I slutten av mai 2026 gjekk turen til Porto i Portugal. Dette blir berre eit bittelite reisebrev for å fortelja litt frå denne langhelga. Eg hoppar over alt som har med flyreisa å gjera då det var snakk om heilt ordinære flygingar i SAS Eurobusiness. Kortversjonen er at Porto var fint for eit tre netter lang opphald.
Kveldstrasking i Porto ein fredag i mai Etter å ha parkert bagasjen på hotellet traska vi ut i Porto for å sjå oss rundt. Ganske fort hamna vi i parken ved Pavilhão Rosa Mota. Her er det fin utsikt utover Porto by og ikkje minst mange påfuglar som traskar rundt og gjer seg til. Pavilhão Rosa Mota Påfuglar i Porto Jardim do Roseiral ved Pavilhão Rosa Mota Fin utsikt uover Porto og elva som renn gjennom byen, Duoro Middag åt vi på Emotivo som reklamerer med at dei har mat frå heile Portugal. Emotivo er ein slags smaksmenyrestaurant, men dei har ikkje mat frå meir enn eit par av regionane i landet. Maten var god, då, men eg sakna sjømat.
Ein lang trasketur i Porto ein laurdag i mai Det vart ein god natts søvn og neste dag delte vi oss litt frå morgonen av. Eg traska ut litt på måfå og etter å ha svinga litt både til venstre og høgre hamna eg etter kvart i nærleiken av Portos historiske sentrum. Langs min veg traska eg forbi Portos rådhus, St. Idelfonso-kyrkja og Sé do Porto-katedralen. Ved sistnemnde katedral var det ein gatemusikant som var i gang med nokre fine tolkingar av kjente songar så her stoppa eg litt opp og såg utover byen og elva som delar honom i to, Duoro. Rådhuset i Porto sentrum St. Idelfonso-kyrkja Sé do Porto-katedralen Etter ein liten pust i bakken traska eg over Ponte Luis I-brua. Her går òg trikken over, så her må ein passa på slik at ein ikkje står i vegen for kollektivtrafikken. Ikkje alle brydde seg om dét. Ponte Luis I-brua utan trikk Ponte Luis I-brua med trikk
Litt av bybiletet rundt rådhuset Dei raude hustaka går igjen i bilete av Porto Porto er ein ganske så fin by, synst eg Ponte Luis I-brua sett frå breidda av elva Duoro Då eg var kome ned til elvebreidda så valde eg å traska langsmed elva i retning Atlanterhavet. For å gjera ein veldig lang trasketur ganske så kort så trudde eg at det skulle vera lett å koma seg tilbake på andre sida av elva over ei bru litt nærmare havet, Ponte da Arrábida. Det var ikkje veldig lett å finna ein gangveg til brua, men det gjorde eg til slutt via bakhagen til eit hotell og ein ikkje offentleg opparbeida sti. Over brua durte biltrafikken i 80 km/t, så det var ikkje veldig triveleg å gå over. Eg surra lenge med å finna fram, sikkert ein liten times tid. Til slutt lukkast eg, men ikkje før eg byrja å ignorera Googles kartteneste... Ponte da Arrábida-brua Litt kunst eg snubla over i mi leiting etter den store brua på førre bilete
Som den observante lesaren du er så såg du nok at Ponte da Arrábida-brua var ganske så høg. Eg har høgdeskrekk. Eg kryssa brua med blikket stivt retta framover for å unngå å sjå ned. Og hjarta var godt oppe i halsen. Heldigvis gjekk det bra. Neste stopp var planlagt å vera Museu de Arte Contemporânea de Serralves, samtidskunstmuseet. Her opplevde eg eit veldig snurrig problem. Golvet var av ein slik art at skoene mine knirka forferdeleg høgt i absolutt alle rom. Det hadde eg aldri opplevd før. Eg følte meg så utilpass at eg valde å la kunst vera kunst og traska ut i det fri. På min veg møtte eg Willy Brandt, den vesttyske utanriksministeren og kanslaren, må vite! Han budde i Noreg i fleire år og hadde heile tida eit nært forhold til Noreg. Han fekk Nobels fredspris i 1971 for arbeidet med avspenning og forsoning med dei kommunistiske landa i austblokka. Willy Brandt i Porto
Omtrent på dette tidspunktet møtte eg reisefølgjet og vi traska i lag ned til breidda av Atlanterhavet. Det var godt å endeleg sjå havet igjen. Når ein har budd mange år i Vadsø så blir ein bortskjemt med nærleik til havet. Å bu i Oslo gjer at ein mistar all kjensle med kyst og hav. Så det var godt å kjenna, sjå og lukta storhavet igjen! Benk med havutsikt Havets brenningar slår mot land Reisefølgjet hadde tinga middag til oss på InDiferente, ein restaurant med svært kvite dukar og stiv servering. Det er ikkje mitt førsteval, men av og til kan det jo vera verdt å prøva noko utanfor komfortsonen. Eg noterte følgjande frå middagen: Sju åtte ålreite rettar over fire timar, maten var grei nok, men selskapet var triveleg. Tidleg kveldssol over Atlanterhavets kyst ved Porto
Gatelangs i Porto ein sundag i mai Dagen byrja med ein snodig idé om at eg var sprek nok til å ta ein joggetur. Altså, joda, eg hadde vel eit visst tempo, men ikkje noko i nærleiken av Il Tempo Gigante. Det fine var jo at eg fekk sett meg litt om i bybiletet i løpet av det som etter kvart vart mindre ein joggetur og meir ein vraltetur. Gårsdagens labbing gjort nemleg sitt. Utsikt mot Ponte da Arrábida-brua over elva Duoro Eit lite snitt av Porto sentrum sett frå breidda av Duoro Ganske typiske hus i sentrum av Porto Monumento ao Infante Dom Henrique ved Palácio da Bolsa – På norsk kjent som Henrik sjøfararen, portugisisk prins på 1400-talet Litt av bybiletet i Porto Litt av bybiletet i Porto