spesielt når du først er i området. Ta deg tid til å lese informasjonen som er tilgjengeleg på nokre av skjermane i lokalet. Sjekk prisar og opningstider på heimesida til museet.

    0010.jpg
    Utsida av Varanger samiske museum, Varangerbotn

    Museet har òg eit uteområde som viser byggeskikk og typiske båtar som har vore i bruk. Då vi gjesta museet kom det ei skikkeleg trollskur som gjorde at biletet under er det einaste eg fekk med meg frå denne utandørsdelen:

    0011.jpg

    Mat i Varangerbotn
    Serveringsstaden Trattoria Capri vart i 2017 kåra til Noregs beste vegkro. Innehavaren er ein triveleg kar og maten er slett ikkje ille. Diverre var staden stengd då vi var innom der i juli 2020 og måtte til Tana Bru (20 minutt køyring vestover, altså feil veg) for å få mat i skrotten. Om Trattoria Capri kjem til å opne etter koronaæraen vil berre tida vise.
     
    Last edited: 11. aug 2020
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    To korte stopp: Gorgŋetak og Nesseby kyrkje
    YLE stiller med finskspråkleg hardrock eller samiskspråkleg rap medan du køyrer ut av Varangerbotn og inn på den delen av E75 som er ein nasjonal turistveg.

    Gorgŋetak
    Knappe 7 km frå Varangerbotn ligg Gorgŋetak (nor.: Gornitak). Her kan du gå på toalettet. På mine drygt seks år her i Aust-Finnmark hadde eg aldri tidlegare stoppa her ved Gorgŋetak før no i juli 2020. Om du har tid, stopp gjerne. Det faktum at eg ikkje har eit einaste bilete frå vårt stopp her er kanskje tilfeldig, men neppe heilt. Biletet under er lånt frå Internett:
    0012.jpg

    Merk at Gorgŋetak er vinterstengt frå oktober til mai, så då må du pisse i havet...

    Nesseby kyrkje
    I 1944 innsåg Nazi-Tyskland at dei ikkje greidde å halde på Nord-Troms og Finnmark og nytta då 'den brente jords taktikk' slik at Sovjetunionens Raude armé ikkje skulle få nokre fordelar då denne rykka inn i Noreg.

    Av denne grunn er absolutt alle bygningar frå før 1945 automatisk freda i Finnmark. Éin av desse bygningane er Nesseby kyrkje. Ho ligg knappe 7 km aust av Gorgŋetak.

    Kanskje verkar ikkje kyrkja særleg spesiell der ho står, men ta turen ned til henne og unn deg eit lite stopp ved Nesseby kyrkje frå 1858. Eg har stoppa ved kyrkja mange gongar – både sommar og vinter. Kvar gong blir eg slått av kor fint til ho ligg. I tillegg er kyrkjebygget i seg sjølv vakkert om enn enkelt.

    0013.jpg
    Nesseby kyrkje, cirka 13 km aust av Varangerbotn

    Neste stopp: Fleire tusen år gamle spor av busetnad på Mortensnes.

    0014.jpg
    Litt geografisk repetisjon

     
    Last edited: 11. aug 2020
    Lnbre, Stuttfeiten, OttoL and 11 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Fjerde stopp: Mortensnes
    Kva med å bruke litt tid til å sjå spor av menneske som er 10 000 år gamle? For andre gong var eg i år på Mortenesnes (sam.: Ceavccageađge) og igjen vart eg slått i bakken av å ta innover meg at her har det budd folk i tusenvis av år.

    Mortensnes ligg knappe 20 km aust av Varangerbotn (eller 30 km vest av Vadsø). Då vi starta dagens køyretur var temperaturen +22 grader, men då vi kom til Mortensnes var vi nede i +15. Idiotisk nok hadde eg ikkje tatt med meg jakke...

    Likevel tok vi oss god tid til å lese informasjonstavlene langsmed turstien gjennom kulturminneområdet. Når ein må tilbake til rundt 8 000 år før Kristi fødsel for å få med starten av lokalhistoria går det litt rundt for meg, altså.

    0015.jpg
    Gropa i forkant er restane av ei fleire tusen år gamal hustuft

    0016.jpg
    Offersteinen Ceavccageaðge som skal gi fiskelukke

    Kva tenkte folk om det landskapet dei såg rundt seg for mange tusen år sidan? Kva var det som fekk dei til å busetje seg akkurat på Mortensnes? Slike tankar slo meg mange gongar medan vi vandra rundt i 'gamle spor'.

    For opningstider til museet på Mortensnes (berre ope i sommarferien), sjå nettstaden til Varanger samiske museum. Her inne har eg aldri vore, så kanskje du kan gi ein liten rapport frå sjølve museet? Uteområdet er ope året rundt.
     
    Last edited: 12. aug 2020
    Stuttfeiten, OttoL, Earl and 9 others like this.
  11. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    796
    Likes mottatt:
    2,969
    Bonuspoeng:
    93
    Ha! Der tenker jeg det skal bli trafikk på nordsida! Vi kommer i hvertfall.
    Morsomt å få reisebrev fra et område hvor vi ( eks-forloveden og jeg) kan bekrefte eller avkrefte forfatterens virkelighetsbeskrivelse. Så langt alt vel.
    Spent på hvem som kommer først til Hamningberg denne gangen: Reisebrevet eller yours truly!
     
    Stuttfeiten, Eddie47 and Kristian like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Takkar, forhåpentlegvis held reisebrevforfattaren koken framover!
     
    dahlmath liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Eit spenningsmoment som gjer dette reisebrevet til ein 'gysare'!
     
    Berlioz liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Eit mellomstopp: Vestre Jakobselv
    Vår vetle landevegsreise i juli 2020 gav oss ikkje tid til å stoppe i Vestre Jakobselv (sam.: Ánnejohka; kve./fin.: Annijoki), men reisebrevet tar likevel turen innom. Vi har no kome oss 33 km aust av utgangspunktet Varangerbotn, det gjenstår rundt 18 km før vi kjem fram til kvenbyen, Vadsø.

    Bygda Vestre Jakobselv, lokalt omtalt som 'Jakobselv' (bland no for Guds skuld ikkje Vestre Jakobselv med Grense Jakobselv, det blir som å blande Østfold og Vestfold), er i seg sjølv ikkje noko å stoppe for. For meg er Vestre Jakobselv eit utgangspunkt for skiturar og difor blir plassen tatt med i dette reisebrevet.

    På sørlege del av Varangerhalvøya går det eit godt preparert løypenett, spesielt med Vestre Jakobselv og Vadsø som utgangspunkt. Særleg utover i mars og i april utvider løypenettet seg slik at ein tidvis kan gå på ski heilt frå Tana til Vadsø i maskinpreparerte løyper, ein tur på rolege 90 km.

    0018.jpg
    Skitureldorado

    Dei beste skiturane har eg hatt til 'fjelltoppen' som på folkemunne blir kalla 'Tre-fem-og-førr'. Nei, toppen ligg ikkje 345 m.o.h., men 353 m.o.h. og heiter offisielt Nissoláhttenvárri, ein skitur i lettgått alpint fjellterreng med skikkeleg vidsyn. Turen er på rundt 20 km om du går ut frå Vadsø, rundt 25 km om du startar frå Vestre Jakobselv.

    0017.jpg
    Siste 'kneika' opp til 'Tre-fem-og-førr' frå Jakobselv

    0019.jpg
    Innover mot Silstadhaugen frå Vadsø

    Sjekk appen eller nettstaden Skisporet for oppdatert status på når skiløypa sist vart preparert. Ta vêret på alvor, løypene kan fyke igjen på berre nokre minutt dersom vinden tar seg opp. Mobiltelefondekninga er i beste fall flekkvis, så du må sjølv kunne finne vegen tilbake til sivilisasjonen.
     
    Last edited: 12. aug 2020
    Stuttfeiten, Eddie47, Earl and 8 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Eit urbant mellomspel
    Det heiter seg at det er mange byar i Belgia, men det er sanneleg tett mellom byane på sørsida av Varangerhalvøya, òg, skal eg seie deg!

    For å omstille oss frå vinterbileta i førre post tilbake til sommartid som er normaltida for dette reisebrevet kan vi ta å gløtte litt på alle dei urbane namna som vi har her i området.

    Mellom Varangerbotn og Ekkerøy finn vi følgjande byar:
    – Nesseby
    – Bergeby
    – Paddeby
    – Andersby
    – Kiby

    0020.jpg
    Det urbane Aust-Finnmark

    Det kan godt vere at eg har gløymd av ein by eller to...
     
    Stuttfeiten, Eddie47, Earl and 8 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Sjette stopp: Vadsø
    50 km aust av Varangerbotn ligg Vadsø (kve./fin.: Vesisaari ; sam.: Čáhcesuolu). Heilt til fylka Finnmark og Tromsø vart slått saman var byen med knappe 5 000 innbyggjarar fylkeshovudstad i Finnmark. Tradisjonelt har byen vore prega av svært mange offentlege arbeidsplassar og difor blir han omtalt som 'snobbebyen'.

    Dersom vi tar omsyn til at Kirkenes har vore prega av gruvedrifta i Bjørnevatn og Vardø har vore ein fiskeriby, så er det kanskje ikkje rart at ein by med svært mange kontorrotter har vorte sett på som litt 'snobbete' av fiskarar og gruvesluskar.

    0022.jpg
    Vestre del av Vadsø

    Er Vadsø verdt eit stopp når du køyrer E75? La meg svare slik: Då eg første gong besøkte byen for sju år sidan tenkte eg at han såg sjarmlaus og sliten ut. Enkelte bygningar fekk meg til å tenkje på byggestilen i eit visst austblokkland – rett nok i nedskalert format.

    Min brutale dom etter mange år i høgget er at Vadsø er inga arkitektonisk perle, men det er eit 'men' her. For å svare på spørsmålet stilt i førre avsnitt, er det verdt å stoppe i Vadsø? Sjå deg ikkje blind på det som kanskje ikkje er heilt topp vedlikeheldt, byen er faktisk verdt eit lite stopp, kanskje ein dag, kanskje to.

    I dei neste par innlegga skal eg prøve å presentere Vadsø etter beste evne. Det blir litt om kva du finn i sjølve byen og kva dei nære omgjevnadene kan by på.

    0021.jpg
    Monumentbakken, Vadsø
     
    Last edited: 16. aug 2020
    Stuttfeiten, OttoL, Eddie47 and 8 others like this.
  17. RoadKing

    RoadKing Fastboende

    Innlegg:
    10,710
    Likes mottatt:
    18,159
    Bonuspoeng:
    293
    Meget interessant unge mann, hold fram som du ferder :)
     
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Byvandring i Vadsø
    På slutten av 1800-talet var omtrent 70 % av innbyggjarane i Vadsø av finsk avstamming, òg kjent som kvenar. Finnmark generelt og Vadsø spesielt var målet for ei stor folkevandring som pågjekk samstundes som at svært mange lenger sør i Noreg prøvde lukka i Amerika. Professor emeritus i historie Einar Niemi omtaler Finnmark som vårt eige Amerika, 'det forjettede land' i eit intervju med NRK.

    Byen består av fire område: Indre kvenby (på folkemunne 'Indrebyen'), Ytre kvenby (på folkemunne 'Ytrebyen'), sentrum og Vadsøya. Dei to førstnemnde er i all hovudsak bustadstrok, medan dei to sistnemnde kan vere verdt å gløtte innom.

    0024.jpg
    Vadsø kyrkje

    No har eg saumfart mitt eige biletearkiv og trass i at eg har traska gatelangs i Vadsø svært mange gongar så finn eg ikkje eit einaste bilete av sjølve sentrumsgatene. Difor må du sjølv kome og sjå korleis det ser ut i kvenbyen.

    Museum i Vadsø
    Lenge har eg hatt lyst til å gjeste Vadsø museum, òg kjent som Ruija kvenmuseum, men det har vel aldri passa seg slik. Når ein først er i storbyen så er det så mange andre ærend som har forrang... Planen har òg lenge vore å stikke innom handelshuset Esbensensgården som er ein del av Vadsø museum. Ei heller dette har det vorte noko av.

    Turen som er utgangspunktet for dette reisebrevet vart ikkje lagt innom Vadsø museum, men no i år er det stengt grunna ombygging og korona.

    0023.jpg
    Hamnebassenget i Vadsø
     
    Last edited: 12. aug 2020
    Stuttfeiten, OttoL, Eddie47 and 7 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Mett i Vadsø?
    Når ein er i Vadsø kan ein ete mat på opptil fleire plassar.
    – Du får ein ålreit lønsj hos Opticom, pizzaen der er òg god.
    Påls matopplevelser er heller ikkje så verst.
    – Maten på hotellet har eg ikkje prøvd utover på eit og anna arrangement, men det seiast at det skal vere etande.
    – Ein plass som eg berre har prøvd éin gong er Indigo og eg vart mett og fornøgd. Dei har ein gatekjøkkenvariant på hjørnet og denne er slett ikkje upopulær i somme krinsar. Kebaben der er god, men ulik den du får alle andre plassar eg har prøvd 'babb'.
    Mølla er det nyaste skotet på stammen og denne har eg ikkje fått prøvd ordentleg enno, men pizzaen der var ikkje ueffen.
    – Til slutt nemner eg Bajazzo som lenge har hatt ålreit pizza, men ordet på gata seier at sjappa har gått konkurs.

    Av desse plassane blir Opticom og Mølla til noko som liknar meir på 'drikkebuler' utover kvelden, særleg i helgene. Bajazzo var den brune bula. Påls matopplevelser stengjer tidleg, type kl. 1700, meiner eg.

    Ingen av dei nemnde plassane over har stjerner i ein verdskjent matguide, sikkert med god grunn, men sidan eg ikkje er spesielt kresen når det kjem til mat, så er eg stort sett glad berre eg får servert noko eg kan dytte inn i kjeftamentet. Og til no har eg til gode å ikkje like maten.

    Elles er ikkje dei lokale framande for å køyre til Trattoria Capri i Varangerbotn (vi får sjå om denne opnar igjen), til Elvekroa på Tana Bru eller til Vardø hotell. Sjølv har eg ete lønsj i Inari (sve.: Enare), ein køyretur på rolege fire timar – éin veg.

    0025.jpg
    Vadsø og Varangerfjorden
     
    Last edited: 12. aug 2020
    Stuttfeiten, OttoL, Eddie47 and 8 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    4,323
    Likes mottatt:
    19,286
    Bonuspoeng:
    183
    Takk, takk! Velkomen med, unge herre! :)
     

Del denne siden