Så er det på han igjen Stuttfeiten, passet og paraplyen skal til Singapore på tur. Sit i loungen på OSL no og gledar meg sjukt. Veldig kjapp og god service på CT-telefonen i går ettermiddag. Ruta blir forhåpentligvis slik: OSL-AMS, SAS Plus. AMS-FRA, LH C (umulig å finne direkte fly). FRA-HND, LH F. HND-BKK, TG F. BKK-SIN, TG C. Og så heim neste veke... SIN-HKG, UA F. HKG-FRA, LH F. FRA-OSL, LH C. Eg kunne tenkt meg å skvisa litt meir ut av CT-en, men Buenos Aires skal vere kjølig neste veke, og eg treng litt varme. Då vart dette det beste eg kunne finne på ein liten time med ein hjelpsam nesten-tre-åring på fanget som synest det beste i verda er å hamre på tastatur. Om ikkje anna så var dei imponerte over rutevalget ved innsjekk for litt sidan, einaste nedturen var at dei ikkje hadde sølvmappe til boardingkortet mitt. Kofferten vart tagga heilt fram med eit tastetrykk og to bagtags. Så ventar 5t 45min på FRA, utan Porsche denne gongen. 12 timar og litt sushi i Tokyo og så ein liten stopp på 7 timar i Bangkok før eg sjekkar inn på Hilton litt ut på fredagen. Kindle og mobil er lada, men SAS har endå ikkje bydd på rødvin her... Seks sider med uleste innlegg her på forumet, så eg håpar FlyNet er i form. First class, o' ye!
Boarding i gang. Vart stoppa av ein trivelig tollbetjent på brua som lurte på kor mykje pengar eg hadde med, så kom litt seint ombord i Solveig Viking. Men setet var framleis ledig, og her var også plass til kofferten. No må det vel vere mulig å få litt rødt i koppen snart?
Nå ble jeg imponert, nesten misunnelig. Dette er en hendelse jeg aldri har opplevd, men antrekk og uttrykk er sikkert avslørende nok uten verbal oppfølging. God tur!
Mykje nedbør og litt lavt skydekke i Amsterdam i dag. Litt venting i travbanemønster oppe i skyene før vi landa eit par min etter skjema. LH989 skal gå om 1 min, men det trur eg ikkje på før eg ser det. Blir fort dårlig tid med ein halv time når ein skal drikke øl, oppdage gate-change og så ein tur på do. Fekk akkurat tid til å skrive eit kort dikt mens eg stod på toalettet: Amsterdammen min, Du er så fin, Men du stinkar av svette, Og gamal urin. Men no får eg fred, Når eg reiser avste'... ...til FCT....
AMS-FRA. Purser Brigitte. No show pax, jakt på, og offloading av, bagasje. Og tida gjekk... push back lenge etter planlagd tid. Typ 31 min etter avgangstid. Altso Luftwaffe; dette er loungetid som eg aldri får igjen. Ordnung muss sein! Eg hadde tenkt å sove ein halvtime, men det får eg ta igjen på vegen heim Det ser ut som om eg er einaste hanen i businesskorga i dag. Utan at nokon av fruene ser ut til å legge merke til eit slikt samantreff. T-pluss 12 min og setebeltelyset står framleis på. Blir det tørr flight? Dei lovde 40 min flytid. Kabinservice stoppa bak rad 2 pga turbulens. Greitt å sitje på 2F. Veldig god matbit, kalkun med chutney og noko grønt. Rakk også så vidt eit fingerbøl med rødvin. +1! Litt meir skeptisk til desserten som bestod av noko grått med bringebærsaus. Om noko ser ut som lungemos i bringebærsaus, og smakar som (Gilde) lungemos, kva er det då? Take off 45 min forsinka. Hjula på bakken 19 min etter rute. Flytid 39 min. No gjenstår berre eit Ave Maria og: kjære Gud, led oss ikkje inn til gate, men la oss parkere på apron.
Unnskyld nynorsken, er ikke god der! @Stuttfeiten : "Eg sat heime i går ettermiddag og lurte på kva eg skulle gjere i helgen, ringde noen venar i Tallinn for å sjå om dei kunne hjelpe? Og etter nokre minutar sat eg der med åtte flybillettar. Ein liten tur til Singapore via Tokyo og Bangkok, heim igjen via Hong Kong" Andre sitter iblant og lurer på om de skal gå på kino ...
Jepp, det var bussgate. Sit i F-loungen no. Ikkje ein gong dragane her fikk sjekka meg inn vidare frå Tokyo i morgon kveld. Fått fukta strupen, så då er det straks å spasere bort på terminalen. Skal prøve Firefox for bilder seinare, men akkurat no har det litt lav prioritet.
Ja, jeg tenkte på direkteflight God tur til Singapore. Jeg har snart vært her i en måned nå og masse og finne på. Gi beskjed hvis dere vil ha noen tips da jeg som regel unngår alle de store turist stedene, spesielt når vi skal ut og spise. Snart er det retur til Norge med familien med Qatar C
LH778 er vel en flygning som de som regel kun slipper ett sete til i F eller? Kan nesten ikke huske å ha sett 2 seter på denne.