I slutten av mai 2026 gjekk turen til Porto i Portugal. Dette blir berre eit bittelite reisebrev for å fortelja litt frå denne langhelga. Eg hoppar over alt som har med flyreisa å gjera då det var snakk om heilt ordinære flygingar i SAS Eurobusiness. Kortversjonen er at Porto var fint for eit tre netter lang opphald.
Kveldstrasking i Porto ein fredag i mai
Etter å ha parkert bagasjen på hotellet traska vi ut i Porto for å sjå oss rundt. Ganske fort hamna vi i parken ved Pavilhão Rosa Mota. Her er det fin utsikt utover Porto by og ikkje minst mange påfuglar som traskar rundt og gjer seg til.
Pavilhão Rosa Mota
Påfuglar i Porto
Jardim do Roseiral ved Pavilhão Rosa Mota
Fin utsikt uover Porto og elva som renn gjennom byen, Duoro
Middag åt vi på Emotivo som reklamerer med at dei har mat frå heile Portugal. Emotivo er ein slags smaksmenyrestaurant, men dei har ikkje mat frå meir enn eit par av regionane i landet. Maten var god, då, men eg sakna sjømat.
Ein lang trasketur i Porto ein laurdag i mai
Det vart ein god natts søvn og neste dag delte vi oss litt frå morgonen av. Eg traska ut litt på måfå og etter å ha svinga litt både til venstre og høgre hamna eg etter kvart i nærleiken av Portos historiske sentrum.
Langs min veg traska eg forbi Portos rådhus, St. Idelfonso-kyrkja og Sé do Porto-katedralen. Ved sistnemnde katedral var det ein gatemusikant som var i gang med nokre fine tolkingar av kjente songar så her stoppa eg litt opp og såg utover byen og elva som delar honom i to, Duoro.
Rådhuset i Porto sentrum
St. Idelfonso-kyrkja
Sé do Porto-katedralen
Etter ein liten pust i bakken traska eg over Ponte Luis I-brua. Her går òg trikken over, så her må ein passa på slik at ein ikkje står i vegen for kollektivtrafikken. Ikkje alle brydde seg om dét.
Då eg var kome ned til elvebreidda så valde eg å traska langsmed elva i retning Atlanterhavet. For å gjera ein veldig lang trasketur ganske så kort så trudde eg at det skulle vera lett å koma seg tilbake på andre sida av elva over ei bru litt nærmare havet, Ponte da Arrábida.
Det var ikkje veldig lett å finna ein gangveg til brua, men det gjorde eg til slutt via bakhagen til eit hotell og ein ikkje offentleg opparbeida sti. Over brua durte biltrafikken i 80 km/t, så det var ikkje veldig triveleg å gå over. Eg surra lenge med å finna fram, sikkert ein liten times tid. Til slutt lukkast eg, men ikkje før eg byrja å ignorera Googles kartteneste...
Ponte da Arrábida-brua
Litt kunst eg snubla over i mi leiting etter den store brua på førre bilete
Som den observante lesaren du er så såg du nok at Ponte da Arrábida-brua var ganske så høg. Eg har høgdeskrekk. Eg kryssa brua med blikket stivt retta framover for å unngå å sjå ned. Og hjarta var godt oppe i halsen. Heldigvis gjekk det bra.
Neste stopp var planlagt å vera Museu de Arte Contemporânea de Serralves, samtidskunstmuseet. Her opplevde eg eit veldig snurrig problem. Golvet var av ein slik art at skoene mine knirka forferdeleg høgt i absolutt alle rom. Det hadde eg aldri opplevd før. Eg følte meg så utilpass at eg valde å la kunst vera kunst og traska ut i det fri.
På min veg møtte eg Willy Brandt, den vesttyske utanriksministeren og kanslaren, må vite! Han budde i Noreg i fleire år og hadde heile tida eit nært forhold til Noreg. Han fekk Nobels fredspris i 1971 for arbeidet med avspenning og forsoning med dei kommunistiske landa i austblokka.
Omtrent på dette tidspunktet møtte eg reisefølgjet og vi traska i lag ned til breidda av Atlanterhavet. Det var godt å endeleg sjå havet igjen. Når ein har budd mange år i Vadsø så blir ein bortskjemt med nærleik til havet. Å bu i Oslo gjer at ein mistar all kjensle med kyst og hav. Så det var godt å kjenna, sjå og lukta storhavet igjen!
Benk med havutsikt
Havets brenningar slår mot land
Reisefølgjet hadde tinga middag til oss på InDiferente, ein restaurant med svært kvite dukar og stiv servering. Det er ikkje mitt førsteval, men av og til kan det jo vera verdt å prøva noko utanfor komfortsonen. Eg noterte følgjande frå middagen: Sju åtte ålreite rettar over fire timar, maten var grei nok, men selskapet var triveleg.
Tidleg kveldssol over Atlanterhavets kyst ved Porto
Gatelangs i Porto ein sundag i mai
Dagen byrja med ein snodig idé om at eg var sprek nok til å ta ein joggetur. Altså, joda, eg hadde vel eit visst tempo, men ikkje noko i nærleiken av Il Tempo Gigante. Det fine var jo at eg fekk sett meg litt om i bybiletet i løpet av det som etter kvart vart mindre ein joggetur og meir ein vraltetur. Gårsdagens labbing gjort nemleg sitt.
Utsikt mot Ponte da Arrábida-brua over elva Duoro
Eit lite snitt av Porto sentrum sett frå breidda av Duoro
Ganske typiske hus i sentrum av Porto
Monumento ao Infante Dom Henrique ved Palácio da Bolsa
– På norsk kjent som Henrik sjøfararen, portugisisk prins på 1400-talet
I fellesskap med reisefølgjet traska eg ut etter frukosten og vi gjekk på sporvognsmuséet, Museu do Carro Eléctrico. Her var det, som forventa, mange trikkar å sjå på. Det var litt koseleg, det. Ikkje at eg kan noko som helst om sporvogner og ikkje lærer eg så mykje heller, men eg synst det er kjekt å sjå på dei.
Sporvognsmuséet
Sporvognsmuséet Sporvognsmuséet Sporvognsmuséet
Etter å ha sett oss mette på trikkar så traska vi langsmed elva til vi kom til muséet World of Discoveries. Portugal har jo ei fortid som ein stor sjøfartsnasjon og ikkje minst er mykje verdsoppdaging utført av portugisarar, slik som t.d. Kristoffer Columbus, Vasco da Gama og andre.
Det viste seg at museet World of Discoveries absolutt ikkje ytte Portugals fortid rettferd. Dette var stusselege saker. Vi vart plassert i ein båt og sendt på oppdagingsferd rundt omkring til diverse scener frå portugisisk historie. Det var vel i beste fall under pari, ei slags tømmerrenne utan adrenalin og formidlingsglede. Vi tok det heile med litt ironisk distanse og då gjekk det bra.
Frå World of Discoveries
Eit måltid under pari ved World of Discoveries restaurant
Etter to netter i Porto hadde vi vorte såpass lokalt tilpassa at vi i 15-tida traska tilbake til hotellet og plaska litt i bassenget som fanst der i bakhagen. Vi var åleine om heile området og det passa oss utmerka. Det vart eit par fine timar der det skjedde absolutt null, niks og nada.
Etter ein velfortent(?) siesta tok vi bussen ut til breidda av Atlanterhavet. Vi traska litt langsmed stranda før vi åt middag på restauranten Lapa Lapa. Maten her var veldig god, utsikten mot havet var nydeleg, men serveringa var over snittet seindrektig. Det gjorde ingenting at serveringa tok litt tid, vi skulle ingenting anna den kvelden. Etterpå traska vi bort til kunstverket Anémona før vi tok bussen tilbake til hotellet.
Tilsløra solnedgang over Atlanterhavets breidder
Tilsløra solnedgang over Atlanterhavets breidder
Kunstinstallasjonen Anémone i utkanten av Porto
Ei minioppsummering
Vi likte oss godt i Porto. Vi hadde tre overnattingar ved hotellet Tipografia do Condo og føler at vi budde godt og fekk sett ganske mykje av det byen har å by på. Vi var begge litt slitne etter ein småhektisk periode i forkant av turen, men denne storbyferien var såpass lite hektisk at eg trur vi begge fekk samla litt overskot. Takk for at du las dette vetle reisebrevet.
SAS på Aeroporto Francisco sá Carneiro, Porto lufthamn
Jeg holder på å lese Erika Fatlands bok "Sjøfareren - en reise gjennom Portugals tapte imperium" nå, og den er absolutt å anbefale om man ønsker ett velskrevet dypdykk i Portugals kolonihistorie.