Reisebrev: Ein slags blåtur — opp og ut i det blå!

Ein heil dag på Flores
Eigentleg skulle turfølgjet bli utvida i går, men grunna sterk vind på Flores vart den medsamansvorne vêrfast på øya Faial i bygda Horta, med nytt fly i dag.

Som vanleg vakna eg tidleg, men då tok eg meg tid til litt teksting heimover, avislesing og generell sløving. Ja, dette er ein sånn ferie og, ved Gud, det har eg hatt behov for!

20241128_083633.jpg
Morgonutsikten frå hotellrommet

Etter frukost køyrte eg meg ein tur til det sentrale platået på øya. Her kika eg kjapt på innsjøane Caldeira Negra (til venstre) og Caldeira Comprida til høgre:
20241128_101058.jpg

Like i nærleiken var det mogleg å gå ein tur så då gjekk eg til eg hadde Corvo (der var eg jo nettopp) i høgre synsrand, Ponta do Albernaz (der var eg første dag) litt meir i midten, og Ilhéu de Monchique (Europas vestlegaste punkt som eg såg retr før eg stakk til Corvo):
20241128_111529.jpg
Ikkje supergod sikt på fototidspunktet

Vegen var ikkje veldig urban:
20241128_115652.jpg

20241128_121357.jpg
Fint å køyra rundt på Flores
 

Attachments

  • 20241128_083633.jpg
    20241128_083633.jpg
    6.4 MB · Visninger: 224
  • 20241128_101058.jpg
    20241128_101058.jpg
    6.2 MB · Visninger: 229
  • 20241128_111529.jpg
    20241128_111529.jpg
    6.7 MB · Visninger: 224
  • 20241128_115652.jpg
    20241128_115652.jpg
    5.9 MB · Visninger: 225
  • 20241128_121357.jpg
    20241128_121357.jpg
    7.1 MB · Visninger: 229
Elles har dagen så langt gått med til å gløtta litt på havet og venta på reisefølgjet. Det har fungert heilt greitt, det. No skal flyet frå Horta til Flores vera på veg, så då er det håp.

20241128_140654.jpg
Atlanteren møter Flores på stadig nye vis
 

Attachments

  • 20241128_140654.jpg
    20241128_140654.jpg
    6.5 MB · Visninger: 231
Resten av dagen gjekk med til rusling og skitprat før middag. Deretter la vi ein liten slagplan for den neste dagen og vips var det snorketid. Det er fint med litt slappe dagar.

20241128_151903.jpg
Santa Cruz das Flores og Flores lufthamn
 

Attachments

  • 20241128_151903.jpg
    20241128_151903.jpg
    7.5 MB · Visninger: 197
Ein dag via sørsida av Flores
Neste dag la vi kursen sørover. Første stopp vart bygda Lajes das Flores. Her var vi innom kulturhuset i bygda, men det stod skilta som museum. Museet var ein krok med gamle bilete av bygda, rundt 12 stykk totalt. Det var merkeleg, men elles tusla vi rundt litt og fotograferte fyret og dei lokale rudolfane.

20241129_104224.jpg
Lajes das Flores

20241129_105009.jpg
Har du fyr, har du løkte' langs din veg

Screenshot_20241201_062017_Gallery.jpg
Rein med slede i Lajes
 

Attachments

  • 20241129_104224.jpg
    20241129_104224.jpg
    6.1 MB · Visninger: 153
  • 20241129_105009.jpg
    20241129_105009.jpg
    4.9 MB · Visninger: 154
  • Screenshot_20241201_062017_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_062017_Gallery.jpg
    1.9 MB · Visninger: 161
Frå Lajes køyrde vi nokre kilometer vidare til Ponta Lopo Vaz. Vi vasa litt med å finna vegen først, men 'straffa' var at vi fekk litt utsikt... Ja, det er eit hardt liv!

Screenshot_20241201_062514_Gallery.jpg
Straffeutsikt

Ponta Lopo Vaz er ein tusletur ned til sjøen. Parkeringa var på 200 m.o.h. og så går ein ned til havet. Det er ikkje spesielt bratt, men tidvis småluftig. Det var ein fin tur, trass i at vi fekk føling med to korte regnskurer då dei passerte oss.

Screenshot_20241201_062646_Gallery.jpg
Strandliv i Ponta Lopo Vaz

Screenshot_20241201_062559_Gallery.jpg
Delar av stien på den 2 km lange strekninga
 

Attachments

  • Screenshot_20241201_062514_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_062514_Gallery.jpg
    1.4 MB · Visninger: 160
  • Screenshot_20241201_062559_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_062559_Gallery.jpg
    1.7 MB · Visninger: 159
  • Screenshot_20241201_062646_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_062646_Gallery.jpg
    1.3 MB · Visninger: 161
Frå Ponta Lopo Vaz var det ikkje lange turen bort til Lajedo. Her vart det nok ein rusletur, òg denne var ganske kort. No var vêret såpass rufsete at vi ikkje såg poenget med å gå altfor langt. I tillegg var underlaget delvis gjørmete, så vi avslutta turen på eit dertil eigna utsiktspunkt:
Screenshot_20241201_063324_Gallery.jpg

Det fine med Flores er at det er mange utsiktspunkt når ein køyrer bil. Desse er merka med eit kikkertsymbol, så det er vanskeleg å ta feil av. Mange av vegane går over høgdedrag og ut på dei ytste pyntane, noko som gir mange kikkertskilt. Vi passa på å stoppa på nokre av desse:
Screenshot_20241201_063436_Gallery.jpg
Eit bilete av Flores utan havet!

Vi avslutta dagen med ein tur innom eit fossefall ikkje langt unna Fajã Grande. Eg hadde vore her før, men ikkje turfølgjet. Det er fint med litt repetisjon:
Screenshot_20241201_063440_Gallery.jpg
 

Attachments

  • Screenshot_20241201_063324_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_063324_Gallery.jpg
    1.5 MB · Visninger: 157
  • Screenshot_20241201_063436_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_063436_Gallery.jpg
    1.5 MB · Visninger: 158
  • Screenshot_20241201_063440_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_063440_Gallery.jpg
    2 MB · Visninger: 159
Ein dag rundt omkring på Flores
Den siste heile på Azoranes vestlegaste øy vart brukt til å køyra litt rundt på øya. Vi tok oss tid til fotografering og litt rusling. Igjen starta dagen med fin utsikt frå hotellrommet:
Screenshot_20241201_064442_Gallery.jpg

Deretter køyrde vi nordover til Ponta Delgada som tok seg pent ut i sola denne dagen. I det fjerne skimta vi Corvo:
Screenshot_20241201_064452_Gallery.jpg

Og så må det hoppast litt:
Screenshot_20241201_064516_Gallery.jpg
 

Attachments

  • Screenshot_20241201_064442_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064442_Gallery.jpg
    1.3 MB · Visninger: 162
  • Screenshot_20241201_064452_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064452_Gallery.jpg
    1.2 MB · Visninger: 162
  • Screenshot_20241201_064516_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064516_Gallery.jpg
    1.3 MB · Visninger: 157
Frå Ponta Delgada nord på Flores la vi turen sørover. Vegen vi valde var ikkje synleg på Google kart, men papirkartet viste ein tynn strek oppover fjellsida. Plutseleg var vi oppe på nesten 600 m.o.h. og kunne sjå mot fyret ved Ponta do Albernaz like ved Ponta Delgado:
Screenshot_20241201_064526_Gallery.jpg
Fyret er ein lys prikk omtrent midt i biletet

Så køyrde vi litt rundt og fotograferte litt. Flores er ganske så nydeleg. Frodig og grønt:
Screenshot_20241201_064739_Gallery.jpg

Screenshot_20241201_064546_Gallery.jpg

Screenshot_20241201_064536_Gallery.jpg
 

Attachments

  • Screenshot_20241201_064526_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064526_Gallery.jpg
    1.1 MB · Visninger: 152
  • Screenshot_20241201_064739_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064739_Gallery.jpg
    1.4 MB · Visninger: 153
  • Screenshot_20241201_064536_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064536_Gallery.jpg
    1.3 MB · Visninger: 159
  • Screenshot_20241201_064546_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064546_Gallery.jpg
    1.5 MB · Visninger: 150
Til slutt tok vi turen til Fajã Grande der vi rusla ut til punktet der ein har god utsikt til Europas vestlegaste ytterkant. Det var fint vêr og rundt tjue grader:
Screenshot_20241201_064559_Gallery.jpg

Vi slappa heilt av og såg på havet:
Screenshot_20241201_064610_Gallery.jpg

Til slutt var klokka der at vi byrja å tenkja på refrenget. Sola kasta eit umiskjenneleg kveldsaktig lys frå seg, i alle fall følte vi for å venda tilbake til hotellet i Santa Cruz das Flores.

Screenshot_20241201_064720_Gallery.jpg
 

Attachments

  • Screenshot_20241201_064559_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064559_Gallery.jpg
    1.8 MB · Visninger: 155
  • Screenshot_20241201_064610_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064610_Gallery.jpg
    1.3 MB · Visninger: 153
  • Screenshot_20241201_064720_Gallery.jpg
    Screenshot_20241201_064720_Gallery.jpg
    1.2 MB · Visninger: 157
Turen heimover frå Flores – med eit lite ekstrasstopp
Neste dag var det på tide å koma seg heimover. Då hadde eg vore på Azorane i ei vekes tid. Det hadde vore ein veldig fin ferietur og ei påminning om at innimellom er det for meg tvingande nødvendig å reisa til ein stad der det eigentleg ikkje er så himla mykje å gjera.

20241201_093604.jpg
Siste titt på utsikten frå hotellrommet

20241201_095821.jpg
Éin av dagens fuglar, men denne var ikkje flygedyktig

20241201_111558.jpg
Fuglen som tok oss frå Flores til Ilha de São Miguel
 

Attachments

  • 20241201_093604.jpg
    20241201_093604.jpg
    6.5 MB · Visninger: 93
  • 20241201_095821.jpg
    20241201_095821.jpg
    2 MB · Visninger: 96
  • 20241201_111558.jpg
    20241201_111558.jpg
    2.6 MB · Visninger: 92
20241201_132620.jpg
Strålande sol på flyplassen ved Ponta Delgada

Frå Flores flaug vi med SATA til Ponta Delgada. Her hadde vi mange nok timar til at vi valde å ta ut leigebil for å sjå eit geotermisk område eit stykke vest på øya. Køyreturen tok litt under éin time kvar veg. Litt hektisk vart det, men det var fint vêr og ålreit likevel. Det geotermiske området låg ikkje langt frå bygda Furnas og heiter Fumarolas Lagoa. Vi traska litt rundt og var òg så heldige at vi fekk helsa på fleire kattepusar som budde i området.

20241201_144550.jpg
Geotermisk kattepus

20241201_145300.jpg
Geotermisk område der pusen over bur

20241201_144852.jpg
Ein fin måte å slå i hel ei altfor lang mellomlanding på

20241201_145841.jpg
Lagoa das Furnas ved det geotermiske området
 

Attachments

  • 20241201_132620.jpg
    20241201_132620.jpg
    2.1 MB · Visninger: 91
  • 20241201_144852.jpg
    20241201_144852.jpg
    7.1 MB · Visninger: 98
  • 20241201_145300.jpg
    20241201_145300.jpg
    7.2 MB · Visninger: 100
  • 20241201_144550.jpg
    20241201_144550.jpg
    1.5 MB · Visninger: 94
  • 20241201_145841.jpg
    20241201_145841.jpg
    6.5 MB · Visninger: 100
Mellomlandinga var lang, frå 1325 til 1940. Det vart jaggu litt tid til å traska rundt i Ponta Delgada, òg, men dette var ikkje ein veldig spennande by, synst eg.

Altså, heilt grei, men eg var nok prega av å vera litt sånn i heimreisemodus, så iveren og eventyrlysten var sikkert ikkje på maksnivå.

Azorane er kanskje ikkje ein stad ein oppsøkjer for å oppleva det urbane, akkurat, det er naturen som sit i førarsetet her.

Så, omtrent då mørket meldte seg på Azorane var det klart for flyet som skulle ta oss frå Azorane inn til fastlandet av Portugal.

20241201_190501.jpg
Det er få eller ingen minner av denne flyturen, eg sov nok

20241201_233111.jpg
Rett i seng på Melia-hotellet rett ved flyplassen i Lisboa
 

Attachments

  • 20241201_190501.jpg
    20241201_190501.jpg
    628.2 KB · Visninger: 83
  • 20241201_233111.jpg
    20241201_233111.jpg
    980.9 KB · Visninger: 81
Etter ei god natt på flyplasshotellet og ein liten rusletur i Lisboa på tidlegføremiddagen så gjekk turen tilbake til flyplassen for å fly British Airways tilbake til gamlelandet. Sidan denne turen har eg faktisk ikkje flyge BA (til dags dato, altså to år etter at denne reisa vart avslutta), men det er ikkje fordi eg ikkje liker BA, altså. Det var god mat og som alltid god service heile vegen heim.

20241202_121618.jpg
British Airways – klar til å fly ein stakkar nordmann heim

20241202_123534.jpg
Menyen frå LIS til LHR

20241202_134235.jpg
Ålreit mat

20241202_171715.jpg
Desserten var heller ikkje til å kimsa av

Screenshot_20241123_055555_Opera.jpg
Til slutt var eg heime i Noreg igjen
 

Attachments

  • 20241202_123534.jpg
    20241202_123534.jpg
    2 MB · Visninger: 93
  • 20241202_134235.jpg
    20241202_134235.jpg
    837.1 KB · Visninger: 83
  • 20241202_171715.jpg
    20241202_171715.jpg
    2.3 MB · Visninger: 91
  • Screenshot_20241123_055555_Opera.jpg
    Screenshot_20241123_055555_Opera.jpg
    141.2 KB · Visninger: 82
  • 20241202_121618.jpg
    20241202_121618.jpg
    5.4 MB · Visninger: 92
Det var ikkje meninga at det skulle ta to år å fullføra dette reisebrevet, men slik vart det denne gongen. Eg har mange gongar tenkt på kor fint det var å få gjesta Azorane etter at eg kom heim. Ja, det var litt kronglete å koma seg til Flores, men eg trur eg måtte så langt ut for å kjenna på den roa eg hadde bruk for på det tidspunktet.

Med dette avsluttar eg reisebrevet med eit lite biletegalleri, nokre av bileta er brukt tidlegare i reisebrevet, medan andre har eg plukka fram frå arkivet og publisert her no for fyrste gong. Takk for alle oppoverretta tommeltottar og kommentarar undervegs!

20241122_105503.jpg
Dette er biletet eg tok den dagen eg landa på Flores

20241123_113336.jpg
Ein flokk sauar som koste seg på Flores

20241124_112956.jpg
Ein pusekatt som fungerte som parkeringsvakt på Flores

20241128_140654.jpg
Det er mykje god havutsikt på Flores og eg liker bølgjer og brenningar!

20241125_154256.jpg
Solskin over brenningane ytst på den nøgne ø

20241125_163342.jpg
Solnedgangsbenken på Corvo

 

Attachments

  • 20241122_105503.jpg
    20241122_105503.jpg
    6.8 MB · Visninger: 93
  • 20241123_113336.jpg
    20241123_113336.jpg
    6.1 MB · Visninger: 93
  • 20241124_112956.jpg
    20241124_112956.jpg
    2.8 MB · Visninger: 92
  • 20241125_154256.jpg
    20241125_154256.jpg
    6.4 MB · Visninger: 97
  • 20241125_163342.jpg
    20241125_163342.jpg
    6.8 MB · Visninger: 91
  • 20241128_140654.jpg
    20241128_140654.jpg
    6.5 MB · Visninger: 97
20241122_105503-jpg.183796

Dette er biletet eg tok den dagen eg landa på Flores
Og så langt kom eg i reisebrevet før eg måtte skifte truse... Takk for ein etterlengta happy ending!
 
Back
Top