Tripreport: CPH-ATH-LCA med A3 i biz (ikkje reisebrev egentlig)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 23. juli 2017.

  1. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,394
    Bonuspoeng:
    183
    36 timar på land etter turen til Singapore var egentlig nok, så klokka 6 i dag tok eg SAS til CPH for å fortsette til Kypros med A3 (rekvalifiseringsrun, betre med eit gresk gullkort i handa enn ti Eurobonusgull på taket...).

    Ka-ching! Ved online innsjekk viste det seg at upgrade request hadde gått gjennom for begge flightane, og dermed er eg to vouchers fattigare. Fikk beskjed når eg ringde inn for å be om oppgradering at eg ville få telefon om den gikk gjennom. Sidan eg ikkje var blitt oppringt, var det med tungt hjerte eg dobbeltsjekka nødutgangseta og sjekka inn. Men når boardingkort kom på epost eit sekund seinare sat eg altså framfør gardina.
    For dei som har A3 gull er det altså ingen grunn til å fortvile sjølv om oppgradering ikkje blir bekrefta. It could still happen.

    A3811 CPH-ATH.
    Sete kjøpt: 12A, tildelt: 1C, okkupert: 2A.
    Musserande vin av noko slag før avgang, ikkje Louise, og litt halvdaud i plastglas. Men, ikkje stygg på smak. (Eg har vel uttalt tidlegare at Peach Canei er undervurdert, og det står eg ved.:))
    Headset (ledning) på under take off og landing: OK.

    Veldig trivelig crew på denne flighten, dei var på heile tida, sjølv med berre 5 passasjerar framfor gardina. Passasjerane vart tiltalt med namn, najs!, fyrste gong eg har vore ute for dette (med unntak av dei få turane mine i F).

    Vinen som vart servert var gresk, to typar rødt å velge mellom. På denne flighten smakte eg på Allegro servert i glas-glas.

    Det vart servert salat med lakserull til forrett, kylling i tomatsaus m/potet eller biff m/rødvinssaus til hovedrett. Eg gjekk for kylling for å redusere CO2-fotavtrykket mitt etter siste vekene. Kyllingen var god, ikkje tørr som frykta, og med ein knallgod saus til.

    Så fikk vi også ost, og eit fat med søtsaker (krydderkake, bær, krem og anna søtt) til dessert. Aegean grusar Lufthansa på servering i biz i Europa, i alle fall i dag.

    Crew var på heile tida og passa på. Gardinet framme ved galley var ikkje stengt meir enn maks 20 min i løpet av turen (lurer på om dei hadde pause i det heile, håpar det).
    Alt i alt ein strålande tur over Europa. Nesten som ein tur med Turkish i SAS-seter sikkert kunne vere.

    A3908, ATH-LCA.
    Sete kjøpt: 10A, sete tildelt: 3A.
    Headsett (ledning) tillatt under take off og landing: No way! :)

    Også her vart det servert musserande, appelsinjuice eller vatn før avgang. Og igjen vart dei 16 passasjerane tiltalt med namn.
    Eg gjekk for fisk denne runda, og skifta til den andre rødvinen dei tilbyr denne veka: Orgion. Pastaen og osten fekk ligge igjen no sidan eg var passe mett, men fisken og salaten gikk rett ned. Hoppa over det søte, men takka ja til ein ouzo for sikkerhets skuld.

    Crewet var fullt opptatt dei ca 70 min vi var i lufta, men klarte likevel full servering (alt på eit brett, med unntak av dessert), to omgangar med varme klutar, fire-fem runder med drikketralla og servering av dessert og sjokolade. Utan eit feiltrinn eller eit einaste falsk smil.

    100-50-30-20-10-touchdown. Og bak så klappar dei. Har nok hatt det bra der også.
     
    Are, DanH, grisefod and 19 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Ingen vanskjøtsel i dei framre rekker heller. Fin-fin rapport!
     

Del denne siden