Kristian
'Bittelitt' bonussamledilla
Reisebrev: Nord-Noreg rundt med motbør og ninjatriks
– «Kom deg ut av sofaen og sjå deg rundt i ditt eige land, din latpeis! Utlandet i sommar? Nei, ikkje denne karen!»
Omtrent slik tenkte eg her på ettervinteren og trass i at Eurobonus-innteninga på Widerøes «Norge rundt»-billett ikkje er så lukrativ for oss bonusjegerar lenger, tenkte eg likevel at dette var ein reisemåte som kunne vere høveleg.
Her kjem nokre ord om mine opplevingar i små propellfly langt nord i landet vårt
Det er kanskje på sin plass å nemna at champagnefaktoren og sigarføringa ikkje var like høg på denne reisa som for andre reiser sommaren 2016...

Dash 8/300 på Langnes lufthamn, Tromsø
Åtvaringar til lesaren
Dette reisebrevet er ikkje spesielt grundig gjennomtenkt og inneheld både litt om flyging og litt om det eg gjorde mellom flygingane. Det er nok altfor mykje tekst, men eg har prøvd å snika inn eit bilete her og der for å gje deg eit aldri så lite pusterom her og der. Lukke til!
Sædvanlege [sic] grunnar
Min morfar visste å så sine frø med god avstand og det har ført til at det har grodd fram slektningar på vidt forskjellige plassar i det høge nord. Desse har eg vorte kjent med i nyare tid og eg tenkte at Widerøes billett «Norge rundt» kunne fungere bra for å få besøkt gjengen. Kva er ein ikkje villig til å gjera for å få kaker frå gamle tanter og slikt?
I kombinasjon med slektsbesøk tenkte eg å få sett eit par byar som eg ikkje har vore i. No skal det seiast at eg nok er over gjennomsnittet glad i små propellfly og korte rullebanar, så eg gleda meg som ein liten unge
Planlegginga
Heimesidene til Widerøe forklårar konseptet ganske greitt (http://www.wideroe.no/flybilletter/norgerundtbilletten), men überkort fortalt går greia ut på at du kjøper ein billett for éin, to eller tre sonar og deretter flyg du så mykje du vil i to veker innanfor den sonen som du har billett til.

Sonekart til «Norge rundt»-billetten
Sjølve planlegginga vart gjort unna før påske ein gong og undervegs gjorde eg ingen endringar, sjølv om vilkåra til billetten seier at du kan endre reisestrekning og avreisetidspunkt inntil to timar før avgang (med unnatak av den aller første strekninga). Sidan Widerøe har ein eigen søkemotor for reiser med «Norge rundt»-billetten brukte eg ein del tid der. Det fungerte heilt glimrande.
Den planlagte reiseruta
Dag 1: Heimanfrå – Honningsvåg
Dag 2: Honningsvåg – Hammerfest
Dag 3: Hammerfest – Andenes
Dag 5: Andenes – Tromsø
Dag 8: Tromsø – Narvik
Dag 10: Evenes – heim
Dag 11: Heim – Tromsø

I tillegg til heimeflyplassen fekk eg sjekka ut rullebanen på fleire stadar
Den observante lesaren ser her at eg var innom to sonar, det kosta 3 990 kroner. I etterkant har eg sjekka kva reisa mi ville ha kosta med ordinære billettar og eg kom fram til at eg sparte rundt 2 500 kroner. Slett ikkje lei meg for det
Dag 1: Heimanfrå – Honningsvåg
Dagen før avreise sjekka eg som normalt inn i SAS-appen og gleda var barn(s)leg stor då eg fann ut at eg var «førstemann» med SEQ-nummer 00001. Det er sikkert ikkje mange som bryr seg, men eg synst no det er artig dei gongane eg blir han med lågast innsjekkingsnummer.

Barn(s)leg glede episode 1
På sjølve avreisedagen var vêret i Aust-Finnmark upåklageleg, sol og over 20 grader. Herleg flyvêr, tenkte eg. Utpå ettermiddagen skulle 39-setaren til Widerøe ta meg til Honningsvåg. Det viste seg at godvêret brått tok slutt då vi kom til kyststroka i den nordlege delen av vårt nordlegaste fylke.
Då flyet skulle mellomlanda på Mehamn kom kapteinen med følgjande melding:
– «Det er frå cockpit: Vi nærmar oss Mehamn. Der har vi no tett oppunder maksimal vindstyrke for å kunne lande. Vi gjer eit forsøk. Dette kjem til å bli litt humpete.»
For første gong opplevde eg at setebeltet verkeleg stramma til over låra og hoftene der vi dansa inn til flyplassen i ruskete sidevind. Trass i maksimalt innstramma belte møtte skalpen min hattehylla over meg ved eit par høve, i alle fall var tupéen borti (og eg er ikkje spesielt høg!).
Vi kom oss heilskinna ned, sjølvsagt. Etter eit lite kvarter på bakken gjekk turen til Honningsvåg. Nok ein gong var piloten på lufta og åtvara om turbulens under innflyginga, men denne gongen gjekk det rolegare for seg enn på veg inn mot Mehamn.

Dash 8/100 (eller kanskje 200?) på Valan lufthamn, Honningsvåg
Dag 2: Honningsvåg – Hammerfest …trudde eg
Planen for besøket til Honningsvåg var å sykle til Nordkapp. Kvelden i forkant hadde eg prøvd, men vart stoppa av sterk vind på Skipsfjordhøgda. Pysete, seier du? Vel, då eg gjekk av sykkelen, mista han kontakt med bakken. Faktisk måtte eg leggje tyngde på sykkelen for at dekka ikkje skulle henge i lause lufta. Makan har eg aldri vore borti. Då var det berre å snu og finne loppekassa.
Måten eg fekk tak i sykkelen i Honningsvåg på er litt artig. Eg tok kontakt med turistinformasjonen og fekk svar frå ei veldig triveleg tøtte:
– Finst det nokon stad ein kan leige ein sykkel?
– Nei, men du kan få låne min private.
– Er du sikker? ...
– Ja, ikkje noko problem.
– Kor mykje skal du ha, kva kostar det?
– Ingenting, eg legg berre nøkkelen under blomsterpotta.
Finnmark, altså

Doningen ved flyplassen eg skulle bli godt kjent med
Neste morgon, altså på dag to, hadde vinden roa seg og eg gjorde eit nytt forsøk. Det er ca. 60 km tur/retur Honningsvåg–Nordkapp. For ein utrent nisse som meg sjølv er det eit drygt stykke, spesielt med tanke på at det er mange bakkar til den forbaska fjellhylla som alle trur er det nordlegaste punktet i dette landet. Lengst mot nord ligg altså Knivskjellodden, ikkje Nordkapp.
Vel, flisespikking til side: Eg fekk kara meg nordover og lagde nok oksygenmangel i mils omkrins grunna heftig pesing. Likevel, då eg kom fram følte eg meg plutseleg pigg. Dessutan fekk eg tøtta i kaffibaren til å laga meg ein supersterk kakao. Det gjorde susen! Eg tok to. #Kvalm, men fornøgd!

Obligatorisk bilete frå Noregs nest nordlegaste punkt (dersom vi ser bort frå Svalbard)
På kvelden skulle flyet gå til Hammerfest. Det gjorde for så vidt det dusteflyet, men utan å lande i Honningsvåg. Kvifor? Tjukk skodde gav for dårleg sikt. Jesus, vi skreiv søren meg nyleg St. Hans! Sommar meg langt opp i hurlumheia! Heldigvis ordna Widerøe opp og eg fekk nytt fly neste føremiddag i tolvtida og hotell gratis. Null stress …trudde eg
Etter å ha ete litt nydeleg kongekrabbe ringde Widerøe meg. Grunna mannskapsmangel hadde flyet mitt neste dag vorte innstilt. No byrja eg å tru at eg aldri i livet ville kome veg vekk frå denne forheksa staden, men heldigvis kunne propellselskapet tilby meg plass på morgonflyet. Frå å kunne ha ein roleg start på dagen med avreise kl. 12:03, måtte eg no vera på plass til avreise 06:42. Mørk til sinns vinka eg farvel til hotellfrukosten

Hurtigruta på veg inn til kai i Honningsvåg
Dag 3A: Honningsvåg – Hammerfest (nytt forsøk)
Lenge før Fanden hadde fått sko på beina, var eg atter ein gong på Valan, Honningsvåg lufthamn. På dette tidspunktet var eg på meir enn hels med alle som jobba der. Med eit morgonfriskt grynt sa eg namnet mitt til innsjekkingspersonalet. Dama i skranken tasta noko infernalsk, men trur du at ho fann meg i manntalet? Nei, eg måtte bort til sørvisskranken (litt over atten centimeter unna innsjekkingsskranken) og karen der tasta like heftig ei lang stund før han sa:
– «Hmm, det ser ut som at du har vorte automatisk sletta av ei datamaskin i natt og no flyet er smekkfullt. Eg ringjer bussjåføren så kjem han innom her på veg til Hammerfest.»
Dæven, no var eg ikkje spesielt blid. Buss for fly?!

La meg oppsummere: Opphaveleg fly innstilt grunna skodde. Ombooka fly innstilt grunna mannskapsmangel. Ombooka fly nr. 2 fullt og min reservasjon sletta. Diverre hadde dei ikkje alkoholservering på flyplassen i Honningsvåg…
Etter rundt tjue minutt tassa eg bort til skranken for å finne ut kva tid bussen kom, men før eg rakk å spørje, spurde fyren om namnet mitt ein gong til og mumla fram:
– «No skal eg gjere noko som eg garantert for kjeft for».
Deretter høyrde eg lyden av brutal tastaturknatring og vips fekk eg eit ombordstigningskort i handa. Hadde det ikkje vore for øyra, hadde gliset gått heilt rundt

Deretter gjekk turen rett til loungen på Honningsvåg internasjonale.

Valan, Honningsvåg – the lounge
Etter tjuefem minutt landa flyet der eg skulle ha kome fram dagen før.

Sist redigert: