Til Moderbyen med Ethiopian

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 04. aug 2017.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Då er mobilen oppgradert (dessverre til ein modell utan støtte for Payr) og eg prøvar meg på eit nytt reisebrev. Vi går for eit live-reisebrev og eg vil heller kome med utfyllande kommentarar i etterkant.

    Reiserute:

    06.08 OSL-ADD (via ARN) ET715 – B787 - 3D
    07.08 ADD-CPT (via JNB) ET849 – B737 - 2L
    11.08 CPT-ADD ET846 – B787 - 2H
    11.08 ADD-OSL (via ARN) – B787 - 2H

    Rutekart.gif

    Bakgrunn

    Ein kveld i januar dukka det opp eit særs godt tilbod frå Ethiopian Airlines. Resultatet av denne kvelden vart tre meir eller mindre overvegne bookingar. OSL-MAP i påska, OSL-HAH i starten av juni og CPT i starten av august. Berre OSL-MPM vart betalt ut, medan dei to andre vart reservert i 24 timar. Dagen etter konkluderte eg med at turen til HAH var den som eigna seg dårlegast, sia den var midt i førsteslåtten (når ein kjem frå gard er det vanskeleg å sleppe unna den, uansett kva arbeid ein driv med til vanleg), den vart difor avskriven. Turen til Cape Town freista derimot. Ethiopian hadde problem med nettsidene sine den påfølgande dagen, men litt ut på ettermiddagen fekk eg billettert turen. Turen til Maputo vart seinare avbestilt grunna lite planleggjing, og nokre andre omstendigheiter som kom i vegen i påska. Denne turen til Cape Town vert difor mitt første møte med Ethiopian Airlines.

    Eg var eigentleg litt usikker på om eg skulle laga ein trip report frå turen min til Cape Town, då Ethiopian Business etter kvart er ganske greitt dokumentert, men det skadar vel aldri med ein ekstra.

    Plan

    På veg ned har eg lagt inn eit stopp i Addis Ababa, eg kjem tidleg på morgonen og reiser vidare på kvelden. Kva eg skal gjere her er enno noko uavklara, men det vil tida vise. Forhåpentlegvis får eg ein gratis stopover-pakke frå Ethiopian.

    I Cape Town hadde eg eigentleg booka Radisson Blu Hotel & Residence, som er eit ganske nytt hotell. Det kosta her rett over 700kr for eit standardrom, eg gjekk likevel for det refunderbare alternativet til 900kr per natt. Når eg søkte på Radisson sine sider i går dukka plutseleg Park Inn by Radisson Cape Town Foreshore opp til rett over 600kr per natt, når eg trykka meg inn på denne viste det seg at det også var same pris på suite som på standardrom. Det ser difor ut til at eg endar opp med ein One Bedroom Suite på Foreshore, det fins dessverre ikkje nokon vidare oppgraderingsalternativ. Dette passar uansett fint inn i Club Carlson sin kampanje med ei gratis fredags-overnatting for kvar andre natt på kvalifiserande hotell, om eg får teke den ut på eit greitt hotell kan det bli bra valuta.

    I Cape Town var planen fire leigebilar. Her om dagen logga eg inn på Hertz sine sider og såg at to av desse var forsvunne. Tok akkurat ein telefon til Hertz og fekk dei til å søke opp reservasjonen. Den tredje gongen ho sa at leiga var 9.-10. april oppfatta eg at ho faktisk sa april. Jaja, 128kr x2 i vasken, ville jo vore dumt om alt skulle gått knirkefritt. Uansett satsar eg på at eg i alle fall får innkassert 2x 5000 Eurobonuspoeng på dei to leigene eg klarte å booke for riktig månad.

    På denne turen har eg ingen fly før kl 14.00, so det bør vere håp for at eg rekk alle.

    Utanom leigebilane som vart booka i kampanjeperioden har alle andre planar blitt lagd siste veka, det meste ved denne turen er difor lite gjennomtenkt. Tek i mot alle tips de måtte ha for både Addis Abeba og Cape Town. Ein foreløpig plan er ein tur til Robben Island og ein køyretur ned til Kapp Det Gode Håp.
     
    Origo, tobeornot999, snartur and 25 others like this.
  2. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,757
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    God tur! Du bør kanskje ta en tur opp på Table Mountain, men ikke gå på noen lyktestolper på veien.. Ellers er det en haug fine vingårder i Stellenbosch.
     
    tobeornot999, Henrik, afirm and 2 others like this.
  3. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Blir gøy å følge med på denne. Har vært litt delte meninger om Ethiopian her på forumet, så alltid gøy med en ny synsvinkel. God tur :)
     
    afirm liker dette
  4. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Kva eg tenkte på då eg bestilte søndagsfly er noko uklart, det er definitivt dårleg utnytting av feriedagar. Eg enda i alle fall opp med å hoppe i bilen etter arbeid fredag og kjaurde austover. Alltid triveleg å treffe att litt folk på denne kanten.
    20170804_173129.jpg

    No har eg kome meg til Gardermoen. Innsjekk kunne vore ein del smidigare. Business/gullkøa var tom og det var nokre pax i økonomi. To personar sto framfor businessskranken, eine hadde gløymd passet sitt og fekk ikkje lov til å sjekke inn. Likevel fortsette økonomiskranken å vinke til seg eco-pax og eg måtte vente til den køa var tom før eg vart vinka over til ein av desse skrankane. Det blir litt for dumt.
    20170806_175658.jpg 20170806_175703.jpg

    Ethiopian nyttar OSL lounge, matutvalet her var nesten endå dårlegare enn sist eg var innom. Eg var relativt svolten so laga ein liten salat av salat, agurk, skinke og ost. Salaten var slapp og det er nok ikkje mange plassar dette ville blitt servert som menneskemat. Dei har den vanlege musserande vinen.
    20170806_181644.jpg

    Avgang 19.45, får vel snart trekke mot gate.
     
    Are, mathiasfe, RemiWM and 12 others like this.
  5. nissen

    nissen Medlem

    Innlegg:
    174
    Likes mottatt:
    194
    Bonuspoeng:
    43
    Vi reiste med ethiopian fra midt-juli til slutt-juli. Fikk angle-lie-flat både på osl-add og add-osl. Var ikke super-imponert over setene. Service var trivelig. Maten helt grei.

    Vi reiste videre add-znz / kilimanjaro-add med 350en. Den var kjempebra synes jeg. Veldig god slapp-av mode i setene. Topp crew. Bedre mat enn oslo-flightene.

    Synes forøvrig loungen i add hadde mye bra mat.

    Terningkast 4. Bruker dem gjerne igjen!
     
    SAJblue and afirm like this.
  6. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Flyet som skal ta oss til ADD er ET-ATG, flyet er ca fire månadar og då sjølvsagt utstyrt med ny kabin. Gode greier!

    Turen startar i alle fall lovande.
    20170806_191625.jpg
     
  7. nissen

    nissen Medlem

    Innlegg:
    174
    Likes mottatt:
    194
    Bonuspoeng:
    43
    Kanon! Heldig kar :) moro å følge med
     
  8. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,757
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    Har de byttet til OSL-loungen? Enda godt man med gullkort kan benytte SAS-loungen.
     
  9. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Eg vart litt overraska over at dei nytta den, men du slepp nok inn i SAS-loungen med gullkort ja.
     
  10. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Eg er aldri så lite misunnelig her eg driv å gjere meg klar til tannpuss og deretter revelje 05:30.

    Det ser ut som om dei tek godt hand om deg. Kos deg og nyt turen! :)
     
    afirm and SAJblue like this.
  11. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Grei flytur med Ethiopian til Addis, meir om det seinare. No har eg heile dagen i denne byen. Fekk tildelt rom på Radisson, inga Nespressomaskin so sikkert inga oppgradering. Greit rom.

    20170807_081050.jpg

    Trefte ein tyskar på flyplassen som var på BKK-YYZ-feilprisinga. Tydeleg at nokon slepte igjennom. Insideflyer-tags har definitivt noko føre seg. Vi har mykje å prate om so vi skal finne oss ein bar seinare.

    No skal eg skaffe meg eit par timar ekstra søvn.
     
    Last edited: 07. aug 2017
    Are, Chrisbgg, DanH and 9 others like this.
  12. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Dagen i Addis Abeba har blitt brukt til ein vilkårleg spasertur rundt i byen og eit godt innhogg i drikkemenyen på Hilton, der tyskaren fekk tildelt rom.
    Dei hadde eit godt utval av lokalt øl og vi jobba oss flittig nedover lista. Det heile vart avslutta med ein etiopisk bloody mary som det var mykje futt i. Vi fekk i alle fall prata igjennom dei fleste interessante flytilbod som har vore dei seinare åra. Kjekt! Har også skjønt at det er meir praktisk å bu i Dusseldorf enn ein liten dal på Vestlandet.

    20170807_143212.jpg 20170807_143215.jpg 20170807_143832.jpg 20170807_165427.jpg 20170807_174641.jpg

    No har eg fått somla meg tilbake til Radisson, tenkte å sjekke ut middagsbuffeten før shuttelen min til flyplassen går kl 21 lokal tid.
     
    Last edited: 07. aug 2017
    Are, Kristian, RemiWM and 10 others like this.
  13. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Har no vore innom ei datamaskin og fått redusert størrelsen på dei seks siste bileta, håpar dette gjer tråden litt meir lesbar, også frå Afrika.

    Skal få justert ned størrelsen på bileta før eg lastar opp neste gong.
     
    Eddie47 and Petter B-C like this.
  14. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Etter å ha smakt litt på middagsbuffeten på Radisson var det på tide å pakke saman og kome seg ned til airport-shuttelen. Ethiopian hadde booka meg inn på den som gjekk kl 21 og kl 21.15 kom vi oss avstad med denne. Når vi var komne halvvegs til flyplassen fekk sjåføren ein telefon frå manager på hotellet, det eine ekteparet som var med hadde ikkje signert kredittkortkvitteringa for vasken av nokre klesplagg. Vi må snu og reise tilbake til hotellet, slik at dette kunne ordnast. No hadde eg ganske grei margin på å nå mitt fly, men eg tenkjer uansett at dette kanskje kunne vore løyst på ein smidigare måte. Spesielt med tanke på at vi var ni personar i shuttelen og dette berre gjalt to av oss.

    Uansett, til flyplassen kom vi oss. Eg hadde allereie boarding pass og trengde difor ikkje å bry meg med noko innsjekk. Først kjem ein til ein sikkerheitskontroll, Ethiopian har fast track og dette gjekk greit. Etter dette kom immigrasjonen. Her hadde også Ethiopian fast track, men det kan diskuterast kor fast denne eigentleg var. Når eg kom sto det ca 20 personar i kø. Alle desse skulle handsamast i ein skranke. I den vanlege køa sto det kanskje 150 personar, men til gjengjeld var der minst 7 opne skrankar. Her burde definitivt Ethiopian ha opna ein ekstra skranke for priority pax. Etter at eg fekk stempla meg ut frå Etiopia måtte eg finne fram til Cloud 9 loungen. Her trefte eg igjen mitt tyske bekjentskap som skulle til flyet til Toronto ein time før mitt fly gjekk. Eg tok ingen bilete frå denne loungen, men den er dokumentert i andre reisebrev. Det såg ut til at dei hadde grei mat, men eg smakte ikkje på noko. Tok ein GT og ei flaske vatn. GT'en vart blanda med forhold 60/40, kunne nok tenkt meg at han var hakket svakare. Etterkvart kom det ei dame og sa at det var boarding på Johannesburg/Cape Town. Eg trekte då mot gaten. Sleit litt med å finne fast track, då denne var plassert midt mellom alle gatane, og ikkje der det var skilta mot gate 1-10. Fann etterkvart fram til denne, men køa var lang. Tok nok 15 min før eg var igjennom. På dette tidspunktet var nok alt av priority boarding ferdig, men eg kom meg på ein buss og kom meg ombord.

    Eg vil skildre meir frå flyturen seinare, tenkjer å ta ei oppsummering av desse når eg kjem meg heim. Kan uansett seie at eg aldri skal booke Ethiopian sin 737 på ei nattflyging igjen, kva i alle dager tenkte eg på? Når ein i tillegg har ei mellomlanding i Johannesburg so vil eg rette sterk kritikk mot januar-meg som booka denne. Men eg fekk i alle fall ein dag i Addis og eit nytt land på lista, det hjelp noko.

    2017-08-08 04.14.29.jpg

    Vi landa uansett i Cape Town tidleg på morgonen, her gjekk eg rett til Woolworths og fekk ordna meg ein lokalt simkort. Eg var usikker på om pakken inneheldt nano-sim, men eg hadde med jobbtelefonen min som backup, i tilfelle eg berre fekk tak i den sorten som er hakket større. Woolworths hadde berre simkort frå MTN, men dette var igrunn heilt fint. Eg trur eg betalte ca 120 ZAR for simkortet og 1 gb mobildata. Pakken inneheldt alle tre simtypane, men eg fekk eit nytt problem då ein treng ein tynn gjenstand for å opna simkort-luka på ei Samsung S7. Verken kammen eller tannpirkaren i amenity kiten til Ethiopian klarte å løyse denne oppgåva. Tannpirkaren klarte eg i tillegg å knekke, so eg lurte litt på om eg var dømd til å vere evig Talkmore-kunde. Løysinga vart i alle fall å plassere simkortet i jobbtelefonen, og nytte denne til navigasjon. Eg kunne i tillegg sette opp ein wifi-hotspot ved behov. Fekk tak i eit sysett på hotellet, og med nåla klarte eg både å få ut tannpirkaren og få opna luka.

    Etter at simkortet var i boks gjekk eg vidare til Hertz sin skranke for å plukke opp ein leigebil og 5000 ekstrapoeng. Eg brukar vanlegvis å bestille automatgir når eg skal køyre på venstre side, men bestemte meg no for å bestille med manuelt gir, greit å prøve nye ting. Nokon oppgradering vart det nok ikkje, eg fekk utlevert ein Renault Sandero som hadde gått ca 7000 km. Sia eg neppe kom til å få sjekke inn før nærare kl 14 bestemte eg meg for å køyre rett frå flyplassen til Kapp det Gode Håp. På vegen la eg også inn ein stopp hjå pingvinane på Boulders beach, lettare inspirert av @Henrik. Det var ein fin køyretur nedover, og eg var framme bra tidleg. Det hjelp nok ein del at det er lågsesong, men det var byrja å fylle seg bra opp med folk når eg etterkvart sette kursen mot Cape Town.

    2017-08-08 10.02.50.jpg 2017-08-08 11.07.58.jpg 2017-08-08 09.52.01-2.jpg 2017-08-08 09.53.18.jpg 2017-08-08 10.53.50.jpg 2017-08-08 10.54.00.jpg 2017-08-08 11.09.42.jpg 2017-08-08 11.52.50.jpg

    Eg kjaurde rett til hotellet og betalte for ein time parkering utanfor, dette kosta ca 12 kroner. Klokka var vel rundt 13.40 då eg sjekka inn og fekk tildelt rom 909. Dette var ein one bedroom suite, og det er også den høgaste kategorien dei har på hotellet. Eg hadde difor ikkje moglegheit for nokon oppgradering. På rommet venta det ei vinflaske og nokon nøtter, tørka kjøt og tørka frukt. Veldig greit rom og for kr 600 per natt går det ikkje an å klaga, eg reknar vel framleis med at den skulle kosta litt meir då eg bestilte. Etter innsjekk kjaurde eg leigebilen bort til Hertz i Loop Street og leverte den inn. Hadde gløymd å fylle drivstoff. Han som skulle sjekke bilen, Ernest, sa at dette ikkje var noko problem og at dei ville fylle opp utan å ta noko meir enn det eigentleg kostar. Sia eg har haurt litt av kvart om denne stasjonen so sa at eg føretrakk om eg kunne køyre å fylle sjølv. Det enda opp med at Ernest kjaurde meg og bilen til næraste bensinstasjon og eg betalte for bensinen. Deretter kjaurde han meg til hotellet. Suveren service, og eg har i alle fall eit godt inntrykk av stasjonen so langt. Skal hente ut ein bil der på fredag, får sjå om inntrykket held seg.

    2017-08-08 13.39.54.jpg 2017-08-08 13.40.04.jpg 2017-08-08 13.40.17.jpg 2017-08-08 13.56.03.jpg 2017-08-08 13.56.07.jpg

    Deretter følgde lunch på hotellet og eit par timar søvn for å hente inn noko av den søvna eg gjekk glippa av på 737'en. Etterpå venta ein dusj før eg hoppa i ein Uber til Waterfronten. Her fekk eg i meg litt middag på Gibson's. Dei reklamerte med over 100 milkshakes. Burger og milkshake er sjelden feil. Eg fekk anbefalt den med peanøttsmør og brownies. No er ikkje peanøttsmør ein stor favoritt hjå meg, men det smakte heilt greit. Eg klarte dog berre å drikke opp halvparten, mykje mat var det i alle fall i han. Burgeren var heilt fin, eg hadde den klassiske.

    2017-08-08 21.02.54.jpg 2017-08-08 21.14.05.jpg 2017-08-08 21.17.37.jpg

    Ved returen til hotellet hadde eg eigentelg berre tenkt å kjøpe ein øl i baren og ta denne med på hotellrommet. Der kom eg derimot i prat med eit par tyskarar som budde i Durban men jobba i Cape Town i vekene. Han eine av dei skulle treffe ein kamerat i baren på eit hotell ute ved Waterfronten og lurte på om eg ikkje ville bli med. Eg takka ja til dette. Var dog litt overraska då det viste seg at vi ikkje skulle ta uber eller taxi. Han skal dog ha at han kjaurde meget bra, spesielt med tanke på kor store problem han hadde med å finne bilen sin..

    No trur eg snart det er på tide å ta kvelden, trur eg satsar på ein tur opp til Lions Head i morgon.
     
    Last edited: 09. aug 2017
    Kalsnes, Lnbre, Are and 27 others like this.
  15. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,667
    Likes mottatt:
    32,514
    Bonuspoeng:
    293
    afirm liker dette
  16. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Herlig rapport @afirm - og flotte bilder. :):)
     
    afirm liker dette
  17. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Lion's Head

    Målet for dagen var ein tur til Lion's Head. Dagen starta ganske overskya, og eg fann ut at eg kunne ta meg av diverse forfallande arbeid. Etterkvart kikka sola fram so eg la ifrå meg datamaskina og arbeidet. På dette tidspunktet burde eg nok ha bestilt ein Uber, i staden fann eg ut at eg kunne sjekke ut baren i 11. etasje. Det enda med at eg tok ein øl der, og ein liten lunch.

    Ein halvtime etter lunch var eg klar til å setje i marsj og ein Uber vart rekvirert. Eg såg at sola hadde forsvunne, men eg sette inn tiltak og tok med meg ei skalljakke. Det var veldig greit, då det var friskt på toppen. I tillegg likar eg alltid å gå med sekk, so eg skulle nok ha overlevd om det so hadde blitt veldig kaldt.

    Når vi kom fram til der stien oppover starta såg eg at det var ein del skodde på toppen. Denne skulle vedvare, so sikta var ikkje den heilt store.

    2017-08-09 15.41.51.jpg 2017-08-09 15.45.24.jpg 2017-08-09 15.50.09.jpg 2017-08-09 16.01.05.jpg 2017-08-09 16.01.06.jpg 2017-08-09 16.09.40.jpg

    Det var ein fin sti oppover. Nokre plassar er der sett ut kjetting og andre hjelpemiddel. Eit par plassar må ein klatre litt, men det er bora inn gode handtak i fjellet so dette er ikkje noko dramatiske greier. Eg tok igjen ein far med to søren ved ein av desse plassane. Den yngste sonen var vel kanskje 5-6 år og nådde sovidt opp til handtaka. Likevel klarte han å kome seg opp utan hjelp. Om han ikkje dett ned før den tid so tippar eg vi kan sjå han i eit vm for fjellklatrarar i framtida.

    2017-08-09 16.15.49.jpg 2017-08-09 16.27.57.jpg

    Turen til toppen tok 35 minutt i eit bra radigt gå-åleine-vestlandstempo. Det vart eit par ufrivillege pausar grunnar kø på plassar med klatring. Det var inga utsikt, og det er jo litt dumt. Det er uansett godt å bevega seg litt når ein er på ferie, so turen var fin uansett. Turen er veldig grei og fin, men eg vil nok anbefala å gå den i opplett vêr. Eg kan sjå føre meg at det kan bli litt glatt ved regnvêr. Det er mogleg at eg gjere eit nytt forsøk i morgon, eventuelt at eg prøvar meg på Devil's Peak.

    Når ein kom seg under skodda fekk ein i alle fall noko utsikt over Cape Town.

    2017-08-09 16.58.53.jpg

    Eg hadde eigentleg tenkt meg bort til Waterfronten for middag igjen, men so fann eg ut at NRK sine tv-signal nådde heilt til Cape Town, i alle fall via nett. So då enda det med at eg såg Kristiansund - Florø i cupen medan eg fortærte ein biff som vart bestilt via room service. Florø rauk dessverre ut av cupen, so då får dei fokusera på å rykke opp til Eliteserien istaden.

    2017-08-09 19.15.20.jpg
     
    Are, DanH, Eddie47 and 11 others like this.
  18. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Dagen idag starta med avlyst ferje til Robben Island. Dette var vel igrunn einaste aktivitet eg hadde booka på førehand. Eg har ein konkurranse gåande med ein kamerat om å besøke flest Unesco-plassar. Foreløpig har eg ei knapp leiing, men det er greit å få plukka opp dei som er i området. Etter at eg har kome til Cape Town har eg prata med diverse personar, mest folk i baren, bartenderar og Uber-sjåførar. Kvar gong eg har nemnd at eg tenkte å ta turen til Robben Island har dei lurt på kva i alle dager eg vil der ute. Trur nok prosjektet til Mandela har fått seg ein alvorleg knekk, spesielt dei seinare åra. Uansett, over høgtalaranlegget informerte dei om at vi kunne stilla oss i kø for å få tilbake pengane som var innbetalt for billetten. Med ca 150 personar (grovt anslag) i kø og to kasser fann eg ut at eg hadde betre ting å bruka tida på og heller fekk krevje desse pengane tilbake via internett.

    2017-08-10 08.54.45.jpg

    Avlyst ferje opna for nye moglegheiter og lite planar.Tok ein liten spasertur utover langs Waterfronten. Det var noko vind, men det hadde nok ikkje stoppa ei Fjord 1 ferje på Vestlandet.

    2017-08-10 09.10.49.jpg

    Når eg er på nye plassar likar eg ofte å berre gå rundt. Eg fekk auge på fotballstadion som var nytta under fotball vm i 2010 og byrja å traske i retning denne. Når eg gjekk rundt hjørnet kom eg til billettkontoret, der sto det at dei hadde ein stadium tour klokka ti. Det var ca 20 minutt til, og eg bestemte meg for å bestille ein billett. Det kom etterkvart til fire andre personar som også vart med på denne touren. Undervegs kom det også til ein familie på fire frå Kuwait. Eg har sjelden vore nokon stor fan av slike omvisningar på stadion, gje meg heller ein fotballkamp. Men av mangel på fotballkampar er det litt kjekt å sjå ein ny stadion. Det er ein flott stadion, men dei slit visst noko med tilskodartala om dagen. Både Ajax Cape Town og Cape Town City nyttar denne som si heimebane og dei dreg 1-2000 personar på kampane. Då er det ganske glissent på ein stadion som tek 55.000 personar. Serieopninga er på laurdag, og eg skulle nok ha teke turen om eg framleis var her då. Eit google-søk gav meg forresten at Benni McBurger (McCarthy) er manager for Ajax Cape Town, etter eit relativt mislykka opphald i West Ham hamna han i krangel med Vice Chairman Karren Brady. McCarthy kalla Brady "The devil with a set of tits", korpå Brady svara "at least I'm supposed to have tits".

    2017-08-10 10.05.40.jpg 2017-08-10 10.23.10.jpg 2017-08-10 10.52.54.jpg
    På veg til omvisninga gjekk eg forbi Fort Wynyard, der sto det noko om ein museum, men sovidt eg fann ut var dette no nedlagd. Festningar og militæranlegg har alltid fasinert meg, so eit raskt google-søk gav meg at Castle of Good Hope kunne vere verdt å besøke.

    2017-08-10 09.31.58.jpg
    Ein kjapp Uber-tur so var eg framme.

    2017-08-10 11.23.33.jpg 2017-08-10 11.41.07.jpg 2017-08-10 11.52.46.jpg 2017-08-10 11.56.07.jpg 2017-08-10 12.01.00.jpg 2017-08-10 12.05.19.jpg 2017-08-10 12.20.33.jpg

    Tåka over Table Mountain heldt stand, og eg droppar difor alle planar om ein ny tur til Lion's Head eller alternativt Devil's Peak. Dette får eg ha til gode til neste gong eg er i området. Det vart difor ein Uber tilbake til Waterfronten for lunch. Denne vart innteke på ein italiensk restaurant.

    2017-08-10 11.45.34.jpg
    2017-08-10 13.18.37.jpg
    Elles er det spennande å berre gå rundt i Cape Town. Absolutt ein by eg kan tenkja meg å reise tilbake til. Då skal eg nok få med meg ein vintur til Stellenboch eller liknande. I morgon set eg kursen heimover, hadde ikkje skada med eit par ekstra dagar her, men det får bli neste gong.

    Middag vart forøvrig gresk. God moussaka, men ting tok tid. Alle måltid har blitt innteke på hotellet eller på Waterfronten, kan nok finna på noko meir spennande på matfronten neste gong.

    2017-08-10 19.43.59.jpg
     
    Are, tobeornot999, DanH and 14 others like this.
  19. Ragna Rekkverk

    Ragna Rekkverk Aktivt Medlem

    Innlegg:
    354
    Likes mottatt:
    882
    Bonuspoeng:
    93
    Sør Afrika er også på drømmelista mi, så takk for gode tips.
     
    afirm liker dette
  20. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Uber til Hertz for å leige bil. Tilbake til hotellet, betale for ein time parkering. Pakke inn i bilen køyre til flyplassen. Vart ei mil ekstra då eg tok ein feil sving. Konfrontert med om eg hadde fyllt drivstoff (skulle trass alt berre køyre to mil). Ser at dei tok 25 ZAR for denne fylling.

    Jaja, kva gjere ein ikkje for 5000 eurobobuspoeng.

    No er eg på plass i Bidvest-loungen på CPT. Eg var sikker på at karen i innsjekk sa Budweisser-lounge. Forøvrig ein grei lounge med ganske greit utval av drikke. Ein av dei betre Priority Pass-loungane eg har sett.

    Sit med oversikt over gate A5, der flyet skal gå frå, og prøvar å innstille meg på ein norsk kvardag. Må vedgå at eg foretrekk den norske versjonen.
    IMG_20170811_131028.jpg
     
    Origo, Are, Chrisbgg and 10 others like this.

Del denne siden