Japan: Med tog frå Sapporo til Nagasaki

Tusen takk for at du ( endelig) deler. Veldig farlig for bestilingsiveren å få se nye deler av Japan kjenner jeg:)

Det har vore ein del her inne som har reist til Tokyo. Difor kan kanskje dette reisebrevet fungere som ein slags inngangsport til resten av Japan. For min del var ikkje Tokyo ein stad eg ville ha dratt tilbake til (meir om det når vi kjem så langt), men resten av Japan kunne eg meir enn gjerne ha besøkt på ny. Lykke til med å halde bestillingsiveren i sjakk (i den grad det er eit mål)! :)
 
Sist redigert:
Fjerde stopp: Kakunodate
Tre timar med tog frå Hirosaki (inkludert eit effektivt togbytte i Akita) ligg ein liten japansk by med namnet Kakunodate. Her hadde vi éi natt.

Vi tusla litt rundt, men kom over eit bryggeri for miso- og soyasaus som heiter Ando og vart etablert i 1853. Vi tusla innom og fekk servert noko som varma godt, misosuppe.

CIMG4204-copy.jpg

CIMG4200-copy.jpg
 
Sist redigert:
Femte stopp: Hiraizumi
Frå Kakunodate gjekk turen vidare til Hiraizumi, to og ein halv time med tog (inkludert bytte i Morioka). Hiraizumi ligg ikkje langs lyntognettet (ikkje som vi fann ut av i alle fall), men vi skulle no innom likevel. Vi hadde berre nokre timar i Hiraizumi, men det var for å sjå eit av dei store templa i Japan, Motsu-ji, som står på verdsarvlista til UNESCO.

CIMG4221-copy.jpg

Området der Motsu-ji ligg er ganske stort, så vi fekk no tusla litt, noko som høvde bra innimellom togturane.

CIMG4223-copy.jpg
 
Om eg ikkje hugsar feil er det slik at innan tradisjonell japansk estetikk er ikkje naturen vakker før han er 'rydda i'. Altså føler ein for å redigere i naturen for at det skal bli fint å sjå på:
CIMG4225-copy.jpg

CIMG4227-copy.jpg

Det er jo ein motsats til kva som er den tradisjonelle oppfatninga her i Noreg, der urørt natur er det aller beste og det aller vakraste som finst.
 
Sist redigert:
Sjette stopp: Nikko og Kinugawa onsen
Etter nokre timar i Hiraizumi, hoppa vi på neste tog som tok oss til Nikko, rett nok med togbytte i Ichinoseki over til lyntog og så eit nytt bytte i Utsunomiya over til litt meir saktegåande tog. Totalt brukte vi tre og ein halv time på denne strekninga, men så fekk vi forflytta oss eit stykka òg:
kart02.jpg

Og berre for oversikten si skuld:
kart03.jpg
 
Sist redigert:
Spennende å se ukjent mark; får ha dette reisebrevet i tankene når jeg får kommet meg nordover i Japan en gang! Er jo svært, men ikke så mange åpenbare reisemål i Tohoku.
Stålsetter meg dog allerede mot PTSD fra overgangen fra lyntog til skranglekassa ut til Nagasaki... :D

Lyntog: På Hokkaido, den nordlegaste øya der Sapporo ligg, finst det ikkje lyntog. Då må du over til Honshu, den største øya der byar som Tokyo, Nagano, Osaka, Kobe og Hiroshima ligg.
De har vel såvidt klart å gjøre ferdig tunnelen over dit nå. Men du kommer fortsatt ikke særlig langt. Og wikipedia sier at lyntoget ikke kommer helt til Sapporo før 2031... ikke særlig lynkjapt! :p
 
Nikko:
Berre nokre få små timar med tog unna Tokyo (mellom to og tre timar) ligg verdsarvstaden Nikko.

CIMG4264-copy.jpg

Her skulle vi bu to netter og planen var fullstappa. Nikko er vel verdt turen når ein først er i Japan, men det kan bli litt folksamt i helgene all den tid det ligg så nært Tokyo.
 
Som sagt står Nikko på UNESCOs verdsarvliste. Det er ikkje sjølve byen, men alle heilagdomane, templane og pagodaane som har ført byen inn på lista. Her kan namn som Toshogu-heilagdomen og Tokugawa Ieyasu-mausoleet nemnast.

CIMG4329-copy.jpg
Brua inn i det aller heilagste

CIMG4333-copy.jpg

CIMG4339-copy.jpg
 
Kinugawa onsen:
Ein kort togtur frå Nikko ligg Kinugawa onsen. Her ligg to attraksjonar: Edo wonderland og Tobu world square.

CIMG4282-copy.jpg

Edo wonderland viser fram Japans stolte fortid frå Edo-epoken (1603–1868). Wikipedia skriv følgjande:
The Edo period was characterized by economic growth, strict social order, isolationist foreign policies, a stable population, "no more wars", and popular enjoyment of arts and culture.

Edo er òg det gamle namnet på Tokyo. I Edo wonnderland prøver Japan å vise både bygge- og klesskikk med meir:
CIMG4270-copy.jpg
 
Sist redigert:
Tilbake
Til toppen