God morgon frå TOS!
Heimturen er i gang. Det er artig å fly. I dag ventar varianten Finnair operert av Widerøe til Vantaa (HEL). Den er ny for meg!
Finnair forkledd som Widerøe
Elles var eg på utandørs spelteater i går: Slaget på Testiklestad, Noregs nest største spel, ein parodi på sjangeren og full av komikk. Her er plottet presentert på sp(r)elsk vis:
For å seia det på trondheimsk: Det va så læna at æ flira så æ vart heilt klar!
Ha ein flygande og humørfylt dag!
Last edited: 25. juli 2022