god morgen

  1. Kristian

    Fredag!

    God morgon frå Aust-Finnmark! Det er sol, varmt og snart helg :) Hurtigruten til kai i Vesisaari Ha ein knallfin dag, godtfolk! :)
  2. Kristian

    Laurdag på reisefot

    God morgon, godtfolk! I skrivande stund er eg i innanriksloungen på Gardermoen i forkant av ei reise til Kongens by, altså København. — Javel, innanriksloungen, seier du kanskje lett spørjande med eit halvt heva augebryn, og lurer på om det er loungehopping eg driv med? — Neidå, endå...
  3. Kristian

    Sundag i Aust-Finnmark

    God morgon frå Vesisaari! Etter ein dryg månad her i kvenbyen er det tid for å venda nasen sørover. Det er fint å vera på gamle trakter, men det skal bli vel så fint å koma heim til den betre halvdelen! Luftskipsmasta på Vadsøya, Čáhcesuolu i bakgrunnen Måtte alle medforumistar få ein...
  4. Kristian

    Fjerde juledag

    God morgon frå bartebyen! Så langt ei veldig roleg julehøgtid her då ein har vore litt mannepjusk. Som alle menn veit er jo det ein nær sagt livstruande tilstand, men no ser det ut til at ting betrar seg :) Elles har nissen vore gåvmild i år, noko eg set stor pris på. Så no gjeld det berre å...
  5. Kristian

    Første juledag 2024

    Gledeleg jul frå stifsstaden! Gåvebonanzaet ville i går ingen ende ta, så i dag må eg ta ein nærmare titt på det nissen gav meg. Der er fint å ta slikt litt i etappar, då! Det vart ei fin blanding av mjuke og harde pakkar :) Forhåpentlegvis har alle medforumistane her på IF fått noko dei...
  6. Kristian

    Klassisk laurdagsmorgon

    God morgon frå Oslos austkant! Radioen spelar av hit etter hit – frå dei siste 400 åra. Ja, det er NRK alltid klassisk som regjerer her i huset på laurdagsmorgonane. Dagen bringer frisk luft og litt meir planlegging av komande reiseaktivitet. Det er berre nokre få veker til avreise austover...
  7. Kristian

    Første søndag i 2024

    God morgon frå Aust-Finn...kremt...austkanten i hovudstaden! Det er ikkje så lett å få med seg at ein har flytta eit par tusen kilometer sørover... Dagen vil bli brukt til å kjenna litt på utandørslivet og reiseplanlegging :) Østmarka Ha ein fin sundag, gode medforumistar! :)
  8. Kristian

    Tysdag (dagen derpå)

    God morgon, gode medforumistar! Rikskringkastinga dundrar ut valresultat no på morgonkvisten, men her i Aust-Finnmark er alt roleg, i alle fall i denne husstanden. Frukost og frisør er planane no først på dagen. Etter kvart må ein vel narra sjefen til å tru at eg fortener løn... Altså har eg...
  9. Kristian

    God solfylt søndag fra Øst-Finnmark!

    God morgon frå Aust-Finnmark! I går var dei nærmaste husa var til tider innhylla i skodde. I dag er det sol frå skyfri himmel og kvikksølvet er på veg oppover. Solkysten (vedtatt flytta til Varanger torsdag 8/4) leverer som aldri før, bilete kjem plutseleg! Ingen reiser i nær framtid, ei...
Tilbake
Til toppen