Reisebrev: WOW i WAW?

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. okt 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    20221020_102544.jpg
    Varangerfjorden

    Vi skriv laurdag 22. oktober og dette er byrjinga på eit reisebrev som i all hovudsak skal handla om reisemålet, den polske hovudstaden, Warszawa. Der har eg aldri vore før. Så det store spørsmålet blir dette: Er det wow i WAW?
     
    kjeeli, Insomnia4u, geddi and 22 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa til Warzawa: Første etappe: Langs landevegen
    Sidan ingen norske flyselskap er i stand til å frakta meg ut av Finnmark (Tromsø er definert som Sør-Finnmark inntil fylkesoppsplittinga er eit faktum) på fornuftig vis på ein laurdag, fall valet på Finnair. Etter eit triveleg møte dette selskapet i sommar var ikkje dette eit vanskeleg val.

    Sidan Finnair ikkje flyg på kortbanenettet i Finnmark (sic!), må min Colt frakta meg til Ivalo lufthamn, ei strekning på rundt 300 km, eller cirka 4 timar. Heldigvis er det snø på vegane og elles fint.
     
    kjeeli, Bolle, geddi and 16 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    20221022_042507.jpg
    Samelandsbrua ved Utsjok

    Det er rart kor mykje ein får tenkt når ein køyrer bil i mørket. Turen starta frå 9800-byen kl. 0330 i natt. Å få tenkt er litt fint, eigentleg, aller mest fordi eg i heile haust har vore ulukkeleg forelska i ein fyr (han verkar ikkje å vera interessert i meg), så tankane krev litt (les: djevelsk mykje) ekstra plass.

    Vel, mitt indre sjels- og tankeliv skal ikkje vera tema i dette reisebrevet. I staden er det altså den polske hovudstaden som er hovudfokus. Ny by og nytt land for meg dette, så det kan bli bra!
     
    geddi, Calling, Sonictravel and 17 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa til Warzawa: Andre etappe: Ivalo lufthamn (IVL)
    Etter å ha køyrt gjennom Ivalo nordfrå svingte eg av E75 og etter nokre minutt såg eg Ivalo lufthamn framom meg som eit Soria Moria slott:
    20221022_081401.jpg

    Sidan eg hadde snuska til meg businessbilett med Finnair kunne eg gå i køa for prioriterte passasjerar. Det gjorde godt å passera bermen på ytre venstre og bli hyggjeleg møtt av ein effektiv kar som gjorde innsjekkinga unna på null komma svisj.

    20221022_082010.jpg
     
    kjeeli, Insomnia4u, geddi and 14 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    I tryggleikskontrollen var eg så heldig å bli tilfeldig utvald til litt sveiping. Diverre (?) ingen Tinder-match, men det var kanskje ikkje anna å venta heller. Nokre karar i grøne kamuflasjeklede framom meg i køa, men veldig roleg i kontrollen.

    Ivalo lufthamn har fem utgangar, ein liten kiosk som serverer kaffi, mineralvatn, lett mat og eit lite utval av souvernirar. Det er ikkje all verda, men det var høveleg for meg som var litt småsvolten etter drygt fire timar på landevegen.

    20221022_082958.jpg

    Med flyavgang kl. 0940 synst eg at trefte ganske så godt med tidskalkuleringa då eg parkerte kl. 0815. Innsjekken stengjer kl. 0855, så eg hadde greitt med tid.

    20221022_082814.jpg

    Ivalo er sjølvsagt definert som ein nordlysdestinasjon. Slik sett hadde eg venta fleire frå Asia her no, men det er flest finnar, samt nokre amerikanarar, om eg ikkje tek i miss av talemåla ikring meg her.
     
    kjeeli, geddi, Calling and 18 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa til Warzawa: Tredje etappe: AY637: IVL--KTL--HEL
    Til denne flyturen hadde eg business. Som kanskje mange veit har Finnair ikkje anna enn økonomiklasse på sine innanriksruter, men med fem timar mellomlanding på Vantaa meinte eg at C-billett var ei ålreit investering.

    Sjølv utan status i Oneworld-alliansen hamna eg med min businessbillett i ombordstigningsgruppe nummer 1. Det gjekk ryddig føre seg utan knuffing. Eg trur gruppenummer er enklare å forstå enn gruppebokstavar som SAS insisterer på.

    20221022_090213.jpg
    OH-LXC, A320, 21 år gamal

    20221022_091841.jpg
    Nokså nytt interiør
     
    geddi, Calling, Sonictravel and 17 others like this.
  8. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,900
    Likes mottatt:
    57,540
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
    Og god start på reisebrevet, som vanlig. Gleder meg til fortsettelsen. :)
     
    Kristian liker dette
  9. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,706
    Bonuspoeng:
    293
    God tur, dette må da bli bra! Tror jeg har vært 50 ganger på WAW, men aldri utenfor flyplassen.

    Bare så du vet det, Finnair flyr på kortbanenettet på Vestlandet

     
    Calling and Kristian like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Definerer du Flesland som ein del av kortbanenettet? :eek::D
     
    Last edited: 22. okt 2022
    Earl, Are, indahla and 1 other person like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    AY637 starta altså i Ivalo (IVL). Etter tjue minutt, heilt utan servering, stod vi parkert på Kittilä (KTT). Her var det nokre avstigande og ein god dose påstigande passasjerar.

    Full balje frå KTT ned til Vantaa (HEL). Ikkje snakk om ledig midtsete, nei! Sjåføren var ute og sparka i dekka og myste på vengjene. No pågår teljing med god gamaldags 'klikkar'.

    Forventa landing på HEL er 1210, forresten, men ombordstigninga her på KTT var fullført allereie 1020, så vi har god tid! Kapteinen lover flytid på éin time og ti minutt!

    20221022_102315.jpg
     
    Last edited: 26. okt 2022
    kjeeli, Insomnia4u, geddi and 19 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Som vanleg serverer Finnair blåbærsaft og vatn til alle på sine innanriksturar. Det store spenningsmomentet for min del var om eg hadde bestilt noko mat eller ei på førehand, men det viste seg at det truleg er på returen nordover om nokre dagar.

    Elles ein effektiv flytur og AY637 landa på Helsingfors lufthamn omtrent 25 minutt før rutetid, like ved Finnairs lounge (meir om denne seinare). Reisebrevskribenten skal ut og gjera seg kjent på flyplassen, kan hende finn han noko spennande!
     
    Calling, Sonictravel, Gribb and 15 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Sett:
    20221022_124826.jpg
     
    Sonictravel, Upsaker, Earl and 2 others like this.
  14. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    21,705
    Bonuspoeng:
    293
    Riktig god tur!
    Warszawa er en fin by å besøke. Kanskje litt kaldt nå..?
     
    Gribb and Kristian like this.
  15. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,706
    Bonuspoeng:
    293
    Der ser du!
    44 min med flytoget for 20kr så er jeg på Finnairs rutenett, mens andre fra utbygda må kjøre i timevis.
    69B49C64-0D0D-4392-A5BE-E8462D3D2712.jpeg
     
    Calling liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! Det var seks minus i Aust-Finnmark i går, og det er meldt rundt 15 i WAW. Det skal nok gå heilt greitt! :cool::)
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Haha, joda, men eg kverrulerer mest på at Finnair ikkje er på kortbanenettet (i Finnmark (og ei heller Noreg generelt)). Og korkje AES eller BGO er vel på kortbanenettet, med mindre Avinor har kome med ei klassisk forbetring à la SAS som eg har gått glipp av. Det er mogleg eg er faktaforvirra, men det skal eg slutta med sporenstreks, om det kan passa herren :D
     
  18. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,706
    Bonuspoeng:
    293
    Finnair flyr for Widerøe på vestlandet ....
    God tur ut i verden!
     
    Kristian liker dette
  19. themichael

    themichael EBD

    Innlegg:
    1,176
    Likes mottatt:
    3,233
    Bonuspoeng:
    113
    God tur til WAW! Jeg har vært der to uker siden og konkluderte med at byen er absolutt verdt et besøk, så neste reise er allerede bestilt til våren :D.

    Bare litt synd at du ikke får nytte champagne i LOT loungen på veien tilbake. Blir vel bare vanlig bobler i Preludium loungen med Finnair :p.
     
    Kristian liker dette
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa til Warzawa: Fjerde etappe: Finnairs lounge på Vantaa (HEL)
    Finnairs lounge innan Schengen-området ligg ikkje langt unna tryggleikskontrollen og utgang 23 (om eg såg rett), oppe i andre etasje. Her har mange sitjeplassar utsikt rett ut til flystripa, og der er det mykje å følgja med på:
    20221022_143332.jpg

    No fekk eg ikkje fotografert serveringsområdet då det var ein del folk der, men maten er nokså enkel: pannekaker på storleik med ei lita handflate, smørbrød med ost og salatblad, grønsaksgryte, potetar, suppe, salat pluss drikke av ymist slag. Det er kanskje på høgda med innanriksloungen til SAS på Gardermoen? Kanskje litt under...
     
    Last edited: 22. okt 2022
    Calling, Sonictravel, Gribb and 13 others like this.

Del denne siden