Det vart ein roleg ettermiddag på Flores, berre litt mat og avslapping, men det er vel det ein har ferie til? I alle fall er eg stappmett etter ein god banana split:
Ein heil dag på Flores
Eigentleg skulle turfølgjet bli utvida i går, men grunna sterk vind på Flores vart den medsamansvorne vêrfast på øya Faial i bygda Horta, med nytt fly i dag.
Som vanleg vakna eg tidleg, men då tok eg meg tid til litt teksting heimover, avislesing og generell sløving. Ja, dette er ein sånn ferie og, ved Gud, det har eg hatt behov for!
Morgonutsikten frå hotellrommet
Etter frukost køyrte eg meg ein tur til det sentrale platået på øya. Her kika eg kjapt på innsjøane Caldeira Negra (til venstre) og Caldeira Comprida til høgre:
Like i nærleiken var det mogleg å gå ein tur så då gjekk eg til eg hadde Corvo (der var eg jo nettopp) i høgre synsrand, Ponta do Albernaz (der var eg første dag) litt meir i midten, og Ilhéu de Monchique (Europas vestlegaste punkt som eg såg retr før eg stakk til Corvo): Ikkje supergod sikt på fototidspunktet
Elles har dagen så langt gått med til å gløtta litt på havet og venta på reisefølgjet. Det har fungert heilt greitt, det. No skal flyet frå Horta til Flores vera på veg, så då er det håp.
Resten av dagen gjekk med til rusling og skitprat før middag. Deretter la vi ein liten slagplan for den neste dagen og vips var det snorketid. Det er fint med litt slappe dagar.
Ein dag via sørsida av Flores
Neste dag la vi kursen sørover. Første stopp vart bygda Lajes das Flores. Her var vi innom kulturhuset i bygda, men det stod skilta som museum. Museet var ein krok med gamle bilete av bygda, rundt 12 stykk totalt. Det var merkeleg, men elles tusla vi rundt litt og fotograferte fyret og dei lokale rudolfane.
Frå Lajes køyrde vi nokre kilometer vidare til Ponta Lopo Vaz. Vi vasa litt med å finna vegen først, men 'straffa' var at vi fekk litt utsikt... Ja, det er eit hardt liv!
Straffeutsikt
Ponta Lopo Vaz er ein tusletur ned til sjøen. Parkeringa var på 200 m.o.h. og så går ein ned til havet. Det er ikkje spesielt bratt, men tidvis småluftig. Det var ein fin tur, trass i at vi fekk føling med to korte regnskurer då dei passerte oss.
Frå Ponta Lopo Vaz var det ikkje lange turen bort til Lajedo. Her vart det nok ein rusletur, òg denne var ganske kort. No var vêret såpass rufsete at vi ikkje såg poenget med å gå altfor langt. I tillegg var underlaget delvis gjørmete, så vi avslutta turen på eit dertil eigna utsiktspunkt:
Det fine med Flores er at det er mange utsiktspunkt når ein køyrer bil. Desse er merka med eit kikkertsymbol, så det er vanskeleg å ta feil av. Mange av vegane går over høgdedrag og ut på dei ytste pyntane, noko som gir mange kikkertskilt. Vi passa på å stoppa på nokre av desse: Eit bilete av Flores utan havet!
Vi avslutta dagen med ein tur innom eit fossefall ikkje langt unna Fajã Grande. Eg hadde vore her før, men ikkje turfølgjet. Det er fint med litt repetisjon:
Ein dag rundt omkring på Flores
Den siste heile på Azoranes vestlegaste øy vart brukt til å køyra litt rundt på øya. Vi tok oss tid til fotografering og litt rusling. Igjen starta dagen med fin utsikt frå hotellrommet:
Deretter køyrde vi nordover til Ponta Delgada som tok seg pent ut i sola denne dagen. I det fjerne skimta vi Corvo:
Frå Ponta Delgada nord på Flores la vi turen sørover. Vegen vi valde var ikkje synleg på Google kart, men papirkartet viste ein tynn strek oppover fjellsida. Plutseleg var vi oppe på nesten 600 m.o.h. og kunne sjå mot fyret ved Ponta do Albernaz like ved Ponta Delgado: Fyret er ein lys prikk omtrent midt i biletet
Så køyrde vi litt rundt og fotograferte litt. Flores er ganske så nydeleg. Frodig og grønt:
Til slutt tok vi turen til Fajã Grande der vi rusla ut til punktet der ein har god utsikt til Europas vestlegaste ytterkant. Det var fint vêr og rundt tjue grader:
Vi slappa heilt av og såg på havet:
Til slutt var klokka der at vi byrja å tenkja på refrenget. Sola kasta eit umiskjenneleg kveldsaktig lys frå seg, i alle fall følte vi for å venda tilbake til hotellet i Santa Cruz das Flores.
Turen heimover frå Flores – med eit lite ekstrasstopp
Neste dag var det på tide å koma seg heimover. Då hadde eg vore på Azorane i ei vekes tid. Det hadde vore ein veldig fin ferietur og ei påminning om at innimellom er det for meg tvingande nødvendig å reisa til ein stad der det eigentleg ikkje er så himla mykje å gjera.
Siste titt på utsikten frå hotellrommet
Éin av dagens fuglar, men denne var ikkje flygedyktig
Fuglen som tok oss frå Flores til Ilha de São Miguel
Frå Flores flaug vi med SATA til Ponta Delgada. Her hadde vi mange nok timar til at vi valde å ta ut leigebil for å sjå eit geotermisk område eit stykke vest på øya. Køyreturen tok litt under éin time kvar veg. Litt hektisk vart det, men det var fint vêr og ålreit likevel. Det geotermiske området låg ikkje langt frå bygda Furnas og heiter Fumarolas Lagoa. Vi traska litt rundt og var òg så heldige at vi fekk helsa på fleire kattepusar som budde i området.
Geotermisk kattepus
Geotermisk område der pusen over bur
Ein fin måte å slå i hel ei altfor lang mellomlanding på
Mellomlandinga var lang, frå 1325 til 1940. Det vart jaggu litt tid til å traska rundt i Ponta Delgada, òg, men dette var ikkje ein veldig spennande by, synst eg.
Altså, heilt grei, men eg var nok prega av å vera litt sånn i heimreisemodus, så iveren og eventyrlysten var sikkert ikkje på maksnivå.
Azorane er kanskje ikkje ein stad ein oppsøkjer for å oppleva det urbane, akkurat, det er naturen som sit i førarsetet her.
Så, omtrent då mørket meldte seg på Azorane var det klart for flyet som skulle ta oss frå Azorane inn til fastlandet av Portugal.
Det er få eller ingen minner av denne flyturen, eg sov nok
Rett i seng på Melia-hotellet rett ved flyplassen i Lisboa
Etter ei god natt på flyplasshotellet og ein liten rusletur i Lisboa på tidlegføremiddagen så gjekk turen tilbake til flyplassen for å fly British Airways tilbake til gamlelandet. Sidan denne turen har eg faktisk ikkje flyge BA (til dags dato, altså to år etter at denne reisa vart avslutta), men det er ikkje fordi eg ikkje liker BA, altså. Det var god mat og som alltid god service heile vegen heim.
British Airways – klar til å fly ein stakkar nordmann heim
Det var ikkje meninga at det skulle ta to år å fullføra dette reisebrevet, men slik vart det denne gongen. Eg har mange gongar tenkt på kor fint det var å få gjesta Azorane etter at eg kom heim. Ja, det var litt kronglete å koma seg til Flores, men eg trur eg måtte så langt ut for å kjenna på den roa eg hadde bruk for på det tidspunktet.
Med dette avsluttar eg reisebrevet med eit lite biletegalleri, nokre av bileta er brukt tidlegare i reisebrevet, medan andre har eg plukka fram frå arkivet og publisert her no for fyrste gong. Takk for alle oppoverretta tommeltottar og kommentarar undervegs!
Dette er biletet eg tok den dagen eg landa på Flores
Ein flokk sauar som koste seg på Flores
Ein pusekatt som fungerte som parkeringsvakt på Flores
Det er mykje god havutsikt på Flores og eg liker bølgjer og brenningar!