Ein avstikkar til grensa mot Nord-Korea
Veka før avreise frå gamlelandet bestilte sambuaren ein privattur for to til Den demilitariserte sonen (heretter: DMZ) mellom Nord-Korea og Sør-Korea. Bestillinga vart gjort gjennom SAS' samarbeid med Getyourguide, så der vanka det bonuspoeng, òg.
Guiden kalla seg Marie. Ho ordna, styra og maste. Hennar primærmål var at vi skulle koma først og få dei beste plassane. Det var kort sagt mykje rart, men ikkje utelukkande negativt.
Her bør eg fortelja at Sør-Korea har eit tak på dagleg besøkande til DMZ. Eg trur maksen var på 3000 per dag, men her kan eg ha notert meg feil informasjon. Sjølv om du har bestilt ein privat guide så blir du nøydd til å sitja på med store bussar i lag med andre folk inne i DMZ. Dette fordi privatbilar ikkje er lov der. Så privattur er ikkje så veldig privat, men guiden vår var med heile vegen, då. For billettar inn i DMZ gjeld regelen 'førstemann til mølla' så om ein kjem seint til DMZ så kjem du ikkje inn — sjølv om du har bestilt guida tur der fordi billettane blir kjøpt på staden (av guiden).
Først gjekk turen til ein liten scene der ein nordkoreansk avhoppar fortalde historia si. Ho hadde i utgangspunktet ikkje ynska å reisa til Sør-Korea, men til Kina. Ulempen er ansiktsgjenkjenningssystema i Kina så ho hadde vorte råda å reisa vidare (via m.a. Vietnam og Myanmar) til Sør-Korea.
Dette var i utgangspunktet ei interessant historie og vi kom til scenen like etter at kvinna hadee byrja å fortelja historia si til ei større gruppe. I staden for å la oss bli med der bad guiden oss om å venta litt. Etter kvart byrja guiden å masa på den store gruppa om å bli ferdig for at vi skulle få same historie. Kjempeflaut...
Då det vart vår tur så skulle guiden vår fungera som tolk for den nordkoreanske kvinna. Der var det mykje som forsvann i omsetjinga. Heldigvis hadde kvinna fått historia si fortald i ei bok som vi fekk signert.
Vi fekk ti minutt til å stilla den nordkoreanske kvinna spørsmål. Vi ville vita kva som fekk begeret til å renna over slik at ho faktisk reiste frå Nord-Korea, kva ho tenkte den dagen ho reiste frå nord, kva som var vanskeleg i Sør-Korea og slike ting. Tufta på svara vi fekk tilbake vart ingen av spørsmåla våre (stilt på engelsk) oppfatta og vidareformidla riktig på koreansk. Og guiden vår svarte på fleire av spørsmåla våre utan å vidareformidla dei til den nordkoreanske kvinna.
Det vart ein ganske snurrig seanse før vi hasta vidare for å bli med den bussen som skulle ta oss inn i sjølve DMZ. Der fekk vi med oss éin av fire (oppdaga) invasjonstunnellar som Nord-Korea har grave ut mot Sør-Korea. Det var litt spennande. I ein kinosal like ved vart det òg vist ein amerikansk propagandafilm om DMZ som konkluderte med 'Until unification DMZ live forever' eller noko slikt.
Demilitarized zone ved Nord-Korea
I tillegg til det overfornemnde var guiden vår heile vegen klar for å skunda på andre turistar slik at dei gav plass til oss. Til dømes ropte ho ut ein heil gjeng frå den propagandafilmkinosalen. Ho kjefta òg opp ei dame på bussen som snakka litt høgt på sin private mobiltelefon. Akkurat det siste kunne vi hatt bruk for henne til å gjera i Noreg, òg...!
Nordkoreansk øl — made in China
Det felles tryggingsområdet (heretter: JSA) er mellombels stengt etter at ein amerikansk soldat rømte over grensa frå Sør-Korea til Nord-Korea for tre år sidan. Det er snakk om at JSA kan opna neste år, men tida vil visa.
Vi var òg oppe ved observasjonstårnet der ein kan sjå mot Nord-Korea. Tidlegare var det lov til å ta bilete mot nord, men det er no forbode etter klagar frå nordkoranske styresmakter.
På programmet stod òg besøk til ein av landsbyane som ligg i DMZ samt til ei hengebru ved ein innsjø. Vi skjønte ikkje kvifor den hengebrua (som var langt unna DMZ) var ein del av denne turen, men vi var no med.
Hengebru langt unna DMZ
Kort sagt, ein litt rar dag, men guiden var triveleg og ivrig i tenesta. Etter åtte timar var vi tilbake i Seoul igjen, litt slitne, men med ny kunnskap innanbords.
Pusekatt ved grensa til Nord-Korea