Reisebrev: Helgetur til Bulgarias hovudstad Sofia

Kristian

'Bittelitt' bonussamledilla
20261010_110457-01.jpg

Det var vår og i lomma brann ein CT, men etter at Amex la om så var dette ein CT av det kjipe slaget: halv pris på ei økonomireise... Etter omlegginga landa eg på at eg ikkje meinte det var verdt å betala for Amex som gir CT for verda rundt i business, i alle fall ikkje per no. Difor tar eg forumet med inn i dei skitne klassar – til livet bak gardina! Sofia-turen vart gjennomført i oktober 2026.

20261009_063015-01.gif
Reiseruta med SAS og TAROM sørover, TAROM og KLM nordover
 
Last edited:
Frå Noreg til Bulgaria – sett frå baki bussen
Målet for både meg og reisefølgjet var å reisa til ein stad vi ikkje hadde vore. Etter søk opp og ned in mente landa vi på Sofia, Bulgaria. Med avreise frå Gardermoen kl. 0800 ein fredagsmorgon så flytta vi kvelden før inn på Radisson hotell- og konferansesenter på Gardermoen (gangavstand til terminalbygget). Reisedagen byrja med å helsa på den tøffe elgen utanfor:
20261009_063015.jpg

Dei fleste av oss har flyge med SAS i økonomi og difor skal eg hoppa over den delen av turen, men eg vil berre nemna at det var veldig høveleg å ha bestilt frukosten til 89 kr for flyginga frå OSL til AMS. Etter to timar var det svært tydeleg at vi var kome til KLMs heimstad:
20261009_095452.jpg

Etter ein halvannan time skulle TAROM, Romanias nasjonale flyselskap, ta oss frå AMS til OTP, ei flyging på nesten tre timar. Igjen traska vi forbi gardina på TAROM-flyet og dumpa ned blant bermen. Eigentleg heilt ordinært, det er jo her flesteparten av flypassasjerane faktisk oppheld seg:
20261009_114135.jpg
20261009_114131.jpg
 
No skal eg ikkje gå ekstremt inn i langtekkelege detaljar frå TAROM i økonomiklasse, men eit par særtrekk er verdt å merka seg. Den eine tingen er at når flyet står på bakken, ved ombordstiging og avstiging, blir det spelt ein melodi over høgttalaren i flyet, omtrent like inkjeseiande som den vi høyrer som ventemusikk hos SAS no for tida. Den andre tingen er at TAROM framleis har eit ombordmagasin! Det har eg ikkje sett sidan før pandemien! Så det var koseleg å bla litt i ein trykksak frå eit flyselskap igjen!

20261009_123052-01.jpg
20261009_123209-01.jpg

TAROM har ikkje veldig spennande servering for oss som flyg økonomi, men dei kjem rundt med eit lite beger vatn (0,2 liter) og det er heilt gratis! Så her er det berre å ta føre seg!

Vel framme på OTP hadde vi over tre timar til neste fly skulle gå. OTP er ikkje akkurat ein veldig spennande flyplass, men dei har ein lounge. Ulempen med denne loungen er at han får den gamle innanriksloungen til SAS som var borte ved A12 til å framstå som luksuriøs...

20261009_174148.jpg

20261009_183249.jpg

Siste hoppet frå OTP til SOF vart gjort med ein ATR-72, propellfly. Same sørvis om bord som frå AMS til OTP: vatn i beger til alle i økonomi. Vi landa på SOF i rute kl. 2000 på kvelden, altså elleve timar etter at vi tok av med SAS frå OSL... Det var godt å koma til hotellet, for å seia det slik!
 
Intercontinental Sofia by IHG
Vi gjekk for overnatting på Intercontinental. Der skulle vi bu i tre netter for den nette sum av 6 200 kr. Ved tidlegare reiser har eg alltid tenkt at hotellet er ein stad for soving, resten av tida blir brukt ute for å oppleva, men no har eg fått eit reisefølgje som synst det er verdt å kosta på seg eit nokså greitt hotell, og eg er vel gamal nok til å seia meg samd i at det ikkje er direkte dumt.

20261009_204820.jpg
Ein veldig ålreit slumromat på hotellet

20261009_204844.jpg
Plaskeriet var òg meir enn godt nok på hotellet (med dusj og badekar)

20261009_204836.jpg
Ein liten velkomstpakke som vi sette pris på
 
Trasking og inntrykk frå Sofia
Først av alt må eg skunda meg å seia at eg likte Sofia veldig godt. Her var det store og opne plassar, breie fortau (i alle fall i sentrum) og eigentleg ganske så roleg. Det er definitivt spor av Aust-Europa her, men det skulle no berre mangla all den tid Sofia ligg der byen ligg. I tillegg var vi særleg den første heile dagen superheldige med vêret: 25 grader og sol frå skyfri himmel!

20261010_104852.jpg
Den gamle nasjonalforsamlinga i Bulgaria (rett ved hotellet vårt)

20261010_105407.jpg
St. Clemens av Okhrid-hagen (rett ved hotellet)

20261010_105812.jpg
Framsida av Aleksandar Nevski-katedralen i Sofia
 
20261010_110838-01.jpg
Parken over bulgarske militsmenn

20261010_111341.jpg
Sofia astronomiske hovudpunkt

I dette området var det mogleg å få kjøpt seg både ikonostas og diverse medaljar frå Sovjetunionen. Her var det forventa at ein skulle pruta, men vi opplevde ikkje seljarane som pågåande, vi fekk gå heilt i fred medan vi titta på gjenstandane som var til sals. Det astronomiske hovudpunktet var brukt til triangulering og vart bygd i 1920.
 
Sofia har opptil fleire store bygg, som jo ikkje er så rart all den tid dette er ein hovudstad. Nasjonale funksjonar har fleire store bygg i sentrum av byen.

20261010_112701.jpg
Bygninga som huser Buglarias sentrale valgkommisjon

20261010_113523.jpg
Bulgarias nasjonalforsamling til høgre Bulgarias ministerråd til venstre

20261010_114645.jpg
Bygningen som huser Sofias byrett
 
Litt på slump dumpa vi inn i det som er marknadsført som The red flat. Eg hadde på førehand sett på denne og tenkte at det kunne vera spennande å sjå korleis ein kommunistheim såg ut på 1980-talet.

La meg her koma med ei lita avsporing – type relevant: Mine foreldre kom i prat med eit ektepar som vaks opp og levde i Sovjetunionen. Det kom fram at det var mykje likt i Noreg og Sovjetunionen for folk som var fødd rundt 1950. Til dømes: I begge land hadde den feittfrie mjølka (skummamjølka) blå kork på glasflaskene.

Som de kanskje forstår, eg synst ikkje denne kommunistheimen i Bulgaria var så veldig spesiell. Det raraste var audioguiden til denne 55 kvadratmeter store leilegheita. Det var spelt inn 36 (!!!) lydspor à fire minutt! Og mykje av det som vart sagt var ganske banalt...

20261010_124039.jpg
Eit ekte kommunistisk "rotehjørne"

20261010_124241.jpg
Ein ekte kommunistisk radio og ei ekte kommunistisk lampe

20261010_124526.jpg
Ekte kommunistisk Coca Cola og fjernsynsapparat

20261010_124926.jpg
Heilt ekte kommunistiske kosedyr (m.a. Karlsson på taket?)

20261010_124557.jpg
Lenin er vel faktisk ganske så ekte kommunistisk
 
Etter å ha kommunistifisert oss traska eg i retning Det nasjonale kulturpalasset, på bulgarsk kjent som НДК (NDK). Her er det ein fin park og ein stor fontene. Eg synst det var koseleg å traska litt her.

20261010_150913.jpg
Løva er eit minne over første og sjette marineinfanteriregiment

20261010_151343.jpg
NDK, Det nasjonale kulturpalasset

20261010_154858.jpg
Gamalt og nytt i Sofia (trikkesporvekslarane er framleis manuelle!)

Serdica er eit utgravingsområde som viser Sofias tidlege historie. Det har budd folk i området i 9 000 år. Det var nytt for meg. Serdica er namnet på byen då han var ein del av Romerriket (om eg har forstått det korrekt). Utgravingsområdet ligg ope tilgjengeleg for alle.

20261010_161533.jpg
20261010_161758.jpg
Serdica – i møte med det moderne på overflata
 
Last edited:
20261010_161835.jpg
Like ved Serdica i Sofia sentrum

20261010_162138.jpg
Sofia regionalhistoriske museum

Når eg er på nye stader prøver eg å gjesta eit lokalhistorisk museum for å få eit inntrykk av byen eller området eg er i. Så òg i Sofia. Eg hadde nok ikkje tatt innover meg at Sofia har historie tilbake til omtrent år 7 000 før Kristi fødsel. Det var litt valdsamt!

No hadde eg håpa at Sofia regionalhistoriske museum skulle presentera tida etter 2. verdskrigen og fram til dagens demokrati på ein ryddig og interessant måte, men der vart eg skuffa. Slik sett vart besøket mitt ved museet ganske så effektivt, då, men diverre ikkje så lærerikt som eg hadde håpa.

20261010_164041.jpg
Bulgarske kvinner i fritida (1970-talet) (kunne det ha vore Noreg?)
 
Last edited:
Neste dag tok vi turen ut av Sofia sentrum. Her ser ting litt annleis ut, det er ikkje alle bygg som lenger er like storslåtte som dei kanskje var. Og så er det mange bustadblokker, sjølvsagt.

20261011_112024.jpg
Slikt elskar vi, gjer vi ikkje?

20261011_125754.jpg
Fjernsynstårnet i Sofia

20261011_131759.jpg
Hotell Moskva litt sør for sentrum av Sofia

20261011_145716.jpg
Ei litt sliten, men fullt brukande bustadblokk i Sofia
 
I Tsar Barisov Gradinov-parken ligg Г.У.Ш. (G.U.Sj.). Her kan du klappa på og gi mat til dyra som held til her. Det synst vi var koseleg å gjera. Her møtte vi både esel, alpakka, geiter og andre tøffe krabatar.

20261011_114936.jpg
Du store alpakka!

20261011_115626.jpg
Dette var ein skikkeleg tøffing

20261011_120458.jpg
Endå ein tøffing som likte å få kos

20261011_120949.jpg
Alpakkaar er veldig mjuke i ulla

20261011_121023.jpg
Kanskje dette er min neste hårsveis?
 
Vi tenkte oss ein tur innom Sofia zoologiske hage, men då vi kom fram dit så opna himmelens sluser seg. På laurdagen var det som nemnd 25 grader og sol frå skyfri himmel. Sundagen starta med rundt 20 grader, men overskya. Då regnet kom vart det utriveleg og kjølegare. Så vi rekvirerte ein drosjebil og kom oss nokså tørre tilbake til hotellet.

20261010_165128.jpg
Det er kjekt å kontrollera gammanivået

20261010_165213.jpg
Eit veggmåleri i Sofia sentrum

20261010_165222.jpg
Ehnergetika står det på dette bygget

20261010_172204.jpg
Bulgarias nasjonalbibliotek med St. Kyrillos og St. Methodios foran

20261010_220733.jpg
Kveldsstemning ved hotellet vårt i Sofia
 
Frå Bulgaria til Noreg i økonomi
Igjen skal eg ikkje dvela veldig mykje med sjølve flyreisa, men eg skal stoppa ved eit par nemneverdige punkt. SOF ligg praktisk til med metrotilknyting til sentrum av Sofia. Det tok oss vel omtrent ein halvtime frå hotellet til tryggleikskontrollen.

20261012_105110.jpg
SOF sett frå metroen

Sjølvsagt har ikkje Skyteam-folket loungetilgang på SOF, men reisefølgjet har loungetilgang via kredittkortet så vi kom oss inn på den einaste loungen likevel. Dette var ein fin plass å slå ihel litt tid, særleg grunna utandørsområdet med utsikt rett bort til der alle flya landa og tok av!

20261012_113132.jpg
Flyplasslounge med uteområde og utsikt!

Flyturen heimover gjekk omtrent som reisa sørover. TAROM baud på vatn og ikkje minst var ei nesten tre timar lang mellomlanding på OTP altfor lenge. Eit kvarter hadde vore meir enn nok.

20261012_125719.jpg
ATR-72 frå SOF til OTP

20261012_185815.jpg
737-8 MAX (om eg ikkje har rota det til) på OTP

20261012_192321.jpg
Vel framme på AMS i tidleg kveldsmørke

Vel framme på AMS hadde reisefølgjet fått nok av å sitja i økonomiklassen så han gjekk rett i loungen og bestilte oppgradering med KLM frå AMS til OSL. Prisen kom på 1 000 kr per snute. Reisefølgjet slo til (medan eg var borte i eit anna ærand)!

Det var slett ikkje feil å sitja framføre gardina igjen. Det gjorde godt!

20261012_214235.jpg
Triveleg servering hos KLM frå AMS til OSL

20261009_063015-01.gif
CT-tur for det meste i økonomiklasse

Alt i alt ein fin tur og Sofia fall oss begge i smak!
 
Ein bitteliten etterbrennar
Dette var altså ein CT-billett. For to personar kom dette eventyret på 40 000 poeng for to personar i økonomi. Skattar og avgifter kom på 2 962 kroner. Altså ikkje all verda.

Det skal seiast at sjølv om vi begge har gullkort hos Eurobonus så støytte vi på nokre problem i bestillingsprosessen, særleg med tanke på setereservasjon. Særleg var det vanskeleg å sikra seg gratis sitjeplass hos TAROM. SkyTeam seier på sine sider at det er gratis (finn ikkje den sida akkurat no), TAROM likeså, medan SAS er meir tvitydig. I praksis ville SAS og TAROM ha fleire hundre kroner frå oss for å velja sete langt baki bussen, men til slutt greidde reisefølgjet å snuska til oss sitjeplassar gratis via nettsida til TAROM. Akkurat korleis tør eg ikkje svara på.

KLM og SAS praktiserte prioritert ombordstiging, medan TAROM ikkje ein gong prøvde. Der var det møljeombordstiging på fire av fire flygingar, så det var ikkje noko poeng med gullkort i SAS, akkurat.

Vel-vel, det var no fint å vera i Sofia, i alle fall :)
 
Back
Top