Propellreisebrev: Nord-Noreg rundt med motbør og ninjatriks

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 06. aug 2016.

  1. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Reisebrev: Nord-Noreg rundt med motbør og ninjatriks

    – «Kom deg ut av sofaen og sjå deg rundt i ditt eige land, din latpeis! Utlandet i sommar? Nei, ikkje denne karen!»

    Omtrent slik tenkte eg her på ettervinteren og trass i at Eurobonus-innteninga på Widerøes «Norge rundt»-billett ikkje er så lukrativ for oss bonusjegerar lenger, tenkte eg likevel at dette var ein reisemåte som kunne vere høveleg.

    Her kjem nokre ord om mine opplevingar i små propellfly langt nord i landet vårt :)

    Det er kanskje på sin plass å nemna at champagnefaktoren og sigarføringa ikkje var like høg på denne reisa som for andre reiser sommaren 2016... ;)

    20160624_183505.jpg
    Dash 8/300 på Langnes lufthamn, Tromsø

    Åtvaringar til lesaren
    Dette reisebrevet er ikkje spesielt grundig gjennomtenkt og inneheld både litt om flyging og litt om det eg gjorde mellom flygingane. Det er nok altfor mykje tekst, men eg har prøvd å snika inn eit bilete her og der for å gje deg eit aldri så lite pusterom her og der. Lukke til! :)

    Sædvanlege [sic] grunnar
    Min morfar visste å så sine frø med god avstand og det har ført til at det har grodd fram slektningar på vidt forskjellige plassar i det høge nord. Desse har eg vorte kjent med i nyare tid og eg tenkte at Widerøes billett «Norge rundt» kunne fungere bra for å få besøkt gjengen. Kva er ein ikkje villig til å gjera for å få kaker frå gamle tanter og slikt? :D

    I kombinasjon med slektsbesøk tenkte eg å få sett eit par byar som eg ikkje har vore i. No skal det seiast at eg nok er over gjennomsnittet glad i små propellfly og korte rullebanar, så eg gleda meg som ein liten unge ;)

    Planlegginga
    Heimesidene til Widerøe forklårar konseptet ganske greitt (http://www.wideroe.no/flybilletter/norgerundtbilletten), men überkort fortalt går greia ut på at du kjøper ein billett for éin, to eller tre sonar og deretter flyg du så mykje du vil i to veker innanfor den sonen som du har billett til.
    2015-sonekart-547.jpg
    Sonekart til «Norge rundt»-billetten

    Sjølve planlegginga vart gjort unna før påske ein gong og undervegs gjorde eg ingen endringar, sjølv om vilkåra til billetten seier at du kan endre reisestrekning og avreisetidspunkt inntil to timar før avgang (med unnatak av den aller første strekninga). Sidan Widerøe har ein eigen søkemotor for reiser med «Norge rundt»-billetten brukte eg ein del tid der. Det fungerte heilt glimrande.

    Den planlagte reiseruta
    Dag 1: Heimanfrå – Honningsvåg
    Dag 2: Honningsvåg – Hammerfest
    Dag 3: Hammerfest – Andenes
    Dag 5: Andenes – Tromsø
    Dag 8: Tromsø – Narvik
    Dag 10: Evenes – heim
    Dag 11: Heim – Tromsø

    NR-kart.gif
    I tillegg til heimeflyplassen fekk eg sjekka ut rullebanen på fleire stadar :)

    Den observante lesaren ser her at eg var innom to sonar, det kosta 3 990 kroner. I etterkant har eg sjekka kva reisa mi ville ha kosta med ordinære billettar og eg kom fram til at eg sparte rundt 2 500 kroner. Slett ikkje lei meg for det :cool:

    Dag 1: Heimanfrå – Honningsvåg

    Dagen før avreise sjekka eg som normalt inn i SAS-appen og gleda var barn(s)leg stor då eg fann ut at eg var «førstemann» med SEQ-nummer 00001. Det er sikkert ikkje mange som bryr seg, men eg synst no det er artig dei gongane eg blir han med lågast innsjekkingsnummer.

    20160622_162647.jpg
    Barn(s)leg glede episode 1

    På sjølve avreisedagen var vêret i Aust-Finnmark upåklageleg, sol og over 20 grader. Herleg flyvêr, tenkte eg. Utpå ettermiddagen skulle 39-setaren til Widerøe ta meg til Honningsvåg. Det viste seg at godvêret brått tok slutt då vi kom til kyststroka i den nordlege delen av vårt nordlegaste fylke.

    Då flyet skulle mellomlanda på Mehamn kom kapteinen med følgjande melding:
    – «Det er frå cockpit: Vi nærmar oss Mehamn. Der har vi no tett oppunder maksimal vindstyrke for å kunne lande. Vi gjer eit forsøk. Dette kjem til å bli litt humpete.»

    For første gong opplevde eg at setebeltet verkeleg stramma til over låra og hoftene der vi dansa inn til flyplassen i ruskete sidevind. Trass i maksimalt innstramma belte møtte skalpen min hattehylla over meg ved eit par høve, i alle fall var tupéen borti (og eg er ikkje spesielt høg!).

    Vi kom oss heilskinna ned, sjølvsagt. Etter eit lite kvarter på bakken gjekk turen til Honningsvåg. Nok ein gong var piloten på lufta og åtvara om turbulens under innflyginga, men denne gongen gjekk det rolegare for seg enn på veg inn mot Mehamn.

    20160624_061947.jpg
    Dash 8/100 (eller kanskje 200?) på Valan lufthamn, Honningsvåg

    Dag 2: Honningsvåg – Hammerfest …trudde eg

    Planen for besøket til Honningsvåg var å sykle til Nordkapp. Kvelden i forkant hadde eg prøvd, men vart stoppa av sterk vind på Skipsfjordhøgda. Pysete, seier du? Vel, då eg gjekk av sykkelen, mista han kontakt med bakken. Faktisk måtte eg leggje tyngde på sykkelen for at dekka ikkje skulle henge i lause lufta. Makan har eg aldri vore borti. Då var det berre å snu og finne loppekassa.

    Måten eg fekk tak i sykkelen i Honningsvåg på er litt artig. Eg tok kontakt med turistinformasjonen og fekk svar frå ei veldig triveleg tøtte:
    – Finst det nokon stad ein kan leige ein sykkel?
    – Nei, men du kan få låne min private.
    – Er du sikker? ...
    – Ja, ikkje noko problem.
    – Kor mykje skal du ha, kva kostar det?
    – Ingenting, eg legg berre nøkkelen under blomsterpotta.

    Finnmark, altså :D

    20160622_194355.jpg
    Doningen ved flyplassen eg skulle bli godt kjent med

    Neste morgon, altså på dag to, hadde vinden roa seg og eg gjorde eit nytt forsøk. Det er ca. 60 km tur/retur Honningsvåg–Nordkapp. For ein utrent nisse som meg sjølv er det eit drygt stykke, spesielt med tanke på at det er mange bakkar til den forbaska fjellhylla som alle trur er det nordlegaste punktet i dette landet. Lengst mot nord ligg altså Knivskjellodden, ikkje Nordkapp.

    Vel, flisespikking til side: Eg fekk kara meg nordover og lagde nok oksygenmangel i mils omkrins grunna heftig pesing. Likevel, då eg kom fram følte eg meg plutseleg pigg. Dessutan fekk eg tøtta i kaffibaren til å laga meg ein supersterk kakao. Det gjorde susen! Eg tok to. #Kvalm, men fornøgd! :rolleyes::D

    CIMG5579.JPG
    Obligatorisk bilete frå Noregs nest nordlegaste punkt (dersom vi ser bort frå Svalbard)

    På kvelden skulle flyet gå til Hammerfest. Det gjorde for så vidt det dusteflyet, men utan å lande i Honningsvåg. Kvifor? Tjukk skodde gav for dårleg sikt. Jesus, vi skreiv søren meg nyleg St. Hans! Sommar meg langt opp i hurlumheia! Heldigvis ordna Widerøe opp og eg fekk nytt fly neste føremiddag i tolvtida og hotell gratis. Null stress …trudde eg :eek:

    Etter å ha ete litt nydeleg kongekrabbe ringde Widerøe meg. Grunna mannskapsmangel hadde flyet mitt neste dag vorte innstilt. No byrja eg å tru at eg aldri i livet ville kome veg vekk frå denne forheksa staden, men heldigvis kunne propellselskapet tilby meg plass på morgonflyet. Frå å kunne ha ein roleg start på dagen med avreise kl. 12:03, måtte eg no vera på plass til avreise 06:42. Mørk til sinns vinka eg farvel til hotellfrukosten :mad:

    20160624_052312.jpg
    Hurtigruta på veg inn til kai i Honningsvåg

    Dag 3A: Honningsvåg – Hammerfest (nytt forsøk)

    Lenge før Fanden hadde fått sko på beina, var eg atter ein gong på Valan, Honningsvåg lufthamn. På dette tidspunktet var eg på meir enn hels med alle som jobba der. Med eit morgonfriskt grynt sa eg namnet mitt til innsjekkingspersonalet. Dama i skranken tasta noko infernalsk, men trur du at ho fann meg i manntalet? Nei, eg måtte bort til sørvisskranken (litt over atten centimeter unna innsjekkingsskranken) og karen der tasta like heftig ei lang stund før han sa:
    – «Hmm, det ser ut som at du har vorte automatisk sletta av ei datamaskin i natt og no flyet er smekkfullt. Eg ringjer bussjåføren så kjem han innom her på veg til Hammerfest.»

    Dæven, no var eg ikkje spesielt blid. Buss for fly?! :mad::mad:

    La meg oppsummere: Opphaveleg fly innstilt grunna skodde. Ombooka fly innstilt grunna mannskapsmangel. Ombooka fly nr. 2 fullt og min reservasjon sletta. Diverre hadde dei ikkje alkoholservering på flyplassen i Honningsvåg…

    Etter rundt tjue minutt tassa eg bort til skranken for å finne ut kva tid bussen kom, men før eg rakk å spørje, spurde fyren om namnet mitt ein gong til og mumla fram:
    – «No skal eg gjere noko som eg garantert for kjeft for».

    Deretter høyrde eg lyden av brutal tastaturknatring og vips fekk eg eit ombordstigningskort i handa. Hadde det ikkje vore for øyra, hadde gliset gått heilt rundt :D:D

    Deretter gjekk turen rett til loungen på Honningsvåg internasjonale.
    20160623_180952.jpg
    Valan, Honningsvåg – the lounge

    Etter tjuefem minutt landa flyet der eg skulle ha kome fram dagen før.
     
    Last edited: 06. aug 2016
  2. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Dag 3B: Hammerfest – Andenes
    Kva gjer ein i Hammerfest klokka sju om morgonen? Vel, ein stikk sjølvsagt innom verdsarvstaden, Struves meridianbue. Kort sagt er dette ein av stadane som vart brukt for å fastslå forma og storleiken til Moder jord.

    20160624_080643.jpg
    Struves meridianbue, i bakgrunnen Melkøya (ein type arv det òg)

    Etter den heftige sykkelturen dagen før og ei altfor kort natt, vart eg etter kvart veldig trøytt. Heldigvis kom sola og temperaturen la seg på fin-fine 20 grader. Det førte til at eg tassa opp på det lokale byfjellet, Salen, og la meg tvert ned. No skulle eg ikkje sove, men plutseleg hadde det gått to timar. Digg :)

    Griserosa tusla eg ned til byen igjen og trefte på nokre vener som bydde på jordbær med fløyte (nei, ikkje blokkfløyte). Slett ikkje feil :cool:

    CIMG5591.JPG
    Sommar der dei slagferdige i byggjelauget stadig vekk har sosiale samankomstar

    20160624_100507.jpg
    Byen som husar The royal and ancient polar bear society treng slike som på biletet

    På kvelden gjekk turen til Andenes via Tromsø og Evenes. Litt pussig var det å høyre flyvertinna på høgtalaren under innflyginga til Andenes:
    – «Vi minner om eit generelt fotoforbod i luftrommet over Andenes lufthamn og nede på bakken. Dette fordi vi flyg inn i eit militært område».

    Ønskjer du å sjå eit bilete av ein flyhangar, får du leite på Internett, kjære lesar :oops:

    Igjen fekk eg gleda av å vere blant dei med lågast SEQ-nummer :D

    20160624_073410.jpg
    Barn(s)leg glede episode 2

    Dag 5: Andenes – Tromsø

    Det vart to netter på Andenes. Her var det innlagt slektsbesøk der kakemenga var så stor at eg vurderte å bestille eit ekstra sete for neste flyavgang, men det gjekk heldigvis bra utan. Det vart ein tur innom polarmuséet på Andenes. Absolutt verdt turen for dei som er interessert i polarhistorie. Muséet ligg like ved fyret som er synleg frå heile området rundt.

    20160626_112332.jpg
    Andenes fyr

    Så gjekk turen vidare til nye slektningar og meir kake. Flyturen frå Andenes til Langnes, Tromsø, tok knappe 30 minutt og var vel eigentleg ganske ordinær, men det var god tid til servering så eg tok meg ei lefse :)

    På yttersida av Kvaløya ved Tromsø ligg det eit lite samfunn som slett ikkje er så dumt å stikke innom sommars tid. Her ligg Hillesøy og Sommarøy. Tromsø by er fint, men det er ikkje så verst der ute på øyene heller.

    20160627_143310.jpg
    Yttersida og malen til Tromsdalen kyrkje (på folkemunne «Ishavskatedralen»), Håja

    20160627_205421.jpg
    Hillesøy, Sommarøy og Kvaløy (sistnemnde blenda av sola)

    Dag 8: Tromsø – Narvik

    No skal eg ikkje bry lesaren med så mange detaljar. Utanom krøllen som oppstod til og frå Honningsvåg, skjedde det ikkje noko spesielt. Eg synst Widerøe er ein super måte å reise rundt på.

    Turen frå Tromsø til Narvik kunne kanskje ha vorte gjennomført med buss, men fly er artigare. Det vart mellomlanding på Andenes og flybytte i Bodø før vi kom til Framnes lufthamn, Narvik. Denne flyplassen blir lagt ned neste år og alle reisande må heretter bruke Evenes, ca. ein times tid unna. For deg som samlar på flyplassar hastar det altså med å få NVK med på lista.

    Hos slekta i Narvik-området vart det meir eting og meir kake. Det stod ikkje på noko og eg har bestemt meg for at det er på tide med ein slankekur. Vi får sjå kva tid oppstart blir. Ikkje i dag og ikkje i morgon. Kanskje seinare :oops:

    Hos slekta fann eg denne karen på toalettet:

    20160630_112601.jpg
    Risikabelt besøk med visdomsord

    Heldigvis fekk eg aldri behov for den gassmaska før eg reiste heim. Det er no i alle fall det som er den offisielle historia… Vel, nok om det!

    Dag 10: Evenes – heim

    Turen i flybussen frå Narvik til Evenes vart meir nervepirrande enn det som godt var. Ifølgje ruteplanen skulle flybussen kome fram til Evenes 45 minutt før flyavgang. Allereie på veg ut av byen var vi 15 minutt for seine. Siste frist for innlevering av bagasje var 30 minutt før avgang. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg kika på klokka i den dryge timen bussturen varte.

    Til slutt svinga vi inn framom terminalen og eg bølla meg ut og dura inn i avgangshallen, trykte frenetisk på automaten og klaska på lappar både her og der. Éitt minutt før fristen vart eg kvitt bagasjen. Pjuh!

    Både denne flyturen og neste dag til Tromsø gjekk ganske roleg føre seg så eg hoppar rett til konklusjonen slik at dette reisebrevet snart kan ta slutt :)

    CIMG5589.JPG
    Faktaopplysning for deg som treng slikt

    Konklusjon

    Dersom du har lyst til å kome deg rundt i Nord-Noreg til ein høveleg billig penge vil eg påstå at «Norge Rundt»-billetten er genial. Trass i at eg opplevde kluss og krøll stod det ikkje på viljen til Widerøe for å ordne opp. Dei fiksa alt utan at eg måtte mase eller noko som helst. Elles gjekk alle fly punktleg eller før tida. Tommel opp, spør du meg :D

    20150701_152054-1.jpg
    Widerøe på Langnes frå ein annan tur (synst Tinden og WF passar godt i lag)

    Takk for at du las reisebrevet mitt! :)

    Spørsmål og tilbakemeldingar skal eg etter beste evne svare på :)
     
    Last edited: 07. aug 2016
    Petter B-C, LineE, Upsaker and 16 others like this.
  3. peterfox

    peterfox EBD-QR GOLD- HH Diamond # www.peterfox.no Offisiell Representant

    Innlegg:
    2,008
    Likes mottatt:
    2,004
    Bonuspoeng:
    113
    Flotte bilder - trivelig reisebrev - hva ble dette av EB-poeng?
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Takk! Det varmar ein gammal skrott :)

    Enn så lenge har eg fått for tre strekningar (250 poeng per tur), men dette skulle eg ikkje ha fått. I staden skulle eg ha fått 3 990 grunnpoeng (1 poeng per krone), men her må eg vente til WF sender inn lister til SAS i september for etterregistrering. Den som venter på noko godt osv :)
     
  5. peterfox

    peterfox EBD-QR GOLD- HH Diamond # www.peterfox.no Offisiell Representant

    Innlegg:
    2,008
    Likes mottatt:
    2,004
    Bonuspoeng:
    113
    Med andre ord, kanskje ikke den raskeste veien til EBG ? :(
    Takk for titten - turen
     
    Kristian liker dette
  6. RoadKing

    RoadKing Senior Medlem

    Innlegg:
    2,711
    Likes mottatt:
    2,046
    Bonuspoeng:
    113
    Supert reisebrev!
     
    Kristian liker dette
  7. anders82

    anders82 Senior Medlem

    Innlegg:
    1,002
    Likes mottatt:
    1,143
    Bonuspoeng:
    113
    Herlig tur. Nord-norge er konge. Og så så fett med hun som bare låner bort sykkelen sin. Det skjer ikke der jeg bor..
     
    Stuttfeiten and Kristian like this.
  8. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Hjarteleg takk :)

    Takk-takk! Ja, det var supert å få tilgang til trampdoning på ein så ubyråkratisk måte :)

    Vel, kjøper du billett for tre soner til 4 500 kr, treng du berre ti slike billettar for å få EBG då kvar billett gir 4 500 EB-poeng ;) Det ser ut til at andre vegar til gullfuglen er kortare, ja :)
     
  9. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    599
    Likes mottatt:
    1,071
    Bonuspoeng:
    93
    En fantastisk rapport, har tenkt å ta en sånn tur neste sommer og da blir min kone med .. planen er å er å kjøre fra Bergen og til en flyplass i nordligste sone og fly ..

    Propell er flott ..
    Litt slitsomt med lange strekk som fra OSL-BNN ..
     
    Kristian liker dette
  10. afirm

    afirm Senior Medlem

    Innlegg:
    523
    Likes mottatt:
    407
    Bonuspoeng:
    63
    Kjekt å lese rapporten!
    Norge Rundt-billetten sto på planen i år, heilt til vi i staden gjekk for Island. Spørs om det må vurderast igjen neste år!
     
    Kristian liker dette
  11. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for tilbakemelding :) På fleire flyplassar tilbyr Widerøe sykkelutleige som kan vere kjekt for å sjå seg litt rundt. I år hadde vel Scandic ei overnattingsgreie som kunne kombinerast med WFs billett (https://www.scandichotels.no/hotelltilbud/norge-rundt-med-scandic). Sidan eg var på kakekøyret hos slekta var ikkje noko av dette aktuelt for meg, men dersom de er tidleg ute til neste år, så kan de få heile opplegget til ein ok pris :)

    Takk skal du ha :) Island er slett ikkje feil. Sjølv reiste eg dit rett etter å ha fullført reisa som er skildra over her. Fem av sju dagar med sol og temperaturar tett opp til 20-talet :)
     
  12. Earl

    Earl Aktivt Medlem

    Innlegg:
    363
    Likes mottatt:
    244
    Bonuspoeng:
    43
    Høres ut som en flott tur Nord-Norge rundt med propellfly. Widerøe ordnet opp selv om det ble litt tull underveis og det er jo også bra :) Lurer litt på hva han i billettskranken gjorde som fikk deg ombord på fly for fly istedenfor buss for fly, men supert var det jo uansett :D
     
    Kristian liker dette
  13. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Den mest logiske forklåringa er at fyren har gått på Galtvort og det var rett og slett magi han utførte. Funka fjell! :)
     
    Earl liker dette
  14. Scandipendler

    Scandipendler Senior Medlem

    Innlegg:
    973
    Likes mottatt:
    718
    Bonuspoeng:
    93
    Virkelig flott lesning! Etter militæret sverget jeg å aldri mer sette mine føtter nord for Værnes (et løfte jeg, på 2 x 24 timer i Tromsø nær, har holdt), men nå fikk jeg jammen meg lyst til å prøve Norge Rundt-billetten neste år.
     
  15. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Senior Medlem InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    558
    Likes mottatt:
    1,819
    Bonuspoeng:
    93
    Knallrapport! Eg hadde Norge-Rundt billetten i kikerten heilt til rundt juletider (?) då eg fann ut at det var slutt på juksegull. Har likevel veldig lyst på denne. Litt vanskelig med tanke på ferie sidan eg sjeldan veit dette 100% før siste dagen på jobb, men dette er eit prosjekt som står på lista. Godt å lese at Widerøe ordnar opp. Det har eg sjølv tilgode å oppleve, men eg bør kanskje la bygones be bygones :) Cheers!
     
  16. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    573
    Bonuspoeng:
    93
    Tusen takk :) Mykje fint nordpå, det er ikkje alltid vinterøvelse :p;)

    Takk for det :) Kan påstå at ditt pågåande prosjekt i det asiatiske kanskje er hakket meir eksotisk enn kortbanenettet her på berget, men for all del :)
     

Del denne siden