Reisebrev: Ein slags blåtur — opp og ut i det blå!

Etappe nummer 1: Opp i det blå 2
BA landa over 30 minutt før rutetid på Heathrow. Det var tydelegvis ei effektiv innflyging. Vel inne ved terminalbygget rusla eg av flyet og etter nokre lange korridorar følte eg meg litt som herr Obstfelder i diktet 'Jeg ser':
Her er så underligt,
Jeg må ha havnet på en feil klode.

Var det slik reisa skulle halda fram?
20241121_131842.jpg
 
Last edited:
Oppe i lyset venta det ein ny tryggleikskontroll. Det viste seg at eg hadde vorte frakta med buss frå terminal 3 til terminal 5 her på Heathrow. Det tok tid å koma seg gjennom 'fast track' fordi systemet måtte ha ein siesta, men til slutt var eg klar for ein fiesta, hadde det ikkje vore for bermen:
20241121_135918.jpg
 
British Airways har fleire loungar på Heathrow terminal 5. Ved nordfløya stod det ein heile hærskare av loungetilsette og sendte folk til sørfløya fordi det var fullt i herberget. Så då gjorde eg som eg fekk beskjed om. Tru om neste fly er blant desse:
20241121_143829.jpg
 
Eit uventa spenningsmoment er bagasjeutleveringa. No har det kome koffertar i 20 minutt, men min, som er prioritert, er enno ikkje å sjå. Korleis skal dette gå? Varför gör dom på detta viset?

Ikkje før eg hadde skrive setningane over, så kom kofferten og krisa var unngått!
 
No er eg innkvartert på Meliā flyplasshotell. Hit tok det fem minutt å gå. For 167 € fekk eg tilgang til eit heilt ålreit krypinn:
20241121_225241.jpg

20241121_225438.jpg

Det store spørsmålet no er når går reveljen i morgon!
 
Last edited:
Etappe nummer 2: Ut i det blå 1
Det vart ei kort natt for revelje nummer 1 gjekk av kl. 0355. Det var faktisk behov for revelje nummer 2 kl. 0410! For ein smerte! Kvifor gjer eg dette mot meg sjølv? Kor i svarten e d vi ska reis? Ska vi reis? Kæm e æ? Koffår e æ? Akk, spørsmåla er så mange og eg er berre éin!

Screenshot_20241122_045531_Clock.jpg
 
Last edited:
Og kva i svarten gjer ein oppe så tidleg på dagen? Jo, eg skulle tilbake til flyplassen. Eg var så trøytt at eg ikkje heilt fann terminal 1 på Lisboa lufthamn (LIS) heilt med ein gong, men det ordna seg då eg berre fekk rista liv i hjernecella. I alle fall sånn delvis. Kvart på fem fekk eg to nye tidspunkt å konsentrera meg om:
20241122_045327.jpg
 
SATA internacional Azores Airlines stiller i dag med ein godt vaksen A320. Sete 1F er ålreit, no er eg spent på kva bermen (heile flyet er økonomiklasse) får tilbod om ein grytidleg fredag morgon. No, etter å ha vore offer for folkemassane i den vanlege tryggleikskontrollen, ser eg at det står 'fast track' på ombordstigningskortet mitt... Akk, nybyrjartabbe! Kva slags billett har eg kjøpt, tru?

Screenshot_20241122_054959_Flightradar24.jpg
 
SATA (utan N) var i dag på tilbydarsida og gav frukost til alle sine passasjerar. Alle! Det var ein gong eit selskap som relanserte sørvis, men det vart vel etter kvart eit mageplask? Hör ni gjökorna, SAS? Frukosten var liten og enkel, men smakte godt og passa fint sida eg byrja å bli småsvolten. Appelsinjuice og vatn ved sidan av:
20241122_065324.jpg
 
SATA har framleis sitt ombordmagasin i stollommene! Det synst eg var triveleg! Her kan ein lesa litt om destinasjonane til selskapet og ikkje minst sjå på rutekart og oversikt over selskap som SATA samarbeider med:
20241122_071256.jpg
20241122_071718.jpg

Kan vi få tilbake ombordmagasina heime, òg? Takk!
 
Back
Top