Reisebrev: Førstereis til Sør-Korea!

Ein avstikkar til grensa mot Nord-Korea
Veka før avreise frå gamlelandet bestilte sambuaren ein privattur for to til Den demilitariserte sonen (heretter: DMZ) mellom Nord-Korea og Sør-Korea. Bestillinga vart gjort gjennom SAS' samarbeid med Getyourguide, så der vanka det bonuspoeng, òg.

Guiden kalla seg Marie. Ho ordna, styra og maste. Hennar primærmål var at vi skulle koma først og få dei beste plassane. Det var kort sagt mykje rart, men ikkje utelukkande negativt.

Her bør eg fortelja at Sør-Korea har eit tak på dagleg besøkande til DMZ. Eg trur maksen var på 3000 per dag, men her kan eg ha notert meg feil informasjon. Sjølv om du har bestilt ein privat guide så blir du nøydd til å sitja på med store bussar i lag med andre folk inne i DMZ. Dette fordi privatbilar ikkje er lov der. Så privattur er ikkje så veldig privat, men guiden vår var med heile vegen, då. For billettar inn i DMZ gjeld regelen 'førstemann til mølla' så om ein kjem seint til DMZ så kjem du ikkje inn — sjølv om du har bestilt guida tur der fordi billettane blir kjøpt på staden (av guiden).

Først gjekk turen til ein liten scene der ein nordkoreansk avhoppar fortalde historia si. Ho hadde i utgangspunktet ikkje ynska å reisa til Sør-Korea, men til Kina. Ulempen er ansiktsgjenkjenningssystema i Kina så ho hadde vorte råda å reisa vidare (via m.a. Vietnam og Myanmar) til Sør-Korea.

Dette var i utgangspunktet ei interessant historie og vi kom til scenen like etter at kvinna hadee byrja å fortelja historia si til ei større gruppe. I staden for å la oss bli med der bad guiden oss om å venta litt. Etter kvart byrja guiden å masa på den store gruppa om å bli ferdig for at vi skulle få same historie. Kjempeflaut...

Då det vart vår tur så skulle guiden vår fungera som tolk for den nordkoreanske kvinna. Der var det mykje som forsvann i omsetjinga. Heldigvis hadde kvinna fått historia si fortald i ei bok som vi fekk signert.

Vi fekk ti minutt til å stilla den nordkoreanske kvinna spørsmål. Vi ville vita kva som fekk begeret til å renna over slik at ho faktisk reiste frå Nord-Korea, kva ho tenkte den dagen ho reiste frå nord, kva som var vanskeleg i Sør-Korea og slike ting. Tufta på svara vi fekk tilbake vart ingen av spørsmåla våre (stilt på engelsk) oppfatta og vidareformidla riktig på koreansk. Og guiden vår svarte på fleire av spørsmåla våre utan å vidareformidla dei til den nordkoreanske kvinna.

Det vart ein ganske snurrig seanse før vi hasta vidare for å bli med den bussen som skulle ta oss inn i sjølve DMZ. Der fekk vi med oss éin av fire (oppdaga) invasjonstunnellar som Nord-Korea har grave ut mot Sør-Korea. Det var litt spennande. I ein kinosal like ved vart det òg vist ein amerikansk propagandafilm om DMZ som konkluderte med 'Until unification DMZ live forever' eller noko slikt.

20261119_114332.jpg
Demilitarized zone ved Nord-Korea

I tillegg til det overfornemnde var guiden vår heile vegen klar for å skunda på andre turistar slik at dei gav plass til oss. Til dømes ropte ho ut ein heil gjeng frå den propagandafilmkinosalen. Ho kjefta òg opp ei dame på bussen som snakka litt høgt på sin private mobiltelefon. Akkurat det siste kunne vi hatt bruk for henne til å gjera i Noreg, òg...!

20261119_091238.jpg
Nordkoreansk øl — made in China

Det felles tryggingsområdet (heretter: JSA) er mellombels stengt etter at ein amerikansk soldat rømte over grensa frå Sør-Korea til Nord-Korea for tre år sidan. Det er snakk om at JSA kan opna neste år, men tida vil visa.

Vi var òg oppe ved observasjonstårnet der ein kan sjå mot Nord-Korea. Tidlegare var det lov til å ta bilete mot nord, men det er no forbode etter klagar frå nordkoranske styresmakter.

På programmet stod òg besøk til ein av landsbyane som ligg i DMZ samt til ei hengebru ved ein innsjø. Vi skjønte ikkje kvifor den hengebrua (som var langt unna DMZ) var ein del av denne turen, men vi var no med.

20261119_145023.jpg
Hengebru langt unna DMZ

Kort sagt, ein litt rar dag, men guiden var triveleg og ivrig i tenesta. Etter åtte timar var vi tilbake i Seoul igjen, litt slitne, men med ny kunnskap innanbords.

20261119_124402.jpg
Pusekatt ved grensa til Nord-Korea
 
Vel tilbake i Seoul traska vi ut i grannelaget og snubla over ein sushirestaurant. Her fekk vi god mat før vi traska heim igjen via eit lite etablissement som solde m.a. malariamedisin. Slikt er viktig å tenkja på!

Eg avsluttar dagsskildringa med hotellromutsikten i ettermiddag:
20261119_161947.jpg
 
Ligner på egen opplevelse av de DMZ-turene. Tunellen var spennende, men det der DMZ-senteret var bare en samlingsplass. Mye som gikk på autopilot.
Syntes alle tanksbunkersene og andre festingsverker vi så på vei mot DMZ var likså interessant
 
Fredag i Seoul
Denne dagen vart via turistløypa i den (sør)koreanske hovudstaden. Først gjekk turen til Cangdeokgung, eit verdsarvlista palass frå 1400-talet. Eg kan ingenting om koreansk historie, men det er fint å sjå på bygg som er eldre enn femti år, òg.

20261120_104014.jpg 20261120_104146.jpg
Tronsalen til keisaren

20261120_103923.jpg
Heile tronsalbygget
 
Sist redigert:
Keisarpalasset er stort, men eg skal ikkje bombardera deg med alle bileta eg tok.

I staden kan eg fortelja at like ved palasset ligg Den løynde hagen (sjå avsnittet 'Secret garden'). Her kan ein vandra ein liten runde, du treng berre ein billett til eit spesifikt klokkeslett.

Hagen hadde nok tatt seg betre ut sommarstid, men han var ikkje så verdt no heller. Vedlagt følgjer eit lite knippe bilete:

20261120_115500.jpg 20261120_120200.jpg

20261120_120445.jpg
 
Sist redigert:
Frå Den løynde hagen gjekk eg til Nasjonalmuseet for moderne koreansk historie. Etter tjue minutts gange var eg framme ved museet som tar føre seg Korea etter 1891.

Utan å gjengi alle detaljane så har Sør-Korea måtte jobba for sjølvstenda og dagens demokrati. Fridoms- og demokratirørsla vart grundig kua av Japans imperialistiske ambisjonar i Aust-Asia på slutren av 1800-talet. Korea vart ein japansk koloni der koreansk språk vart forbode.

20261120_130821.jpg
Kolonilivet var ikkje lett, tydelegvis

Forsøk på lausriving og sjølvstende vart slått ned. I staden vart mange koreanarar tvinga inn i det japanske forsvaret. Då andre verdskrigen tok slutti 1945 vart Korea endeleg fritt. Ulempen var berre at Korea, nett som Tyskland, vart delt mellom vestmaktene og sovjetmakta. Nord-Korea vart etablert.

Ikkje mange åra etter andre verdskrigen braut koreakrigen ut. Kampane bølgja fram og tilbake over heile landet i fleire rundar før det til slutt stabiliserte seg og vart inngått ei våpenkvile som fastsette grensa der ho går i dag.

20261120_132133.jpg

Ikkje ulikt land som Spania, Hellas og Portugal fekk demokratiet ein trang fødsel i Sør-Korea. Rett nok var det nok ein kort periode med demokratisk styre etter at koreakrigen var slutt (vel, det er ingen fredsavtale på plass den dag i dag, berre ei våpenkvile), men på 1960-talet skjedde eit kupp og Sør-Korea vart eit diktatur som varte til 1987.

I løpet av 1970- og 1980-talet heldt demokratiske krefter fram med kampen for eit fritt Sør-Korea og året før vinter-OL i Seoul i 1988 lukkast dei endeleg.

20261120_134111.jpg

Den økonomiske oppgangen som byrja i Sør-Korea allereie under diktaturet skaut verkeleg fart med innføringa av demokratiet. No står det, så vidt eg kan sjå, ikkje så verst til her i landet.

Så har Sør-Korea nyleg fått ein påminnar om at demokratiet kan vakla om ein ikkje passar på, jamfør riksrettsaka mot presidenten for korrupsjon (korriger meg gjerne her) for eit års tid sidan.

Nasjonalmuseet for moderne koreansk historie er faktisk verdt eit besøk, vil eg påstå. Her er historia oppsummert i oversiktlege og korte trekk. Ein kan fordjupa seg mykje meir enn eg har gjort, òg, men eg synst museet var lærerikt og interessant.
 
Resten av dagen vart brukt til tusling og trasking. Først gjekk vi ned handlegata Insadong-gil med tilstøytande smug og veiter. Her er det mat og nips i skjønn foreining, men området er kanskje litt overturistifisert?

20261120_174450.jpg 20261120_174354.jpg
Insadong-gil
20261120_152234.jpg
Ei av sidegatene


Frå Insadong-gil vandra vi vidare til kanalen Cheonggyecheon som ikkje var langt unna. Her var det ålreit heilt nede ved kanalen.

20261120_175734.jpg
20261120_180634.jpg
Ved kanalen Cheonggyecheon

Vi åt oss gode og mette i Insadong-gil-området så etter å ha nådd fossen i kanalen var det rett og slett slumretid.

20261120_151956.jpgR og L i engelsk er vanskeleg (Looftop)
(Engelsk er nok generelt vanskeleg og andre språk er nok viktigare i kvardagen)
 
Laurdag i Seoul
Dagen starta med litt byhopping. Først gjekk turen til Dongdaemun Design Plaza (DDP), eit svært bygg for kunst og design, om eg skjønte det rett. Det vart berre eksteriørnyting for min del:
20261121_111847.jpg

Deretter gjekk turen til Gwanghwamun, ein av fleire byportar i Seoul. Det vart ikkje brukt mykje tid her heller, men det var fint å få sett:
20261121_120203.jpg

Deretter vart det litt vandring langsmed breidda av elva Han. Det var friskt i lufta då det var ein del vind, men ålreit å traska der litt, òg:
20261121_124615.jpg

Til slutt kom vi til nasjonalforsamlinga:
20261121_141327.jpg

Deretter var det ein lett lønsj ved høghusa:
20261121_131000.jpg
 
Seoul er ein riktig så fin by, vil eg påstå, men han er stor. Det tar ein del tid å koma seg frå stad til stad sjølv med t-banen, særleg når det blir linjebytte fordi stasjonane er ganske så store.

Vi tok turen til parken Seoul-skogen for å helsa på hjort. Det var eit stykke, men kva gjer ein ikkje for å møta dyr?

20261121_170302.jpg

20261121_165812.jpg

Vi fekk òg med oss solnedgangen over byen i enden av denne brua i Seoul-skogen:
20261121_170437.jpg
20261121_171232.jpg

Bybiletet i Seoul er fullt av dyr og figurar. Du finn dei overalt, i logoar, på veggar, overalt, slik som denne:
20261121_163755.jpg

Etterpå tok vi banen til Gangnam og fann ein god grillrestaurant der. Eg har ikkje notert meg namnet, men kjøtet vart grilla på kòl rett framom nasen på oss. Kjempegodt. Vi noterte oss at koreanarar får lov å grilla sjølv, medan utlendingar som oss får hjelp av ein vaksen (les: lokal).

20261121_195318.jpg
Gangnam, Seoul
 
Frå Den løynde hagen gjekk eg til Nasjonalmuseet for moderne koreansk historie. Etter tjue minutts gange var eg framme ved museet som tar føre seg Korea etter 1891.

Utan å gjengi alle detaljane så har Sør-Korea måtte jobba for sjølvstenda og dagens demokrati. Fridoms- og demokratirørsla vart grundig kua av Japans imperialistiske ambisjonar i Aust-Asia på slutren av 1800-talet. Korea vart ein japansk koloni der koreansk språk vart forbode.

Vis vedlegget 185083
Kolonilivet var ikkje lett, tydelegvis

Forsøk på lausriving og sjølvstende vart slått ned. I staden vart mange koreanarar tvinga inn i det japanske forsvaret. Då andre verdskrigen tok slutti 1945 vart Korea endeleg fritt. Ulempen var berre at Korea, nett som Tyskland, vart delt mellom vestmaktene og sovjetmakta. Nord-Korea vart etablert.

Ikkje mange åra etter andre verdskrigen braut koreakrigen ut. Kampane bølgja fram og tilbake over heile landet i fleire rundar før det til slutt stabiliserte seg og vart inngått ei våpenkvile som fastsette grensa der ho går i dag.

Vis vedlegget 185085

Ikkje ulikt land som Spania, Hellas og Portugal fekk demokratiet ein trang fødsel i Sør-Korea. Rett nok var det nok ein kort periode med demokratisk styre etter at koreakrigen var slutt (vel, det er ingen fredsavtale på plass den dag i dag, berre ei våpenkvile), men på 1960-talet skjedde eit kupp og Sør-Korea vart eit diktatur som varte til 1987.

I løpet av 1970- og 1980-talet heldt demokratiske krefter fram med kampen for eit fritt Sør-Korea og året før vinter-OL i Seoul i 1988 lukkast dei endeleg.

Vis vedlegget 185086

Den økonomiske oppgangen som byrja i Sør-Korea allereie under diktaturet skaut verkeleg fart med innføringa av demokratiet. No står det, så vidt eg kan sjå, ikkje så verst til her i landet.

Så har Sør-Korea nyleg fått ein påminnar om at demokratiet kan vakla om ein ikkje passar på, jamfør riksrettsaka mot presidenten for korrupsjon (korriger meg gjerne her) for eit års tid sidan.

Nasjonalmuseet for moderne koreansk historie er faktisk verdt eit besøk, vil eg påstå. Her er historia oppsummert i oversiktlege og korte trekk. Ein kan fordjupa seg mykje meir enn eg har gjort, òg, men eg synst museet var lærerikt og interessant.

Ikke korrupsjon, her er en kort oppsummering:

Den tidligere presidenten i Sør-Korea, Yoon Suk Yeol, sitter i fengsel fordi han forsøkte å innføre militær unntakstilstand i landet 3. desember 2024.

Kort fortalt:

* Forsøkte å ta kontroll: Han erklærte militær unntakstilstand og sendte soldater til nasjonalforsamlingen.

* Forsøkte å sette demokratiet til side: Myndighetene mente at han forsøkte å hindre parlamentet i å fungere og få arrestert sentrale politiske motstandere.

* Ble avsatt: Parlamentet stilte ham for riksrett, og Sør-Koreas konstitusjonsdomstol avsatte ham i april 2025.

* Ble dømt til fengsel: I februar 2026 ble han dømt til livsvarig fengsel for opprør og forsøk på å undergrave landets demokratiske styresett. CBS News +1

Han har også fått en separat fengselsdom for blant annet å ha forsøkt å hindre politiet i å arrestere ham. SBS News Print

Bolsonaro senior sitter i fengsel for å prøve å gjøre statskupp når han tapte valget.
Trump derimot, når han ikke godtok valg nederlag og sendte maga gjengen til Kongressen i 2021 blir ikke fengslet. Ikke nok med det, han ble gjenvalgt!

Et koselig sted som ikke er så godt kjent, bedre enn Insadong som dere så riktig kaller turistifisert er Iksandong. Har linket til en tilfeldig cafe for å vise området

[NAVER Maps]
Mont Blanc Som Ikseon-dong Cafe
166-24 Ikseon-dong Jongno-gu Seoul

Et enda mindre kjent område, som tidligere var nedslitt og avhoppere fra Nord-Korea bodde er Sinheung. Dette området er blitt veldig populært og masse butikker, cafeer og restauranter har poppet opp fordi leieprisene var billige.

[NAVER Maps]
Sinheungmarkets
1-480 yongsan-dong 2(i)-ga Yongsan-gu Seoul
 
Sist redigert:
Ikke korrupsjon, her er en kort oppsummering:

Den tidligere presidenten i Sør-Korea, Yoon Suk Yeol, sitter i fengsel fordi han forsøkte å innføre militær unntakstilstand i landet 3. desember 2024.
Ja, visst pokker var det militær unntakstilstand! Takk for korrigering og oppsummering! :)
 
Et koselig sted som ikke er så godt kjent, bedre enn Insadong som dere så riktig kaller turistifisert er Iksandong. Har linket til en tilfeldig cafe for å vise området

[NAVER Maps]
Mont Blanc Som Ikseon-dong Cafe
166-24 Ikseon-dong Jongno-gu Seoul
https://naver.me/xk9Ryo6x
Vi var vel eigentleg på veg til Iksandong, men vart distrshert av Insandong som vi tilfeldigvis ramla over. Og plutseleg hadde vi gløymt Iksandong. Kan hende må vi prøva på nytt. Takk for tips! :)
 
Et enda mindre kjent område, som tidligere var nedslitt og avhoppere fra Nord-Korea bodde er Sinheung. Dette området er blitt veldig populært og masse butikker, cafeer og restauranter har poppet opp fordi leieprisene var billige.

[NAVER Maps]
Sinheungmarkets
1-480 yongsan-dong 2(i)-ga Yongsan-gu Seoul
https://naver.me/G9UiOU5d
Spennande! Kanskje det blir ein tur dit i dag? Takk for tips! Det er meldt strålane sol heile dagen, så det er fint å vera mykje ute i ulike nabolag :)
 
Tilbake
Til toppen