Nye SAS American Express-kort på veg

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Det har lenge vore kjent at DNB sin avtale med American Express ville utløpe ved utgangen av dette året. Rykta byrja tidleg å gå om at American Express no ville ta over sjølv, slik som i Sverige.

Oppdatering: Vi har no fått bekrefta frå American Express kva fordelar som vil følgje dei nye korta, sjå artikkelen her.

Usikkerheita har vore stor rundt kva vi kan vente av fordelar på det nye kortet. I Sverige har dei eit kort som heiter SAS Amex Elite, dette kortet gjev mellom anna desse fordelane:

  • 20 ekstrapoeng per 100 kroner i omsetning, same som vi i dag har på SAS American Express Platinum.
  • Inntil to companion tickets per år, i motsetning til den eine vi kan få med SAS American Express Platinum. I Sverige får dei ein companion ticket per 150.000 SEK i omsetning, i Norge får du ein companion ticket når du passerar 100.000 NOK i omsetning.
  • 20.000 statuspoeng per år. I Norge får vi 12.000 statuspoeng på SAS Mastercard Premium, men American Express gjev ingen statuspoeng.

Ulempa med det svenske kortet er at det kostar 4000 SEK, i motsetning til SAS American Express Platinum som kostar 1700 NOK per år.

No har SAS lagt ut eit lite hint på sas.no om kva vi kan vente:

Skjermbilete, sas.no

Dette bilete er no lagt ut på sas.no og dei nye korta har same design som dei svenske korta. Teksten under er ikkje oppdatert, men det er truleg at vi få sjå fordelar som liknar på dei fordelane dei har i Sverige.

Meir informasjon kjem

Vi i Insideflyer vil kome tilbake med meir informasjon om dei nye korta i løpet av dagen, det kan vere verdt å følgje med på framsida her.  I mellomtida kan de ta diskusjonen rundt dei nye korta på forumet vårt.

Kommentar

Legg igjen en kommentar til Stig Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *