Kangaroo Island, Australia i miniatyr?

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Kangaroo Island kjem stadig opp på topplister over plasser og vitje i Australia, og me må seie oss einige. Me har budd i Adelaide, og vore på øya tre gonger før, men øya overraska oss på nytt.

Kangaroo Island er Australia sin tredje største øy, og den er overraskande stor. Dette er ikkje ei øy du pløyger gjennom på ein dag, her treng du tid, og du kan bruke dagar, veker, år og for mange eit heilt liv.

Over there

Me kom til Cape Jervis, som er fergehamna på fastlandet, frå Great Ocean Road. Der hadde me kjørt gjennom eit flatt, goldt landskap gjennom Coorong, og etterkvart komme inn i bakkane mot Cape Jervis. Dette var kjent mark for oss, då me hadde hatt mange turar rundt denne halvøya på jakt etter natur og dykk. Me hadde no med oss vår lille familie på fire, og min far og nokre frå bonusfamilien. Vår 8 seter Kia Carnival hadde fått kjørt frå seg nokre mil og me lengta ettter å komme fram til ein stad der me skulle bli bufaste i tre dagar, og til å komme til den magiske kenguruøya. Gjennom våre dagar på tur hadde me fått oppleve litt storm, sol og regn, og når me ankom fergeleie, så var det lett regn.

Sikta var ikkje all verda, men me skimter ei øy i det fjerne, og frå øya kjem det ein katamaran som skal vera vår transport inn i magien. Innsjekkinga går fint, sjølv om det er av det manuelle og nøysomme slaget, og det blir ein del av opplevinga. Og etter ein snau time er me framme. Klokka har blitt 17, og me må fortsatt handle og kjøre 2/3 av øya for å finne vårt paradis ved Snelling Beach og huset Sheoks. Det blir ein lang tur, der me bruker 3,5 time for å finne fram. Eg huksa at øya var stor, men ho var større en eg hugsa.

Private Beach

Me kjem til Snelling beach i skumringa, og etter å kun sett nokre få kenguruar på vegen frå Melbourne, så får me dekt vårt behov av å sjå dei innfødte på veg til huset. Dei er overalt, og når me kjem til huset, så er mørkret i ferd med å bre seg, og me får kun sett på litt av utsikta. Men for ei utsikt til ei fantastisk strand. Me tek ein tur ned i mørkret, og får litt følinga før søvnen tek oss att.

Men når morgonen kjem, så får me verkeleg inntrykk av kvar me bur.

Vårt store krypinn, som er leigd av Lifetime Retreats, og heiter Sheoks har alt. Det er eit flott hus med 4 soverom, med 8-10 sengeplasser, bra med utstyr, og ikkje minst ei fantastisk utsikt til Snelling Beach, som for det meste var vår private strand, som då vil si at det ikkje var nokon andre der. Stranda var ca 1,6 km lang, og på det meste var det to andre grupper der samstundes med oss. Men no var me der rett før høgsesong.

Huset inneheld også kjøkken, grill og god uteplass. Samt eit juletre…

Kangaroo Island, kun kanguruar?

Kangaroo Island er stor, kanskje mykje større en dei fleste anar, og det einaste tettstedet er Kingscote. Det er eit par andre plassar der, men det er små plassar, så det er best å planlegge innkjøp godt. Det kan ta litt tid. Vår anbefaling er å bu sentralt på øya om du skal bu ein plass, eller legge nokre overnattingar i kvar ende. Øya har fantastisk natur langs kysten, og jordbruksområder sentralt. På vestsida er det naturreservat, og på austsida er der folk bur.

Dei viktigaste tinga ein bør få med seg er Seals Bay, Admirals Arch, Remarkeble Rocks, Kelly Hill huler, og ikkje minst strender rundt omkring på øya. Me var innom Vivonne Bay og Stokes Bay, itillegg til vår private strand. Eg vil også anbefale ein guida tur for å sjå på dei lokale dyra i skumringen, som er den tida det er best å sjå dei.  Me gjorde ikkje dette på denne turen, men har gjort det to gonger før.

På øya kan ein også smake på mykje av dei lokalt produserte varene, men dei kan vera litt vanskelege å få tak på. Me tok turen innom ulike produsentar og fekk tak i det. Etterkvart fekk me også fatt på blodfersk fisk og lokale østers. Den lokale ølen og vinen er god, men eg held ein knapp på vinen frå dei kjente regionane og gode produsentane frå mainland, som er bedre verdi, men måtte prøve det lokale. Det finnes også nokre gode plasser å eta, men då må ein planlegge det godt.

Admiral Arch med New Zealand fur seal
Admiral Arch med New Zealand fur seals
 Stokes bay, med Rockpools
Stokes bay, med Rockpools

Kommentar

  1. Björn sier

    Jeg har vært der og det var nydelig. Eneste plassen vi traff på en Common brown forran bussen. 😀 Men naturen er fantastisk. Jeg satt 6 timer på Hog Point og leste, med utsikt på fasladet. Og honning fra Kingscote… Takk for å vekke Fernweh i meg igjen 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *