No er jo EB-poeng sin verdi høgst subjektiv, men for min egen del er verdien av 1 EB-poeng 11 øre. Dette basert på ein samanlikning mot kva det kostar å kjøpe billetten "cash" (har kun brukt business class interkontinentalt som utgangspunkt, som er mest aktuelt for meg). Avgifter ved EB-booking (eit snitt) er også tatt med. I tillegg bør jo EB-bookinga være minst 1000.- billigare enn cash, sida du ikkje tjener opp poeng på denne mens du gjer det ved ein cash-booking.
Men dette reknestykket er jo forskjellig for kvar enkelt, alt etter kva type EB-bookingar du pleier å gjere og kvar du ynskjer å reise. Så min anbefaling er å lage eit reknestykke for deg sjølv, i staden for å høyre på kva andre meiner verdien av eit EB-poeng er
Som eit eksempel er dette metoden eg brukte for å rekne ut ca. verdi av forskjellige bonuspoeng:
https://docs.google.com/spreadsheets/d/1MYty6T0B1eRFqBLUmBQf34PFktQgQHO1JCtbKCsJcQA/edit?usp=sharing
Merk at dette er eit reknestykke gjort for ei tid tilbake, før diverse devalueringar og auke i flyprisar.