Reisebrev: Mi store koronareise (m/keikoavstikkar)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 25. mai 2020.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Vanlegvis innbyr plinget på telefonen om at innsjekk har opna eit varsel om noko godt, noko gledesfylt, noko ein ser fram til.

    Då telefonen i går varsla meg om at Widerøe hadde opna for innsjekk i dag var det ikkje ei kjensle av positive forventningar som kraup innunder huda. Hadde plinget eit meir illevarslande preg over seg? Absolutt!
     
    drsyk, funkenstein, EndreD and 11 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Søringkarantena må brytast
    Eigentleg skulle dette bli eit reisebrev frå nordsida av Island, men då koronaen slo til for fullt vart den turen naturleg nok avbestilt. I samråd med opphavet blir det i staden ein tur frå Aust-Finnmark til Trøndelag, frå eit koronafritt nord til eit forpesta sør...

    20200525_081410.jpg
    VDS
     
  3. Jorge

    Jorge Veteran

    Innlegg:
    4,666
    Likes mottatt:
    6,657
    Bonuspoeng:
    183
    Endelig et ferskt reisebrev! :)
     
    Rscott, holmen and Kristian like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    WF972 frå VDS til TOS
    Trass i at to av fire flyplassar på Varangerhalvøya er stengd som følgje av eit virus, var innsjekken på VDS (Kiby internasjonale lufthamn) effektiv. Kjentfolk trefte eg òg på, sjølvsagt.

    WF972 er ein avgang som går frå TOS via ALF, KKN og VDS før retur til TOS. Frå VDS skal flyet etter ruteplanen gå kl. 0838 (ikkje 0835 eller 0840).

    Widerøe har eit pragmatisk forhold til tid: Dersom alle er på plass og sjåføren er klar, så blir det take-off.

    Allereie før oppsatt ombordstigning sat vi alle pent og pynteleg ombord og kapteinen annonserte flytid på 1 time og 5 minutt, litt kortare enn ruteplantida som er på 1 time og 12 minutt.

    20200525_083159.jpg
    Er det Tanafjorden, tru?

    Fast takst for min del på akkurat denne ruta er appelsinjuice og lefse, men eit eller anna virus har stoppa alt av servering, jamvel om du vifter med tusenlappar og viser ditt beste dollarglis... For ein skam!

    Så der sat eg, på ramperekka, sete 10D, utan verken vått eller tørt heile flyturen. Balja var sjølvsagt smekkfull, det vil seia 18 passasjerar.

    Det var ein grei tur gjennom Finnmark med god utsikt til eit snødekt landskap og blåe fjordarmar. Sjølvsagt er det litt stusseleg at det ikkje er ei lita servering og at ombordmagasinet 'Perspektiv' er rydda bort som følgje av koronaen...

    20200525_090945.jpg
    Like nord av Lyngen
     
    SAJblue, Lnbre, drsyk and 11 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Keikoavstikkaren i Tromsø
    Opphavet hadde bestilt 3 kg keikokjøt, eller kvalkjøt om du vil. På fiskehandelen på Heimdal kostar kvalkjøtet 299 kr per kg, på Eide handel i Tromsø er prisen 159 kr per kg. Så då vart det klokkeklårt for opphavet korleis eg skulle bruke den halvannan timen eg hadde til disp mellom flya på TOS.

    WF972 landa småfrekke 30 minutt før rutetid, noko som gjorde turen bort til Eide handel i Eidkjosen hakket mindre nervepirrande. Kva gjer ein ikkje for at far skal få smatta i seg litt keiko? Heldigvis blir det litt på meg, òg.

    20200525_092906.jpg
    Sandnessundet mellom Tromsøya og Kvaløya

    Som løn for strevet til meg sjølv med å jakte ned keikokjøtet innvilga eg meg ein solid softis med kakesstrø på Eide handel. Satan, det skal bli godt å kome seg til ein landssdel som ikkje insisterer på å kalle kakestrø på softis for tutti-frutti. Æ bli forbannja!
     
    SAJblue, Lnbre, Points4Fun and 16 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Direkte eksotisk reiserute blir det ikkje, men no for tida er det jo nærmast eksotisk i seg sjølv å fly. Neste flyging blir med maske... Det blir spesielt...
     
    Eddie47, OttoL and Jorge like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Fasilitetar og stemning på TOS
    Vanlegvis går ein jo i bollebua når ein er på TOS, Langnes internasjonale flakseplass. No er det ikkje sånn lenger. Spørsmålet er kor eg skal la meg bli flådd? Øpper krøst? Eller er dei koronastengt? Blir det pølse på Narvesen? Eller kjem eg til å forgå av svolt? Dette kan bli nesten like spennande som då tre brør jakta på nokre svært spesielle steinar! Kanskje...
     
    Points4Fun, Sonictravel, Earl and 7 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Lite folk på TOS:
    20200525_103453.jpg

    Og Fast track er stengt:
    20200525_103503.jpg
     
    SAJblue, Points4Fun, drsyk and 10 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Elles ser det ut til at WGH har sett seg nøydde til å 'relansere sørvis'. Slik eg forstod skiltet i farta må du ringje til skranken, ikkje snakke direkte til folka som står der og ser ut som om dei arbeider i selskapet som blir portrettert i serien 'Fly with me'.

    20200525_103108.jpg

    Etter å ha venta litt, viste det seg at dei var tilsnakkande likevel og vips hadde frøkna sjekka inn keikokjøtet slik at opphavet blir nøgd.

    Elles er det svært lite koronapanikk ute og går, men eg føler meg utilpass ute blant bermen. Eg treng ein lounge! Heldigvis er utsikten ok+:
    20200525_104103.jpg
     
    SAJblue, Points4Fun, Kalsnes and 12 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    SK4571 frå TOS via BOO til TRD
    Herrefred, for ein ombordstigningsprodedyre. Møljeboarding hadde vore meir effektivt, men det er vel eit eller anna smittekrav. Kapteinen ønskjer velkomen ombord til maskeball og lover flytid på 35 minutt til BOO.

    20200525_111347.jpg

    Førebels dom om maskebruk: Satan, d hærran e f***e varmt!
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje lenge etter å ha tatt av valde sjåføren å leggje seg på høgde med fjelltoppane i Malangen, altså rundt 1 000 m. Å sjå rett ut på dei majestetiske fjella dekt av snø er nydeleg.

    Vel oppe i marsjhøgde fekk vi vite at koronasituasjonen hadde medført følgjande endringar av mellombels karakter:
    1) Ledig midtsete på alle innanriksflygingar. Mitt spørsmål: Gjeld ikkje dette på dei få flya til ARN og CPH?
    2) All servering er stansa. Min observasjon: Strengt gardinregime foran, men ikkje bak.
    20200525_114303.jpg

    Ledig midtsete kan vi like, men eg vil veldig gjerne ha servering. Min spådom er at etter koronaen ledig midtsete vere 'en saga blott' og servering likeså.

    Tankar rundt maskebruk: D e så satans innji grønnhælvete varmt.
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Interludium på BOO
    Damene køyrer ein fire--fem kontrollteljingar. Det synst eg er like artig kvar gong kor mange gongar dei sjekkar kor mange det er som er att på flyet osv. Elles har damene foran starta med matlaging. Blir det endeleg andebryst og deilig sjokoladeterte???
     
  13. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,319
    Likes mottatt:
    12,286
    Bonuspoeng:
    183
    Ferskvare er som regel det beste :)
     
    Kristian liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Systemet hos SAS er tydelegvis ikkje laga for mellomlandingar. Det er alltid nokon som får tildelt eitt sete frå TOS til BOO og eit anna sete frå BOO til TRD. Heldigvis var det ikkje meg denne gongen.

    Kapteinen lovar flytid på 50 minutt og melder at han skal til Stjørdalen. Då er det vel god sjanse for at han finn flystripa på Værnes. Alle dei som insisterer på at dei skal fly til Trondheim må då bli forvirra av Haakon VIIs gate?

    Masketankar: Dævven steike kor varmt d e!
     
  15. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,714
    Bonuspoeng:
    293
    Fly=eksotisk!
     
    Kristian liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Siste innspurt
    Damene bak gardina styrte med servering, det er eg sikker på. Men fekk eg mat? Nei. Sjåførane og damene sjølv, derimot, fekk tydelegvis... Har dei EBG? Trudde ikkje det, nei...!

    Elles er det svært stusseleg når damene ikkje går rundt med tralla si og byr på dette og hint. Sete 1C framstår ikkje som veldig attråverdig. Heldigvis kosta det berre fem og eit halv laken (eit halvt laken meir enn bermeklassebillett kosta på kjøpstidspunktet).

    Etter denne turen er det tre veker til neste runde i lufta. Eg må seia at det eigentleg ikkje er noko stas å fly no med maske og strengt gardinregime utan trallerunde. Når loungane er stengde i tillegg, så er det få positive opplevingar bortsett frå at forflyttinga går fortare enn med hestekjerre, sjølvsagt...

    Siste masketanke: Det fristar å fly DY eller berre WF neste gong for dette maskehelvetet var fader meg ukomfortabelt!
     
    Points4Fun, drsyk, BDUflyer and 10 others like this.
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,714
    Bonuspoeng:
    293
    Sitter du ikke på feil side av midtgangen?
     
    OttoL liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eit eller anna nek hadde rappa 1D! Skammeleg!
     
    Eddie47 and OttoL like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Opphavet har nyss fôra meg med heimelaga fiskesuppe, så då er ein trygt heime. Takk for følgjet folkens!

    20200525_172252.jpg
     
    Points4Fun, Upsaker, drsyk and 8 others like this.
  20. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Hyggelig med live reisebrev:).
    Enig i at det å fly med maske er varmt og jeg har så langt bare testet Oslo-Bergen på en ca 40 min i flytid... gruer meg til onsdag for da skal det flys Bodø-Oslo, lurer på hvordan masken føles når den har vært på i flyet i over 1 time:eek:
     
    Kristian liker dette

Del denne siden