Julemarked, før og etter(?) jul?

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Førjulstida er fantastisk for julemarked, og det er lite som får meg i stemning som eit tyskinspirert julemarked.

Det har dukka opp mange gode marked også i andre byer enn i Tyskland og også nokre i Norge. Mine favorittmarked er ofte dei litt mindre der ein finn andre produkt en dei masseproduserte kinesiske varer, men eg får stemning av gløgg og bratwurst også!

Det er fortsatt mogleg å plukke med seg bonusbilletter til ein del av destinasjonene om ein vil kaste seg rundt å ta seg ein tur før jul!

Julemarked i på Tivoli i København
Julemarked i på Tivoli i København

Topp 10 julemarked:

Her er mine topp 10 julemarked, usortert:

  • Nurnberg
  • København
  • London
  • Munchen
  • Berlin
  • Budapest
  • Wien
  • Praha
  • Krakow

Dei som er observante, har sikkert lagt merke til at det kun er 9 her.

St Petersburg – julemarked frå 12 desember til 13 januar!

Juleaften i Russland feires 7 januar etter russisk-ortodoks tradisjon, og dermed så kan ein strekke jula litt lenger om ein vil ha seg litt jule etter julaften!

St. Petersburg

E-visum

Frå 1.oktober i år, så kan ein reise på gratis E-visum til St Petersburg!
Søknaden kan du fylle ut her. Dette gjer det mykje enklare for oss å reise til St Petersburg, og byen er absolutt verd eit besøk, med eller uten julemarked!

St Petersburg, Tsarens hovedstad

Byen er grunlagt av Tsar Peter den store i 1703, og er ein by som er bygd for å vera den store byen i keiserriket. Den bær preg av monumentale bygg, og kanskje litt overdrevne bygg. Spesielt har du vinterpalasset som er eit enorm bygg, og som var residens for Tsaren. I dag kan du besøke bygget, og det er del av kunstmuseet Eremitasjen.

Vinterpalasset

Julemarked

Det er fleire julemarked i byen, og det viktigste er dette: http://www.visit-petersburg.ru/en/event/4193/ . Det ligg sentralt i St Petersburg, og du kan gå frå hovedgata Nevsky prospect(Avenue).

Du finn også andre mindre julemarked rundt om i byen, og det er generelt god julestemning.

Julemarked i St. Petersburg

Praktisk

St Petersburg er den mest vestlige byen i Russland, men er også russisk.
Det går greit å komme seg rundt med engelsk i hovedgatene, på hotell og på restauranter, men det kan vera litt verre å kommunisere med vanlige russere eller taxisjåfører. Ein anna ting som ein bør vera klar over er at alle biler er potensielle taxier, og det er stort sett ikkje noko problem. Når me var der, så var det faste priser på strekninger med taxi. Me bestilte ofte taxi frå hotellet vårt, og fekk restauranter til å booke retur. Prisnivået er hyggeleg, og eg følte aldri at eg blei lurt.

Det tok litt tid å bli vant til at folk absolutt ikkje smiler, eller utleverer seg sjølv, men det er vel slik ein blir etter å ha blitt styrt i mange år

Hoteller og restauranter

Me budde på Corintia, som ligg sentralt og fint. Det var eit tipp, topp hotell, og hadde god frukost. Me hadde executive room, og hadde tilgang til lounge.
Pris er frå 800 kr frå vanlige rom, og 1600 for eit executive rom. Men det er også mange andre bra hotell.

Me besøkte også Grand Hotel Europa, der det var caviar bar. Dette var ein litt underlig opplevelse, men hotellet var veldig bra, og caviaren var også brukbar, sjølv om det var litt turistfølelsen me satt att me

EM – ein fantastisk restaurant

Dette var ein armensk restaurant, som ligna litt på ein heimerestaurant. Men maten var veldig god, sørvisen topp, og prisen veldig god. Dei skaffa også den billigste taxien me hadde heimatt, sjølv om det var ein Peugeot 205!

http://www.emrestaurant.ru/

EM Restaurant

Ein AGA komfyr er sentralt i serveringslokale, og lokale er veldig komfortabelt. Dei var veldig stolte av å ha ein russisk vin, sjølv om den kom frå Krim. Tok ikkje diskusjonen. Restauranten var vel verdt eit besøk!

Me besøkte også Mariinsky Ballet og Opera, og det var også ein veldig bra oppleving. Me fekk tak i billetter som var utselde via hotellet!

Komme seg til St Petersburg

Det er ledige bonusbilletter med SAS no før jul, og det er kun 4 dagers behandlingstid på visum. Det er også ledige billetter etter jul, så her er det berre å kaste seg rundt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *