Test: Lufthansa Business Lounge Malpensa

Lufthansa Business Lounge Malpensa

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Det som etterkvart har vorte Milano sin hovudflyplass, Malpensa, har dei siste åra gjennomgått ein særs etterlengta oppgradering. Frå å framstå som eit produkt som var utdatert kort tid etter oppgraderinga i 1998, har flyplassen no vorte fleire hakk betre. Lufthansa sin business lounge, som er for reisande i plus, business og star alliance gold, opna tidlegare i år. No var tida inne for å ta seg ein tur for å teste den.

Når eg sist var innom loungen, i november i fjor, så måtte du gå gjennom ein byggeplass og ta til høgre ved det største toalettet på flyplassen. Loungen sin aroma var av gamle tepper og tysk etterbarberingsvatn, og det var kun ølet som gjorde at ein blei værande. Eg var difor spent på å ta turen innom med familien no i juli.

Loungen har flytta frå å ligge inneklemt mot baksida, til å få ei hjørneplassering med utsikt til flya i inngangen. Me vert møtt av to personer i check inn og dette var raskt og effektivt. Når du går gjennom loungen, så møter du inngangen til toaletta og ein automatisk kaffibar, for så å passere buffeten. Loungen opnar seg inn til høgre med meir kaffi og ein bar som ikkje berre inneheld ei kaffimaskin med bajonetter som krev betjening, men med ei betjening sog også kan blande saman drinkar!

Mat og drikke – buffet og bar

Når eg går inn i ein business lounge, så har eg forventing om å finne enkel mat, og er ikkje der for å ete meg stapp mett. I denne loungen så finn ein det ein forventer og eit forsøk på å gje det litt italiensk kjensle. Ved vårt besøk fann me eit enkelt utval av kald mat og noko ferdig påsmurt, samt eit utval av varme retter. Her var det to pastaretter, ein vegetarrett og grønnsaker med kylling. I tillegg fann me ein avdeling for italienske mat, der me fann ulike ostar og litt anna snacks. Enkel kvalitet og litt kjedeleg mat, men ungene var nøgde!

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Rundt om i lokale fann ein også barar med vin og snacks. Vinutvalet var overraskande bra, og eg fann tre ulike kvite og tre ulike raude, og i tillegg fann eg både proseco og cava. Når ein også har ein betjent bar, så bør ein bli nøgd, sjølv om champagne alltid er å foretrekke.

Både kaffimaskina og baristaen lagar ok kaffi, og det einastesom mangla var varm sjokolade til borna.

Det eg sakna mest, var kaker og søte ting. Me fann kjeks og nokre enkeltpakka sjokolader, men det hadde gjort seg med nokre terter eller kaker.(Men det er rapportert at andre vitjande har fått godt med kaker)

Fasilitetar

Dette er ein enkel lounge, og ein finn godt med stikk-kontaktar, gode sitteplassar og eit fint toalett. Den føles litt liten når det etter kvart blir ein del forseinka fly og nokre kanselleringar. Manglar dusj slik eg ser det, men elles ein fin lounge med det ein treng.

Sittegrupper med litt utsikt
Sittegrupper med litt utsikt

Konklusjon

Alt i alt ei god oppleving, og ein føler ein er på ein ny lounge der mykje er tenkt på. Litt kjedeleg mat til å vera i Italia, og synes dei kan oppgradere kakeutvalet sitt. Pluss for bra utval av drikkevarer. Dette er ein lounge for Schengen, og så ein kan vel ikkje forvente dusj.

Foto: Espen Blåfjelldal

Oversikt

Mat og drikke

Fasilitetar

Komfort

Plass

Overall Rating

Konklusjon

Alt i alt ei god oppleving, og ein føler ein er på ein ny lounge der mykje er tenkt på. Litt kjedeleg mat til å vera i Italia, og synes dei kan oppgradere kakeutvalet sitt. Pluss for bra utval av drikkevarer. Dette er ein lounge for Schengen, og så ein kan vel ikkje forvente dusj.

3.6

Kommentar

    • Espen Blåfjelldal sier

      Hei
      Kvar og når fann de det? Eg vart litt overraska når det ikkje var kaker etc i Italia, men eg var der kanskje litt seint? Avgang kl 20
      Har lagt inn kommentar i innlegget

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *