Reisebrev: Ein slags blåtur — opp og ut i det blå!

Eit fly som Widerøe har eit par av stod ute og venta på meg. Widerøe har flest Dash-8 100, medan SATA har Dash-8 Q200. Dei er å sjå til ganske like, så eg følte meg heime. SATA opererer med dedikert setetildeling på desse flya, ikkje fritt seteval, men eg greidde å leita meg fram til sete 7D, så alt gjekk bra.

20241125_140526.jpg

Vel om bord var det tid for tryggleiksdemonstrasjon. Vi var to passasjerar. Han andre fekk demo på portugisisk. Eg fekk på engelsk. Aldri har eg følgd så intenst med på ein demo nokon gong, det er nesten sånn at eg svima sv etterpå! Som sagt, god plass i balja:
20241125_140639.jpg
 

Attachments

  • 20241125_140526.jpg
    20241125_140526.jpg
    6.2 MB · Visninger: 220
  • 20241125_140639.jpg
    20241125_140639.jpg
    893.4 KB · Visninger: 201
Last edited:
Godt å se du nyter livet på tur, og det er jo luksus å ha nesten privatfly på tur, ikke ofte det er så få ombord hos WF. God tur videre :)
 
Flyturen frå Flores til Corvo tok rundt ti minutt. Skiltet med setebeltet lyste heile turen, så gåseleveren og sjampanjen kom aldri ut frå tekjøkenet om bord. Det var vel heilt greitt, eg hadde nyss ete lønsj i Santa Cruz.

20241125_142249.jpg
Propellflybilete
 

Attachments

  • 20241125_142249.jpg
    20241125_142249.jpg
    694.7 KB · Visninger: 158
Det er ei stund sidan eg har landa slik at eg kjenner det tar fleire sekund før alle hjula er på bakken. På Corvo var venstre hjul i bakken minst tre, kanskje fem eller sju, sekund før høgre hjul tok i bakken. Åh, det er fint å reisa med småfly!

Vel nede på bakken gjekk turen bort til bagasjeutleveringa som var noko av det mest spartanske eg har sett, med mogleg unnatak av Hoedspruit i Sør-Afrika. Det var eit rilleband (ikkje rulleband, nei) på cirka to meters lengde, men òg ei glipe på cirka ein halvmeter ved sidan av for å berre dytta ut trillekoffertane. Det var eigentleg litt koseleg, det var nesten som på Vadsø flyplass før dei oppgraderte bagasjeutleveringa der.

20241125_142719.jpg
Corvo lufthamn
 

Attachments

  • 20241125_142719.jpg
    20241125_142719.jpg
    3.6 MB · Visninger: 166
Last edited:
Overnatting på Corvo: Gjestehus i Corvo
Frå flyplassen til hotellet var det knappe ti minutt rusling. I rundt 20 grader og ein frisk havbris var det ein ålreit rusletur. Korte avstandar er fint.

På Corvo bur det rundt 450 menneske, så det er ikkje flust med overnattingsplassar. Eg valde meg Joe & Vera’s Vintage til den nette pris av 100 € for to netter. Innsjekken var kjapt unnagjort og vips hadde eg flytta inn her:
20241125_144348.jpg

20241125_144358.jpg
 

Attachments

  • 20241125_144348.jpg
    20241125_144348.jpg
    5.7 MB · Visninger: 167
  • 20241125_144358.jpg
    20241125_144358.jpg
    701.8 KB · Visninger: 153
Dette er flyvning som framkomstmiddel og ikke for luksuriøs opplevelse. Det dukket opp assosiasjoner til gamle Biggles-bøker (det er antagelig ikke mange her som har lest disse, unge som dere er), så jeg blir ikke overrasket om neste etappe er med sjøfly og pilot med lærhjelm. Fortsatt god reise!
 
Ein ettermiddag i Corvo
Med bagasjen parkert rusla eg ut i strålande solskin og rundt tjue varmegrader. Det er ganske fint her ute:
20241125_151831.jpg

20241125_151912.jpg

20241125_151841.jpg

Det er lett å å sjå ut på flystripa på Corvo, men etter at eg landa, så tok det ikkje lang tid før mannen i tårnet gjekk heim i lag med alle dei andre på flyplassen. Det var nemleg 48 timar til neste flyging, så dei tok seg vel ein solid siesta heile gjengen!
 

Attachments

  • 20241125_151831.jpg
    20241125_151831.jpg
    6.3 MB · Visninger: 138
  • 20241125_151912.jpg
    20241125_151912.jpg
    6.7 MB · Visninger: 141
  • 20241125_151841.jpg
    20241125_151841.jpg
    5 MB · Visninger: 132
Ettermiddagen brukte eg til å berre rusla rundt i bygda Corvo. Havet er nært og overalt høyrer ein lyden av brenningane. Det synst eg er fint. Så eg rusla rundt flystripa og berre slappa av og såg meg rundt. Her følgjer nokre bilete:
20241125_152540.jpg

20241125_154203.jpg

20241125_165728.jpg

20241125_163549.jpg

20241125_171010.jpg
 

Attachments

  • 20241125_152540.jpg
    20241125_152540.jpg
    5.8 MB · Visninger: 130
  • 20241125_154203.jpg
    20241125_154203.jpg
    758.1 KB · Visninger: 122
  • 20241125_165728.jpg
    20241125_165728.jpg
    7 MB · Visninger: 136
  • 20241125_163549.jpg
    20241125_163549.jpg
    6.6 MB · Visninger: 135
  • 20241125_171010.jpg
    20241125_171010.jpg
    5.5 MB · Visninger: 131
Ein heil dag på Corvo
Kva gjer ein på Corvo? Det er ærleg talt ikkje så mykje å gjera her, men ein kan gå seg ein tur til det lokale vulkankrateret Caldeirão. Turen går langs ein lite trafikkert bilveg gjennom jordbruksland. Turen er ikkje så lang, cirka halvannan time éin veg, rundt 600 høgdemeter opp. Det var litt skoddete i krateret, men elles fint:
20241126_090848.jpg
Kyr på Corvo

20241126_095855.jpg
Ein kan gå rundt nede i krateret langs merka sti

20241126_112109.jpg
Jordbruksland ved havet på Corvo
 

Attachments

  • 20241126_090848.jpg
    20241126_090848.jpg
    6.4 MB · Visninger: 135
  • 20241126_095855.jpg
    20241126_095855.jpg
    7.4 MB · Visninger: 134
  • 20241126_112109.jpg
    20241126_112109.jpg
    999.7 KB · Visninger: 122
Etter rusleturen følte eg meg så sydlandsk at eg innvilga meg ein solid siesta på to—tre timar. Det var heilt nydeleg å sova eit par timar! Etterpå gjekk eg ut på bølgjejakt igjen:
20241126_170833.jpg

20241126_170739.jpg

Litt nærmare middagstid tusla eg bortom den einaste restauranten på øya. Det var eit lett val, og lette val er dei beste! Ikkje forvirr meg med fakta, takk! Kelnaren var triveleg og maten var ålreit:
20241126_200329.jpg

20241126_193932.jpg
 

Attachments

  • 20241126_170739.jpg
    20241126_170739.jpg
    5.2 MB · Visninger: 130
  • 20241126_170833.jpg
    20241126_170833.jpg
    5.9 MB · Visninger: 131
  • 20241126_193932.jpg
    20241126_193932.jpg
    1.1 MB · Visninger: 124
  • 20241126_200329.jpg
    20241126_200329.jpg
    5.7 MB · Visninger: 128
På nytt opp i det blå, men til kor?
Etter å ha tusla rundt i Corvo, handla frimerke og postlagt frankerte saker, så tusla eg bort til flyplassen. Han er liten og oversiktleg:
20241127_105650.jpg

Det er ganske sterk vind i dag, så SATA informerer:
Screenshot_20241127_115750_Opera.jpg
 

Attachments

  • 20241127_105650.jpg
    20241127_105650.jpg
    5 MB · Visninger: 93
  • Screenshot_20241127_115750_Opera.jpg
    Screenshot_20241127_115750_Opera.jpg
    120.7 KB · Visninger: 84
20241127_123607.jpg

Enn så lenge har eg ikkje gått gjennom tryggleikskontrollen for 20 sekund etter at eg hadde sjekka inn bagasjen kom ei frå bakkemannskapa bort til meg og lurte på kva eg ynskte:
- 1) å fly til Ponta Delgada og så til Flores i morgon
eller
- 2) å fly til Ponta Delgada og så fly heim derifrå på sundag

Eg valde det første, men var det eit godt val? Og kjem flyet seg ned her på Corvo? Flores såg det mørkt ut for grunna sterk sidevind per no, men kapteinen skulle ta eit endeleg val etter å ha landa på Corvo....
 

Attachments

  • 20241127_123607.jpg
    20241127_123607.jpg
    757 KB · Visninger: 86
Flyet som eigentleg skal ta meg til Flores igjen nærmar seg, men det er sterk sidevind der, så kanskje går det ikkje. Her på Corvo kjem vinden langsmed rullebanen, så her skulle det ikkje vera noko problem, sa bakkemannskapet:
Screenshot_20241127_125807_Flightradar24.jpg
 

Attachments

  • Screenshot_20241127_125807_Flightradar24.jpg
    Screenshot_20241127_125807_Flightradar24.jpg
    229.2 KB · Visninger: 86
Det er koseleg når Dash 8 Q200 av rein iver står og hoppar på bakken. Ja, for det var vel av iver etter å fly som gjorde at skroget dansa litt? Det kan ikkje ha vore vinden, vel?

Det brumla godt i motorane då flyet med tre passasjerar tok av, og det var litt risting på veg opp, men ikkje så ille. Det vart eit fint farvel med øya Corvo:
20241127_134525.jpg
 

Attachments

  • 20241127_134525.jpg
    20241127_134525.jpg
    766.8 KB · Visninger: 74
Etter tre—fire minutt i lufta byrja vi på innflyginga til Flores. Eg stramma setetbeltet så hardt at blodsirkulasjonen nesten vart hemma. Det var det god grunn til for dæven døtte kor det rista på tur inn. Ved to tilfelle hamna vi i ei luftlomme som gjorde at eg kjente meg totalt vektlaus. Herregud og fader, det var reine berg-og-dal-banen! Herleg! Og vips var vi trygt nede på Flores:
20241127_135714.jpg
 

Attachments

  • 20241127_135714.jpg
    20241127_135714.jpg
    5.4 MB · Visninger: 76
Overnatting på Flores — igjen
Det vart inga nytenking for min del, så no har eg igjen sjekka inn på INATEL Flores, prisen kom på 500 € for fire netter. Det synst eg var greitt nok og alternativa var ikkje mange, akkurat. Nytt rom, men kliss likt:
20241127_142528.jpg

20241127_142626.jpg
Hotellromutsikten
 

Attachments

  • 20241127_142528.jpg
    20241127_142528.jpg
    5.6 MB · Visninger: 75
  • 20241127_142626.jpg
    20241127_142626.jpg
    6.5 MB · Visninger: 75
Back
Top