Stuttfeiten og teleskopet på golftur.

Tråd i 'Reisebrev' startet av Fluffybunny Stuttfeiten, 06. aug 2021.

  1. Fluffybunny Stuttfeiten

    Fluffybunny Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,441
    Likes mottatt:
    18,543
    Bonuspoeng:
    183
    Har booka opphald på golfresort i Belek. Dei slit med skogbrannar og lite gjestar, så med tilgang til bassenget frå terrassen tenkjer eg at vi skal kunne holde oss for oss sjølve mesteparten av tida.
    "So, Mr. Stuttfeiten, will you start at the driving range or do you want to go for a full 18-round at once? We remind you that because of Covid-19 thete are no caddies available."
    "Hmm, I usually don't play during the summer, I prefer golfing in the winter months."
    Det ser ut som om eg slapp med skrekken.

    Reisefeberen var temmelig høg i bilen på veg til OSL i åtte-tida i dag. 16 månader flytørke og delvis depresjon skal avsluttast med ein tur til Istanbul. Om eg slepp inn i landet blir det etterkvart vidare til litt "golfferie" i Belek.
    IMAG8184.jpg
    Så det var med godt humør eg sjekka inn koffertar og teleskop (har gløymt paraplyen kom eg på no), og dura meg gjennom ein kjapp sikkerhetskontroll. For så å ankomme stengd lounge på utland. Kundeservice påstår at eg tar feil og at loungen er open, men eg fikk ikkje opna døra, og FO såg rart på meg frå kontordøra si når eg prøvde. Men ikkje ein gong SAS skal få øydelegge denne dagen. Eg har trass alt trekt vinnarlodd i THY-lotteriet, og akkurat no trilla TC-JOK inn til gate.
    IMAG8186.jpg
    Om eit par-tre kvarter blir det forhåpentligvis å skride ombord og snu til venstre. Og så blir det köfte og kebab for fyrste gong på alt for lenge.

    P.S: Det er fantastisk kor mange hyggelege folk ein møter på ein flyplass. Eg hadde nesten gløymt kor trivelig det er å reise. :)
     
    geddi, MilageRune, Calling and 38 others like this.
  2. Mg15

    Mg15 Medlem

    Innlegg:
    123
    Likes mottatt:
    245
    Bonuspoeng:
    43
    God tur
     
  3. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,415
    Bonuspoeng:
    293
    Beste kuren for depresjon, sosial angst, og nerver med uro, er nettopp: Ta deg en fly tur :) RIKTIG GOD REISE @Stuttfeiten :cool:
     
  4. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    18,372
    Likes mottatt:
    68,339
    Bonuspoeng:
    293
    Woohoo! Reisebrev!
    Skitt fiske!
     
  5. Fluffybunny Stuttfeiten

    Fluffybunny Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,441
    Likes mottatt:
    18,543
    Bonuspoeng:
    183
    Har ikkje med flugestanga, men håpar å få gjort sjøklart om ikkje anna.

    Turkish leverar som alltid. Med unntak av kartet på skjermen som er fryst over Jönköping. Det funkar på fjernkontrollen i det minste.

    Fått servert god middag og har fått ei flaske Ancyra i sekken "for your passing through immigration". Av og til er livet det beste ein har.
    Screenshot_20210806-131638.png
     
    MilageRune, drsyk, Liza and 15 others like this.
  6. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,902
    Likes mottatt:
    26,803
    Bonuspoeng:
    183
  7. Spielhaug

    Spielhaug Veteran

    Innlegg:
    3,782
    Likes mottatt:
    9,818
    Bonuspoeng:
    183
    Dagens! Om ikke månedens!
     
    FlamtheAvGeek liker dette
  8. Fluffybunny Stuttfeiten

    Fluffybunny Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,441
    Likes mottatt:
    18,543
    Bonuspoeng:
    183
    Den rauk forresten temmelig kjapt i sikkerhetskontrollen gjennom domestic transfer. Men eg fikk med meg eit strålande smil gjennom detektoren. :)

    Og trivelig personale i skranka i loungen booka meg om til eit tidlegare fly vidare for å redusere lidingane mine.
     
    drsyk, Liza, Earl and 9 others like this.
  9. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,602
    Likes mottatt:
    34,441
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig! Vi vil ha mer!
     
  10. Flyrlavt

    Flyrlavt Veteran

    Innlegg:
    1,640
    Likes mottatt:
    4,315
    Bonuspoeng:
    113
    Jeg leste "av og til er livet best i ein bar" bør jeg søke hjelp?
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,696
    Likes mottatt:
    38,850
    Bonuspoeng:
    293
    Sikker på at du røska hardt nok? Loungen har jo ikkje vore i bruk på ei god stund, så døra kan jo ha vorte treig? FO meinte nok at du burde ha brukt meir kraft! God reise! :)
     
  12. Fluffybunny Stuttfeiten

    Fluffybunny Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,441
    Likes mottatt:
    18,543
    Bonuspoeng:
    183
    Så nærmar det seg heimreise.

    Har nytt dagane på Cornelia Diamond i Belek. Stress- og kortisolnivå har vore godt under gjennomsnittet mitt for dei siste 16 mnd, og dagane har gått med til strand, sol og sløving på eigen terrasse ved bassenget.

    Eg vart BFF med Mehmet som køyrer vogna som vert brukt til fylling av minibar på rommet. Eg klødde han på ryggen, og han min. Så det var plutselig både rødt og musserande i kjøleskapet når vi kom tilbake frå stranda i lunchtid. Dette var til stor trøyst når ein tredjedel av reisefølget måtte sove to timar kvar ettermiddag, og ein annan tredjedel måtte foreta catching-up på Youtube og TikTok.

    Hotellet vart heilt greitt - ingenting å utsetje på reinhaldet, det virkar som dei har god kontroll og rutinar i orden. Det var ein del slapp maskeføring av gjestar frå områder med høgre smittetrykk en Tyrkia når dei bevega seg i fellesområda. Men med roomservice på speed-dial og ein meny som inneheld alt ein treng for å legge på seg ein fire-fem kilo på ei veke så klarte vi å halde oss ganske så isolerte.

    No er det boarding for resten av reisefølget, mens eg sit ved bassenget på Holiday Inn og ventar på flyet mitt til Istanbul seint, seint i natt.

    Ser ut som om det er seks skudd i tønna i denne equipment-ruletten, og at det endar med 737 Max i staden for 738 til Istanbul i natt. Men det går gjerne godt tenkjer eg. :)

    Satsar på ein litt høgre oppdateringsfrekvens vidare. Kanskje litt bilder også om eg finn betre nett enn Wi-Fi her ved bassenget. Ha ein god søndagskveld!
     
    Liza, EndreD, drsyk and 19 others like this.
  13. ccurrahee

    ccurrahee Ikke helt statusløs da……

    Innlegg:
    10,551
    Likes mottatt:
    38,335
    Bonuspoeng:
    293
    God tur videre, fra en lett forsinket SAS fra Frankfurt flight.
     
  14. Fluffybunny Stuttfeiten

    Fluffybunny Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,441
    Likes mottatt:
    18,543
    Bonuspoeng:
    183
    Det gjekk fort i svingane, men eg lurer på om eg kan vere i nærheita av årsbeste med 22 min frå eg gjekk ut av flyet 10:07 til eg kom ut gjennom tollen 10:29?

    Dette inkluderte: tissing (på toalett ved (måtte legge til parantesen, det vart kun to GT på flyet)) ved belte 8, hente bagasje på 9, kjøpe snus (för utan så försmäktar vi på denna ö), og ta ein ekstra covid-test (trengde ikkje, men der var ingen kø).

    Må bestille nokre flybillettar, og så kjem historia om tidenes møljeboarding i Istanbul ein gong utpå dagen (OSL eat your heart out!).

    Edit: Og der kom negativt testresultat... Då kan eg ha litt betre samvittighet.
     
    Last edited: 16. aug 2021
    anders82, MilageRune, Liza and 13 others like this.

Del denne siden