Reisebrev: Førstereis til Sør-Korea!

No har eg vore litt sytete, så la meg nemna noko eg synst har vore strålande: mannskapet! Det har vore stadige tilbod om meir drikke og alltid eit smil. Alle verka å ha lyst til å vera på jobb. Det har vore med på å gjera dette til ei god flyoppleving — trass punkta over.

På bakken fekk vi tilbod om vatn, appelsinjuice eller sprudlevin (sjampanjen kom på bordet nårnvi var oppe i lufta). Varm klut vart delt ut etter at kapteinen hadde sløkt setebelteskiltet. Deretter kom det litt potetgull. Så starta middagsserveringa.

Eg hadde førehandsbestilt and. Det var veldig godt. Anda er berre tilgjengeleg ved førehandsbestilling. I tillegg fekk eg grilla kyllingspydtil forrett og eit lite ostefat til dessert. Eg vil påstå at alt var godt!

20261116_161419.jpg
Kyllinggrillspyd

20261116_162321.jpg
And som smakte godt

20261116_164032.jpg
Ostetallerken

20261116_161345.jpg
Salt- og peparbøssene vart med heim (eg spurde pent om å få lov)
 
Etter matserveringa såg eg litt på ein film med mange hundar, eg trur han heiter "Merv", som var akkurat passe hjernedaudt. Eg orka ikkje å sjå noko storslått på den vetle skjermen...

Ja, om setet så gløymte eg ein viktig ting. Du kan ikkje køyra setet flatt ned utan at mannskapet hjelper deg. Og når det er gjort så er setet ei seng. Då kan du ikkje heva senga slik at du ligg litt oppreist om du skulle ønskja det. Her er det anten flatt ut eller stol. Det gjorde det litt ukomfortabelt å sjå film i sengepositur fordi eg fekk ikkje løfta hovudet nok for å sjå skjermen ordentleg. Ja-ja, det er vel eit i-landsproblem...

20261116_171510.jpg
Slumromaten hos Virgin (litt trang)
 
Plutseleg sovna eg og var borte i seks—sju timar. Den eine flyvertinna kunne fortelja at eg hadde sove. Ho hadde høyrt det — og var misunneleg! Hen som søv syndar ikkje...

Etter ei lita stund kom tilbodet om frukost. Her gjekk eg for ein full engelskmann... Kremt... Full English, that is! Igjen god mat og ein ålreit mimosa på si'. Koseleg!

20261117_010557.jpg
Frukost hos Virgin

Her må eg nemna at sambuaren oppdaga at smartringen hadde forsvunne i løpet av flyginga. Då dette vart nemnd for mannskapet og stol vart nær sagt demontert og ein innsats vart verkeleg lagt ned for å bistå. Rett nok utan hell, men det stod ikkje på innsatsen. Alt vart gjort med ein smil og med medkjensle over tapet. Triveleg, vil eg påstå!

Til slutt frå flyginga kan eg nemna at det blir delt ut ein pysjamas. Han er ikkje like fin som pysjamasen frå Eva, men buksa frå Virgin har ei lomme, noko eg saknar på buksa frå Eva.

20261117_120159.jpg
Flyet vårt på Incheon lufthamn

Eg trur sambuaren konkluderte det best: Hadde eg betalt pengar for å flybusiness så hadde eg vald eit anna selskap, men når ein flyg for poeng så er Virgin Atlantic slett ikkje ille. Og ja, eg er vel einig. Setet (og konfigurasjonen) hos SAS, til dømes, er etter mitt syn mykje betre, men Virgin er fin for poengflygingar, altså.
 
Som du sikkert selvfølgelig vet, masse gode tips i Seoul tråden. Er på jobbreise, så har ikke tid til å knote ned noe nå, men han som sagt kommet med en god del tips i Seoul tråden tidligere. Hvis dere har konkrete spørsmål eller trenger konkrete tips på noe, så skal jeg prøve å få svart :)

God tur og håper dere liker Korea! :)
 
Som du sikkert selvfølgelig vet, masse gode tips i Seoul tråden. Er på jobbreise, så har ikke tid til å knote ned noe nå, men han som sagt kommet med en god del tips i Seoul tråden tidligere. Hvis dere har konkrete spørsmål eller trenger konkrete tips på noe, så skal jeg prøve å få svart :)

God tur og håper dere liker Korea! :)
Godt poeng, eg skal ta ein ekstra titt der så slepp tipsa å bli duplisert :)
 
Ein litt trøytt ettermiddag i Seoul
Hotellrommet vårt var ikkje heilt klart då vi kom traska vi litt rundt i nærleiken for å slå i hel tida. Området vi bur i er prega av ei blanding av gamalt og nytt.

Sambuaren sov ein del mindre enn meg på flyet så etter å ha flytta inn så bestemte vi oss for romsørvis og slappa litt av. Det funka heldig fint og vi vart mette.

Etterpå fann eg ut at eg vill ha eit påfyllbart kollektivtransportkort. Eg landa på TMONEY. Sidan eg er 483 år gamal så synst eg at fysiske kort og slikt er best.

Det skulle visa seg lettare sagt enn gjort å få tak i eit TMONEY-kort. Ikkje fordi det er vanskeleg, men fordi eg ikkje undersøkte utsalsplassane godt nok.

Etter å ha surra litt rundt både her og der fann eg ut at eik kiosk er staden for å skaffa TMONEY-kort. Dette fordi billettautomatane på metroen ikkje tok mine kort (Visa og Master.

På kiosken fekk eg kjøpt det fysiske kortet (som så etterfyllast med pengar), men dei ville ha kontantar for å fylla på kortet. Det fann eg ut at billlettautomatane òg ville ha, men ulempen der var ingen minibankar tok mine kort.

Til slutt fann eg Korea bank sine lokale, der tok dei kortet mitt, eg fekk pengar ut i kontantar, og så kunne eg gå på billettautomaten å fylla på pengar på TMONEY-kortet med dei kontantane.

Om eg kunne ha unngått denne runddanshelvetet som til slutt tok rundt tl timar? Kremt... Ja... Korleis? Ved å lasta ned TMONEY-appen og overføra pengar til den (digitalt på mobiltelefonen). Er det like spennande? Eg lar det vera eit retorisk spørsmål, eg...

20261117_140305.jpg 20261117_143214.jpg
Gamalt og nytt i Seoul

20261117_140006.jpg
Utsikt over delar av Seoul

20261117_205119.jpg
Seoul by night frå hotelleommet
 
Sist redigert:
Man kan faktisk sitte over hverandre å spise/drikke hvis den ene sitter på puffen. Var flere som gjorde det når jeg flydde med Virgin layouten der over til New York!

Ingen tur i baren på flyet??:p
ja, vi gjorde det ei lita stund på morgonen, då vart det kaffislanneras med meg på puffen hjå sambuaren. Så det fungerte!

Det vart ingen tur til baren denne gongen, mest fordi mannskapet leverte over pari. Kanskje på heimturen som de facto er ei dagflyging?
 
Tilbake
Til toppen