Det var vår og i lomma brann ein CT, men etter at Amex la om så var dette ein CT av det kjipe slaget: halv pris på ei økonomireise... Etter omlegginga landa eg på at eg ikkje meinte det var verdt å betala for Amex som gir CT for verda rundt i business, i alle fall ikkje per no. Difor tar eg forumet med inn i dei skitne klassar – til livet bak gardina! Reiseruta med SAS og TAROM sørover, TAROM og KLM nordover
Frå Noreg til Bulgaria – sett frå baki bussen Målet for både meg og reisefølgjet var å reisa til ein stad vi ikkje hadde vore. Etter søk opp og ned in mente landa vi på Sofia, Bulgaria. Med avreise frå Gardermoen kl. 0800 ein fredagsmorgon så flytta vi kvelden før inn på Radisson hotell- og konferansesenter på Gardermoen (gangavstand til terminalbygget). Reisedagen byrja med å helsa på den tøffe elgen utanfor: Dei fleste av oss har flyge med SAS i økonomi og difor skal eg hoppa over den delen av turen, men eg vil berre nemna at det var veldig høveleg å ha bestilt frukosten til 89 kr for flyginga frå OSL til AMS. Etter to timar var det svært tydeleg at vi var kome til KLMs heimstad: Etter ein halvannan time skulle TAROM, Romanias nasjonale flyselskap, ta oss frå AMS til OTP, ei flyging på nesten tre timar. Igjen traska vi forbi gardina på TAROM-flyet og dumpa ned blant bermen. Eigentleg heilt ordinært, det er jo her flesteparten av flypassasjerane faktisk oppheld seg:
No skal eg ikkje gå ekstremt inn i langtekkelege detaljar frå TAROM i økonomiklasse, men eit par særtrekk er verdt å merka seg. Den eine tingen er at når flyet står på bakken, ved ombordstiging og avstiging, blir det spelt ein melodi over høgttalaren i flyet, omtrent like inkjeseiande som den vi høyrer som ventemusikk hos SAS no for tida. Den andre tingen er at TAROM framleis har eit ombordmagasin! Det har eg ikkje sett sidan før pandemien! Så det var koseleg å bla litt i ein trykksak frå eit flyselskap igjen! TAROM har ikkje veldig spennande servering for oss som flyg økonomi, men dei kjem rundt med eit lite beger vatn (0,2 liter) og det er heilt gratis! Så her er det berre å ta føre seg! Vel framme på OTP hadde vi over tre timar til neste fly skulle gå. OTP er ikkje akkurat ein veldig spennande flyplass, men dei har ein lounge. Ulempen med denne loungen er at han får den gamle innanriksloungen til SAS som var borte ved A12 til å framstå som luksuriøs... Siste hoppet frå OTP til SOF vart gjort med ein ATR-72, propellfly. Same sørvis om bord som frå AMS til OTP: vatn i beger til alle i økonomi. Vi landa på SOF i rute kl. 2000 på kvelden, altså elleve timar etter at vi tok av med SAS frå OSL... Det var godt å koma til hotellet, for å seia det slik!
Intercontinental Sofia by IHG Vi gjekk for overnatting på Intercontinental. Der skulle vi bu i tre netter for den nette sum av 6 200 kr. Ved tidlegare reiser har eg alltid tenkt at hotellet er ein stad for soving, resten av tida blir brukt ute for å oppleva, men no har eg fått eit reisefølgje som synst det er verdt å kosta på seg eit nokså greitt hotell, og eg er vel gamal nok til å seia meg samd i at det ikkje er direkte dumt. Ein veldig ålreit slumromat på hotellet Plaskeriet var òg meir enn godt nok på hotellet (med dusj og badekar) Ein liten velkomstpakke som vi sette pris på