Reisebrev: Førstereis til Sør-Korea!

Kristian

'Bittelitt' bonussamledilla
Det er lenge sidan eg skreiv eit reisebrev på farta, så eg prøver meg no. Turen går med SAS og Virgin Atlantic frå Oslo via London til Seoul. Og ja, sitjeplassen er framom gardina. Og billetten er ein slik CT frå Amex. Vil du vera med så heng på!

20261116_063018.jpg
Tigeren på Gardermoen
 
Restriksjonar på veg til London — del 1
Grunna tidleg avreise frå Gardermoen valde vi å bu på Radisson Blu. SAS skulle ta oss sørvestover kl. 0750, men etter å ha funne sete 1C og 1A kom kapteinen på høgttalaren og sa at vi måtte venta 45 minutt som følgje av restriksjonar inn mot London Heathrow. Heldigvis har vi god tid på mellomlandinga!

20261116_071938.jpg
SE-ROL (Rollo viking)
 
Sist redigert:
Tips og triks for Seoul (og Sør-Korea)
Sidan både eg og sambuaren er førstereisgutar til Sør-Korea set vi pris på om du kjem på noko som er verdt å gjera, verdt å sjå, kjekt å vita og lurt å tenkja på.

Sjølv har eg gjort minimalt med førebuingar utover å ha kartlagt nokre turistattraksjonar i Seoul, slik som eit par keisarpalass, høge bygningar og eit par museum. I tillegg har vi bestilt ein tur til den demilitariserte sonen mellom Nord- og Sør-Korea.

Totalt sett har vi ei heil veke i Seoul, alle sju nettene blir på Hotel Nuru der.

Forhåpentlegvis blir det ålreit vêr, men eg ser at temperaturen skal ned mot frysepunktet. Så lenge det ikkje regner er eg eigentleg nøgd.

Kjem du på noko du vil tipsa om, køyr på!

Og som vanleg, dette er ikkje ein InsideFlyer-tråd før han er spora litt av. Eg skal prøva å ta ansvar for å pensa oss tilbake i reisebrevsporet — om behovet oppstår :)
 
Restriksjonar på veg til London — del 2
På denne flyginga frå utgang F16 (litt skuffa over å sjå eit passasjerfly og ikkje eit jagarfly) så synst eg SAS spelte seg sjølv dårlege:

Vi sat inne på benkane våre, men blir først ropt ut fordi dei skal pre-boarda oss. Skjer det etter prioritering? Neidå, full følje!

Og så, når vi skal få gå om bord i flyet, så skulle ein vel tru at dei brukte pri-gruppene. Ja, det stod jo gruppenummer på skjermane, men ingen frå SAS (eller andre) sjekka det... Så, full mølje — igjen.

Held det fram slik, så blir eg surstrømming! (det var eit ordspel på at ordet mølje ikkje berre er folk hulter til bulter, men òg ein matrett som jo òg surstrømming er, men som òg kan hinta til at eg blir sur av at folk berre strøymer lm bord i mølje (ja, eg forstår at eg ikkje skal bli heiltidskomikar...))
 
Sist redigert:
Eggesufflé hos SAS
Har nokon fått eggesufflé som frukost hos SAS før? Det var ei avveksling frå den tradisjonelle varianten. Litt mykje tomatsmak for min del, men eigentleg ålreit. God yoghurt med litt appelsinkompott! 20261116_084224.jpg
 
Eggesufflé hos SAS
Har nokon fått eggesufflé som frukost hos SAS før? Det var ei avveksling frå den tradisjonelle varianten. Litt mykje tomatsmak for min del, men eigentleg ålreit. God yoghurt med litt appelsinkompott! Vis vedlegget 184894
Joda, vi fikk nok samme frokosten for en drøy uke siden. Og syntes den var god nok. (Ja, den var self maken og ikke den samme. Skulle tatt seg ut!).

Ha en fin tur, jeg rydder i kalenderen så jeg og eks-forloveden kan følge live-showet. (Nå er det kanskje nok ordspill.)
 
Loungelivet på Heathrow
Etter å ha teikna ein liten krussedull i luftrommet over London landa vi trygt. Ei ålreit flyging med SAS i dag.

Screenshot_20261116_102211_Flightradar24.jpg
Krussedull

Så vart det buss frå terminal 2 til terminal 3 og derifrå til Virgin Atlantic Clubhouse og dei har servert sjampanje!

20261116_103248.jpg
 
Sist redigert:
Fleire har kanskje vore her i Clubhouse før, men kanskje ikkje alle. Loungen er ganske stor og har to område: 1) eit barområde der du bestiller mat og drikke til bordet via ein QR-kode; 2) eit restaurantområde der ein servitør tar bestillinga. Eg har ikkje fasit per no i om det er skilnad i menyen, men det kan det vera at vi finn ut av. Enn så leng trivst vi greitt og har utsikt til tårnet og flystripa. Så då er det berre å løfta sjampanjeglaset og senka pulsen.

20261116_104910.jpg
Virgin Atlantic Clubhouse
 
Og så, når vi skal få gå om bord i flyet, så skulle ein vel tru at dei brukte pri-gruppene. Ja, det stod jo gruppenummer på skjermane, men ingen frå SAS (eller andre) sjekka det... Så, full mølje — igjen.
Samme kaoset med SK hver gang der. Jeg hadde BA forrige tirsdag, ombordstigningskortet ble sjekket igjen før selve ombordstigningen.

God tur!
 
God tur. Gleder meg til fortsettelsen og skriv gjerne mer om opplevelsen med Virgin Clubhouse og selve flyreisen. Har selv en reise med Virgin om noen måneder.
Og gledes til å lese mer og se bilder fra Seoul.
 
God tur. Gleder meg til fortsettelsen og skriv gjerne mer om opplevelsen med Virgin Clubhouse og selve flyreisen. Har selv en reise med Virgin om noen måneder.
Og gledes til å lese mer og se bilder fra Seoul.
Eg skal prøva, det er ikkje sikkert eg rekk å få med meg alle detaljane her, men Clubhouse er triveleg. Rett nok, det er ein del som tar businessmøtet sitt over telefon her så loungen saknar nok avlukke for den slags... Personalet er veldig trivelege, då! Smil og sørvis frå alle så langt!
 
Jomfruturen med Virgin Atlantic
Loungen tok godt vare på oss. Som sagt hadde dei bar og restaurantomrpde, men òg brødmatområde samt eit spa (kosta pengar). Eit veldig ålreit pauserom, vil eg påstå!

Avgangstid nærma seg og frå utgang 24 vart vi ønska velkomen inn i pre-boarding area, fordi det var buss ut til flyet, ein 10 år gamal Boeing 787 Dreamliner.

Prioritert ombordstiging skulle skje ved at vi i Virgin Upper Class (altså dressmafiaklassen) skulle setja oss på dei stolane i venteområdet nærmast utgangen til bussen.

Som sagt så gjort. Og vi var først inn på bussen då Upper Class vart ropt opp for ombordstiging.

20261116_131903.jpg
Livet utanfor bussventeområdet
 
20261116_134744.jpg
Fearless Lady

Ute på stripa stod to Virgin-fly oppstilt. Det eine flyet har namnet Fearless Lady. Det andre flyet, som skulle vera vår heim dei neste timane, har namnet Pin Up Girl.

20261116_134701.jpg
Pin Up Girl

Kapteinen lova flytid på 11 timar og 46 minutt, så god tid til å bli kjent med vår Pin Up Girl (dersom det er lov å seia...).
 
Vi vart venleg vist til venstre ved ombordstiging og det første som slo meg var at det var uvant å sjå dette fiskebeinsoppsettet i businessklasse. Ikkje gir det privatliv på noko vis og ikkje er det koseleg å reisa med nokon. Så nær sagt det verste av to verder...

Privatlivet er altså på utstilling fordi sidemannen lett ser kva du har på din skjerm. I tillegg er veggane mellom seteradene så låge at det er fullt mogleg å oppretta blikkontakt med sidepersonen nær sagt utriveleg ofte. Okei, no overdriv eg litt, men det er litt den kjensla eg får.

Og dersom du reiser med nokon så synst eg konversasjonen blir vanskeleggjort av at den eine av partane må snu hovudet sitt 120 grader til høgre og den andre må lena seg fram for å vera i stand til snakka andlet til andlet. Og her føler eg ikkje at eg overdriv noko særleg heller. Vi er no begge ganske introverte, så vi har overlevd.

20261116_134836.jpg
Virgin Atlantic Upper Class
 
Setet er i og for seg heilt ålreit å sitja i, men du dæven døtte kor lite lagringsplass det er her. Eg har ikkje veldig mykje eg treng å hq rundt meg. Denne gongen var det ei bok å lesa i, ein mobiltelefon, ei lita notatbok og ladaren til mobiltelefonen. Desse tingene måtte eg flytta rundt på fleire gongar fordi det var så dårleg plass.

Det er ingen skap, berre ei kjempetrang sidelomme og så det som er av plass bak setet, men der ligg madrassen (les: liggeunderlaget) til senga. Så når det kjem ei lita vatnflaske, ein meny og ein pysjamas i tillegg så er det så fullt rundt deg av ting at ein føler seg som ein ekstremsamlar... Okei, eg overdriv, men berre bittelitt!

20261116_140459.jpg
Amenity kit

Screenshot_20261116_143731_Flightradar24.jpg
Litt om skroget vi flaug med
 
Skjermen er ganske liten, rundt tolv tommar, men det er meir enn nok av underhaldning å sjå og lytta på. Rett nok er skjermen litt kornete, så ikkje noko som gir den store filmopplevinga. Eg såg forresten filmen "9 to 5" med m.a. Jane Fonda og Dolly Pardon. God underhaldning, dét!

20261116_164854.jpg
Eit bilete for å illustrera skjermstorleiken
 
Tilbake
Til toppen