Enkelte små skuffelsar som kan arkiverast med ein kombinasjon av merkelappane i-landsproblem og høge forventningar. Her tenkjer eg fyrst og fremst på turen HND-BKK med Thai i F. Det vart tatt opp bestilling på hovedrett, men serveringa vart amputert og vi fekk kun forrettar (tilsaman to munnfuller).
Det kom ikkje noko forklaring på kvifor, ikkje var der turbulens heller, men eg tok kveldensidan eg var trøtt og hadde bedt om vekking til ein frokost som eg hadde store forventningar til (Stuttfeiten tek frokosten med stort alvor!). Skuffelsen var stor når eg ikkje vart vekt i det heile før det med myndig røyst vart annonsert at hjula står på bakken om 20 min og om ein vennligst kunne feste setebeltet?
Kombinert med innsjekkingskrøll og total mangel på ankomstservice var denne fyrste opplevinga med Thai ein skuffelse rett og slett. Turen i Thai C frå BKK til SIN var mykje triveligare, spesielt med eit smilande crew, tomt nabosete og flightinfo i stereo. Tipp, topp, tommel opp!