Reisebrev: Ti dagar i Sør-Afrika (Kappstaden og Krugerparken)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. jan 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    24/11-19: Apartheidbotanikk
    Då vi vakna denne morgonen såg vi at igjen var Taffelberget innhylla i skodde. Ergo vart planen om fjelltur skrota – igjen. I staden bestemte vi oss for å ta den lokale sightseeingbussen til ei samling blomar og plantar.

    Målet var sjølvsagt Kirstenbosch botaniske hage. Hovudføremålet med denne botaniske hagen er å visa fram artsmangfaldet på Kapphalvøya. Dette er sagt å vera det minste økosystemet i verda, men området har det største artsmangfaldet der rundt 70 % av planteartane berre finst på Kapphalvøya.

    Kirstenbosch er svær. Verkeleg stor. På fire timar fekk vi eit greitt overblikk, men vi kunne greitt ha surra rundt der lenger – heilt utan eit snev av botanisk interesse. Det var heller ikkje så mykje folk her, noko som gjorde tida vår i Kirstenbosch ganske så triveleg.
     
    Sonictravel, RoadKing, paron and 3 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00070.jpg
    00071.jpg
    00072.jpg
    00073.jpg
    00074.jpg
    Nokre bilete frå Kirstenbosch botaniske hage
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    I Kirstenbosch ligg det eit ålreit etablissement for inntak av hydrerande og mettande saker, Moyo. Menyen var spennande og maten var god. Eg hadde frykta at dette var ein type matplass som ein gjerne finn ved større turistattraksjonar: Smaklaust og dyrt. Moyo var ingen av delane. Snarare tvert om!

    00078.jpg

    00079.jpg

    00080.jpg

    00081.jpg
    «Uten mat og drikke duger helten ikke»
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00075.jpg
    00076.jpg
    00082.jpg
    00083.jpg Endå fleire bilete frå Kirstenbosch botaniske hage
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Kva så med apartheidbotanikken? Som politisk system levde apartheid frå 1948 til 1994, men fenomenet eksisterte omtrent frå den dagen då den første kvite mann gjekk i land på Kapphalvøya. I Kirstenbosch omgitt av nydelege blomar og trær står eit villnis av mandeltre. Dette er ein hekk planta av Jan van Riebeeck. Han var utsendt frå Det nederlandske austindiakompaniet. 6. april 1652 gjekk van Riebeeck og hans menn i land og grunnla med dette Kappkolonien:
    Etter at britane okkuperte området, vart huset ved van Riebeecks hekk seld til den engelske anglikanske kyrkja. På veggane i det som hadde vore daglegstova til van Riebeeck dukka det opp stadig nye portrett av sjølvhøgtidelege kvite menn. I 1986 flytta det inn ein erkebiskop som ikkje var kvit. Han var svart. Namnet? Desmond Tutu. Han uttalte:
    00077.jpg

    Neste episode: Taffelberget.
     
    Last edited: 30. jan 2021
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Blunderen er no korrigert :)
     
    Earl liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Då så! Neste gong skal eg by meir på meg sjølv – til kvithaiane! :)
     
    WannaBeFrequentFlyer and Earl like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    24/11-19: Trehogst som miljøvern på Taffelberget
    Medan sola skin over heile Kappstaden kan Taffelberget, det 1 086 meter platåfjellet som ruvar over byen, vera totalt innhylla i skodde. Slik var det òg den føremiddagen i vi tusla rundt i Kirstenbosch. Ikkje lenge før lønsj kika sola fram og vi vart fysne på frisk fjelluft. Vi er då trass alt det som danskane kallar fjellaper.

    Det var berre å hoppa på den lokale sightseeingbussen igjen og etter ein solid omveg byrja vi å nærma oss taubanestasjonen som skulle ta oss til nye høgder. Det er sjølvsagt mogleg å bruka ein av dei mange stiane opp til toppen av Taffelberget, men vi gjekk for taubanen som ikkje kosta all verda.
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00090.jpg
    Skodda har letta frå Taffelberget

    00091.jpg
    Utsikt utover Kappstaden frå taubanestasjonen
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eit militært sidesprang
    00092.jpg

    Lion’s head og nokre russiske gakk-gakk-ar

    Medan vi stod i kø og venta på at det skulle bli vår tur til å få plass på taubanen kom det eit par bussar opp til same område. Ut ramla det ein haug med russiske marinegastar som dreiv iherdig fotografering. Var det Nordflåten som hadde køyrd seg vill?

    Det viste seg at hordane av matrosar høyrer til kryssaren «Marsjal Ustinov» som ganske riktig høyrer heime i Nordflåten og har base i Severomorsk, nokre få eigedomsmeklarsteinkast frå Aust-Finnmark. Fartøyet skulle delta i ei militær øving der både Kina, Russland og Sør-Afrika var med. I alle fall kunne Internett fortelja oss dette.

    Vel, det vart no vår tur og vi gjekk om bord taubanen som vart litt av ein opptur:
    00093.jpg
    Taubanen opp til platået på Taffelberget
     
    Sonictravel, Earl, RoadKing and 3 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Fjellaper på Taffelberget
    00094.jpg
    Mange, både lokale og tilreisande, oppsøkjer Taffelberget

    Taffelberget er eit platåfjell. Vi fann oss eit kart og tenke at å rusla ein runde var ein god idé. På eit eller anna tidspunkt tok vi nok til høgre då vi skulle ha tatt til venstre – eller omvendt. Det gjorde at vi til slutt nådde fram til Maclear’s Beacon, som er det høgste punktet på Taffelberget med sine 1 088 m.o.h. For all del, det var ein fin tur, men klokka gjekk! Då vi var tilbake ved taubanen var sola på veg ned. Ikkje for det, bileta vart fine.

    00095.jpg
    På veg rundt oppå platået på Taffelberget
     
    Sonictravel, Earl, RoadKing and 4 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00096.jpg
    Maclear’s Beacon, 1 088 m.o.h.

    Så fort vi kom ut av hovudløypa for turgåing som ligg nærmast taubanen var vi omtrent åleine. No har eg budd (altfor?) mange år i Aust-Finnmark og er for det meste vand til å ha naturen for meg sjølv. Slik sett var det for meg veldig fint å få nyta Taffelberget utan at det var særleg mange menneske rundt meg.
     
    Sonictravel, Earl, RoadKing and 3 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00097.jpg
    Stort sett tydelege og godt merka stiar på Taffelberget

    00098.jpg
    Tidvis flott utsikt utover havet frå Taffelberget
     
    kjeeli, Sonictravel, Earl and 5 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Skoghogst som miljøvern på Taffelberget
    Det er registrert over 2 200 sjeldne plante- og blomeartar på Taffelberget, mange av dei finst ingen andre plassar. Både i 2005 og fleire gongar etterpå stod omtrent heile fjellet i brann. Kor mange av dei sjeldne artane har overlevd? På grunn av dei mange brannane bestemte minister for vatn og skog, Ronnie Kasrils, og minister for miljøvern, Mohammed Vallie Moosa, får å hogga ned alle trea på Taffelberget.
    Det vart sett i gong eit hogstprosjekt som skapte fleire titals tusen arbeidsplassar. Etter at trea var hogd ned skulle naturen sjølv få ordna opp, var tanken. Den lokale buskveksten, fynbo, skulle få koma tilbake til Taffelberget.

    00099.jpg
    Det trefrie Taffelberget
     
    Sonictravel, Earl, RoadKing and 3 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Solnedgangen sett frå Taffelberget
    00100.jpg

    Solnedgangen sett frå Taffelberget

    00101.jpg

    Solnedgangen sett frå Taffelberget
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha fotografert solnedgangen på alle moglege og umoglege vis oppdaga vi at klokka var meir enn ho kanskje burde vera. Det var på tide å koma seg ned frå fjellet og tilbake til hotellet.

    Ifølgje diverse kjelder som reisefølgjet hadde gløtta på var området mellom Taffelberget og hotellet ikkje det beste å rusla rundt i på natta (=etter mørkets frambrot). Dette hadde ikkje eg fått med meg, men vi undersøkte om det var mogleg å få fatt i ein drosjebil då vi gjekk av taubanen. Den siste drosjen vart praia rett framom augo våre, så då gjekk vi.

    I raskt tempo brukte vi cirka éin time på å gå til hotellet – og det gjekk bra. Om det var flaks? Eg veit ikkje, men eg hadde ein tanke om at dersom det dukka opp ein ranar skulle eg «mista» pengane mine ned på gata og springa til helvete vekk. Ein ganske sjuk tanke, eigentleg.

    Denne dagen hadde vi rusla 27 000 skritt. For oss som målar avstand i kilometer er skritt ei fullstendig ubrukeleg måleeining.

    00102.jpg
    Sjokoladekake til dessert

    00103.jpg
    Utsikt mot Taffelberget frå hotellet

    Neste episode: Ein flytur! Utan kube!
     
  17. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,907
    Likes mottatt:
    12,893
    Bonuspoeng:
    183
    Nå har lest oss opp til dagens status, og gleder oss til fortsettelsen. Dette vekker til live 11 år gamle minner. Dette var før Bonusfeber og IF, så vi var med norsken, svensken og dansken på en større rundtur i Sør Afrika, deri innlagt fire dagers stopp i CapeTown. Vi rakk å få med oss de fleste av stedene dere besøkte, men med langt færre flotte bilder, så takk for at du deler dine inntrykk visuelt og verbalt!
     
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    25/11-19: Frå CPT til HDS
    Etter ein betre frukost denne måndagsmorgonen gjekk turen til flyplassen. Både ein ny flyplass og eit nytt flyselskap stod for tur. Og målet for dagen er eit område som skulle gi opplevingar for livet.

    00200.jpg
    Frå Kappstaden til Hoedspruit

    Reiseruta i tekst:
    - Selskap: SA Airlink (4Z)
    - Rute: SA8657
    - Fly: E190
    - Frå–til: Kappstaden (CPT)–Hoedspruit (HDS)
    - Flytid: 2 timer og 20 minutt
     
    Upsaker, Earl, Sonictravel and 4 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00201.jpg
    Lufthansa og British Airways på CPT

    Innsjekken hos South African Airways, som tar seg av reisande med SA Airlink, gjekk kjapt og greitt. Deretter rusla vi litt rundt på flyplassen og glana på livet både ute og inne. Deretter vart det vår tur og vi fekk gå om bord.

    00202.jpg
    Venting blant bermen på CTP

    00203.jpg
    Menzies i sving på CPT. Bak står reisefølgjets våte draum: BA

    00204.jpg
    Vår E190
     
    Upsaker, Earl, Sonictravel and 4 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Sjølv om vi skulle på ein nokså luksuriøs tur, gjekk flyreisa med SA Airlink føre seg i bermeklasse. Det betydde ikkje at vi gjekk svoltne og tørste derifrå, tvert om! Og fekk vi servert ein kube? Nei, langt derifrå! Og smaken? Ikkje så verst, faktisk.

    00207.jpg
    Servering både til reisebrevforfattaren og reisefølgjet

    00208.jpg
    Servering både til reisebrevforfattaren og reisefølgjet

    00205.jpg
    Stryk på knyttnevetesten

    00209.jpg
    Vel framme på Hoedspruit lufthamn

    Samanlikna med CPT er HDS meir for eit skur å rekna. Her finst ikkje noko bagasjeband, så ikkje ulikt ein del flyplassar på kortbanenettet heime i Noreg. Bagasjen vart rulla ut på golvet i ein faderleg fart. Med koffertane i hende gjekk turen bort til bilen og vår sjåfør som skulle ta oss inn i Kruger nasjonalpark.

    Neste episode: Eit blikk på ein lett luksuriøs safari.
     
    Upsaker, Liza, funkenstein and 7 others like this.

Del denne siden