Ny informasjon om dei nye American Express-korta

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I forrige veke skreiv vi om dei nye American Express-korta som er på veg. No har vi fått tak i endå fleire detaljar.

Sist veke kunne vi avsløre dei første detaljane for dei nye American Express-korta som vil kome seinare i haust.

Det er tydeleg at svært mange av våre lesarar er spente på dei nye korta og dei har blitt flittig diskutert på forumet vårt. Dei første detaljane om det nye Elite-kortet tyda på at leigebilforsikringa ville forsvinne. Dette er ein fordel mange av våre lesarar har sett stor pris på i det gamle SAS American Express Platinum-kortet. No har American Express kome med nye detaljar rundt dette.

Leigebilforsikring

Det nye Elite-kortet vil ha leigebilforsikring, denne vil også vere oppgradert i forhold til den som var på det gamle Platinum-kortet. Forsikringa på Amex Elite vil dekke følgjande:

  • Bilskade (Collision Damage Waiver- CDW)
  • Tap (Loss Damage Waiver-LDW)
  • Opphevelse/reduksjon av egenandel (Removal/reduction of excess – CDW/LDW)
  • Tyveribeskyttelse (Theft Protection-TP)
  • Utvidet ansvarsforsikring (Top Up/ Supplemental Liability-SLI)
  • Personskade (Personal Accident-PA)

Forsikringa dekker skade på leigebil opp til NOK 750.000. Forsikringa dekker også ansvar for skade på annan person eller annan sin eigedom for opp til NOK 7.500.000 eller USD 1.000.000 i USA.

Det er nokon unnatak i forsikringa, mellom anna bilkøyring offroad i konkurranse- eller treningssamanheng, bøter og skadeerstatning eller kostnadar knytt til avtalar ein måtte inngå utan forsikringa sitt skriftlege samtykke. Alle vilkåra fins i punkt 1.10 her.

Her er dei fulle vilkåra til forsikringane på Premium- og Elite-kortet.

Velkomstbonus og ekstrakort

American Express har informert om at det ikkje kjem til å vere nokon velkomstbonus utover at kundane får dei tre første månadane gratis på Premium- og Elitekorta. Lansering av ekstrakort vil kome i første halvdel av 2019, etter dette vil ein enklare kunne opptene Companion Ticket. Ein vil opptene same antal ekstrapoeng på ekstrakortet som på hovudkortet.

American Express jobbar stadig med å utvide antal brukarstadar. Den seinare tida har dei inngått avtalar med Coop, Esso og Flytoget app. Avtale med Vinmonopolet skal også vere signert og alle Vinmonopolet sine utsalsstadar skal akseptere American Express innan utgangen av september.

I tillegg er det mykje fokus på digitale tenestar. Det vil kome ein app der ein skal kunne halde styr på saldo, transaksjonar, uteståande gjeld og betalingsdatoar. I tillegg skal ein kunne laste ned pdf-faktura og ein vil ha full kontroll på Eurbonussaldo samt oversikt over kor mykje omsetning ein manglar for å opptene Companion Ticket.

I tillegg til alt du kan sjå i appen vil du på nett kunne endre e-postadresse, handtere PIN-kode (sjå, endre og låse opp) og styre kva du ynskjer å motta av marknadskommunikasjon.

Fram mot lansering

American Express følgjer med på det som vert diskutert rundt dei nye korta, og det vil heilt sikkert kome fleire endringar og presiseringar før kortet vert endeleg lansert i november.

Det er fint at American Express vel å vidareføre leigebilforsikringa. Det er også noko ein kan forvente i eit betalingskort som trass alt kostar kr 4000 per år. Det gamle SAS American Express Platinum-kortet kosta kr 1700 per år (halvparten for diamantkundar). På dette kortet fekk ein også StopService+ og Priority Pass, dette er to ting som også er sakna i dette nye kortet. Det er også synd at American Express signaliserar at det ikkje vil vere nokon velkomstbonus for dei som vel å oppgradere til Elitekortet, dette ville for mange gjort det litt enklare å forsvare ei oppgradering det første året og det er noko eg trur ville gjort at fleire ville valgt dette kortet.

Kva inntrykk har de av dei nye korta? Er det nokon andre ting de vil sakne? Hald gjerne fram med å diskutere dei nye korta på forumet vårt.

Kommentar

  1. Jons sier

    Hvor har det blit av AMEX Platinium?? Har nettopp spart opp 2 mill + i forvaltningsformue. Har ikke lyst på noe SAS amex kort…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *